Hegglandsgrend skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. mai 2011 kl. 11:13 av Ida Tolgensbakk (samtale | bidrag) (Pirk.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hegglandsgrend skule var bygd 1863 og vart rive 1913, ny skule vart bygd. Hegglandsgrend noverande skulehus er bygd 1913. Nedlagd som skule 1963 og er i 2011 grendehus.

Hegglandsgrend skulehus (Olav Momrak-Haugan 2007)
Hegglandsgrend skulehus (Olav Momrak-Haugan 2007)

I Fyresdal kommune er det ei lang rekke med skulehus med varierande utforming avhengig av perioden dei vart bygd i. Ei tid vart det bygd med eit langt bislag utanpå tømmerkassa. Seinare vart gangen trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar. Slik er det Åsland 1926, Birtedalen 1922, Breivik 1919 med 1 ½ høgd der det ikkje vart innreidd ovanpå, og Hegglandsgrend 1913 likeeins 1 ½ høgd der det etter kvart vart innreidd bustad/sløydsal ovanpå. Veum 1910 med to høgder der det i den eine delen av 2. høgda var husrom for lærar. Gang langs lengda på huset.

På biletet av Hegglandsgrend skule frå tunsida ser vi inngangen til bustaden til læraren som bislaget til venstre.

I seinare tid har lærarbustaden vore leigd ut privat og skulehuset vore grendehus, i 2011 er det barnehage i grendehuset.


Kjelde

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.