Haugesagvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. feb. 2017 kl. 21:35 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugesagvegen sett nordøstover frå Oterholtvegen.
Foto: Roy Olsen (2016).

Haugesagvegen i Bø i Telemark går nordøstover frå Oterholtvegen ved Bø museumOterholt til snuplass i skogen ved elva Juvsåa.

Vegen har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og er omlag 750 m lang. Det ligg sju einebustader langs vegen.

Drygt 150 m sør for enden av vegen finn vi Haugesagfossen i Bøelva der Haugesag låg på 1600-tallet. Det finnes ikkje spor att etter saga no. Fleire stadsnam i området er knytta til sagdrifta og fløytinga: Haugesagvelta ligg like ovafor fossen, Haugesagmoen og Sagmyra ligg på nordsida av vegen.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972.


Koordinater: 59.43034° N 9.04684° Ø