Hemsedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mar. 2014 kl. 09:34 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (viktug informasjon)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hemsedal
0618 Hemsedal kommune.png
Basisdata
Kommunenummer 0618
Fylke Buskerud
Kommunesenter Trøim
Areal 38.77  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 38.77  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1897
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Mal:Thumb høyre Hemsedal kommune ligg i Buskerud fylke og er den nørdste kommunen i fylket. Kommunen vart utskilt frå Gol og Hemsedal kommune i 1897, og har grenser mot Buskerudkommunane Ål i sørvest og Gol i sørøst. I tillegg grenser Hemsedal i nordvest mot Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og i nordøst mot Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang i Oppland fylke. Med 2 215 innbyggjarar (2012) er Hemsedal ein av dei minste kommunane i Buskerud, og den minste i Hallingdal etter Flå kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Trøim (eller Trøym), som hadde 774 innbyggjarar i 2012. Elles bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar kommunen til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Gol prestegjeld. Innbyggjarane i kommunen kallast hemsedølar.

Ålment

Geografisk fell kommunen saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen og kommunen namnet sitt. Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringa er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).

Kommunen har hatt praktisk tala dei same grensene sidan han vart oppretta i 1897 - einaste grenseendringa føre 1996 var at det ubebodde området Jallestølen vart overført frå Ål kommune til Hemsedal kommune i 1979.

Kommunevåpenet syner eit gullfarga gaupehode mot raud bakgrunn, og kjem av at det finst gaupe i kommunen. Våpenet vart godkjent i 1992.

Hemsedal har frå gamalt av hatt mykje samkvem over fjellet med Vestlandet, særlig med dei næraste bygdene i indre Sogn. I mellomalderen høyrte heile Hallingdal til Gulating, og dalen låg til Stavanger stift fram til 10. april 1631, då det vart lagt under Christiania stift.

Hemsedal hadde opphavleg ei stavkyrkje, men nye Hemsedal kyrkje vart bygd i 1882.

Tusenårsstaden i Hemsedal kommune er Klokkarsteinen, ein stein som ligg halvvegs uti Hemsil ved Fossheim på Ulsåk. Tre ulike segn fortel om korleis steinen havna der.

Kjente hemsedølar

Kjelder

Eksterne lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!