Helge Fæhn: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:


== Liv og verke ==
== Liv og verke ==
Han vaks opp i Skien, der han tok [[examen artium]] på latinlinja i 1938.  
Han vaks opp i Skien, der han tok [[examen artium]] på latinlinja i 1938. Han studerte så teologi ved [[Universitetet i Oslo]] og ved Lunds Universitet i Sverige. Han avla teologisk embetseksamen i Oslo i 1945, og praktisk-teologisk eksamen i 1947. Etter nokra månader som hjelpeprest i [[Furnes prestegjeld]] vart han knytta til Teologisk fakultet som stipendiat, og i 1957 tok han doktorgraden. Avhandlinga ''Ritualspørsmålet i Norge 1785–1813. En liturgisk og kirkehistorisk undersøkelse med særlig henblikk på geistlighetens stilling til tidens reformplaner'' vart starten på eit yrkesliv der liturgien stod i sentrum.
 
Han var ein tid kallskapellan i [[Nes prestegjeld (Akershus)|Nes på Romerike]]. I 1965 vart han så henta attende til universitetet for å arbeide med revisjon av liturgien. Så var han sokneprest i [[Haslum prestegjeld]] ein tid, inntil han vart professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo i 1974. I 1986 pensjonerte han seg, men han var seniorforskar ved UiO til 1988.  


== Folkeminnesamlar ==
== Folkeminnesamlar ==

Sideversjonen fra 8. jun. 2022 kl. 11:22

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Helge Fæhn (fødd 13. desember 1918 i Skien, daud 21. oktober 2008 i Sandvika) var professor og doktor i teologi. Han var heilt sentral i utviklinga av dei nye liturgiane som Den norske kyrkja tok i bruk i 1970- og 1980-åra. Fæhn er óg rekna som ein av dei framste liturgihistorikarane i Norden.

Slekt og familie

Han var son av revisor Paul Fæhn (1883–1977) og Karoline Marie Johansen (1888–1972).

I 1948 vart han gift med organist Ann-Marie Falk (1922–2003), som var dotter av kantor og lærar Alfred Andreas Falk og Anna Kristina Olsson.

Liv og verke

Han vaks opp i Skien, der han tok examen artium på latinlinja i 1938. Han studerte så teologi ved Universitetet i Oslo og ved Lunds Universitet i Sverige. Han avla teologisk embetseksamen i Oslo i 1945, og praktisk-teologisk eksamen i 1947. Etter nokra månader som hjelpeprest i Furnes prestegjeld vart han knytta til Teologisk fakultet som stipendiat, og i 1957 tok han doktorgraden. Avhandlinga Ritualspørsmålet i Norge 1785–1813. En liturgisk og kirkehistorisk undersøkelse med særlig henblikk på geistlighetens stilling til tidens reformplaner vart starten på eit yrkesliv der liturgien stod i sentrum.

Han var ein tid kallskapellan i Nes på Romerike. I 1965 vart han så henta attende til universitetet for å arbeide med revisjon av liturgien. Så var han sokneprest i Haslum prestegjeld ein tid, inntil han vart professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo i 1974. I 1986 pensjonerte han seg, men han var seniorforskar ved UiO til 1988.

Folkeminnesamlar

I 1957 sendte Helge Fæhn ut spørjeliste NEG 67 med emne skikk og bruk ved gudstjenesten og ved de kirkelige handlinger for Norsk etnologisk gransking.

Litteratur og kjelder

  • Aarflot, Andreas: Helge Fæhn i Norsk biografisk leksikon.

Mal:Spire1