Hemsedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mar. 2014 kl. 14:37 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (nynorsk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hemsedal
0618 Hemsedal kommune.png
Basisdata
Kommunenummer 0618
Fylke Buskerud
Kommunesenter Trøim
Areal 38.77  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 38.77  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1897
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Hemsedal kommune ligg i Buskerud fylke og er den nørdste kommunen i fylket. Kommunen vart utskilt frå Gol og Hemsedal kommune i 1897, og har grenser mot Buskerudkommunane Ål i sørvest og Gol i sørøst. I tillegg grenser Hemsedal i nordvest mot Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og i nordøst mot Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang i Oppland fylke. Med 2 215 innbyggjarar (2012) er Hemsedal ein av dei minste kommunane i Buskerud, og den minste i Hallingdal etter Flå kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Trøim (eller Trøym), som hadde 774 innbyggjarar i 2012. Elles bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar kommunen til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Gol prestegjeld. Innbyggjarane i kommunen kallast hemsedølar.

Ålment

Geografisk fell kommunen saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen og kommunen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang».[1] Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringa er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).

Kommunevåpenet syner eit gullfarga gaupehovud mot raud bakgrunn, og kjem av at det finst gaupe i kommunen. Våpenet vart godkjent i 1992.

Talemålet i Hemsedal er frå gamalt av stort sett likt målet i dei andre Hallingdalsbygdene, med nær skyldskap til Valdresmålet. Det er eit typisk midlandsmål med felles austnorske drag som jamvekt, tjukk l og lågtone, og alderdomlege trekk som forskjellig bøying av sterke og linne hokjønnsord, dativsbøying av substantiv og fleirtalsbøying av verb. Eit typisk trekk for Hallingmål (og Valdresmål) er at norrøn -rn- har vorte differensiert til -dn- i formar som høddn (horn) og hæstadn (hestene), dette heng saman med dialektane i indre Sogn. I Hemsedal blir dette somme gonger til -tn-.

Historie

Ifylgje lokalhistorikaren Hans Flaten må Hallingdal ha vore tynt folkesett i forhistorisk tid, fordi folk i dalen ikkje er nemnd i Heimskringla. Det er funne gjenstandar frå steinalderen i Hol og Vang, og det er derfor sannsynleg at det budde folk også i Hemsedal på denne tidi.[2] Det er også blitt funne trekol i bygda, det eldste er frå 200- og 300-talet, noko som vitnar om jernutvinning i området.[3]

Som i Valdres og Telemark trur ein at den fyrste innvandringa skjedde frå Vestlandet, sidan kyststrøka vart folkesett føre innlandsstrøka.[4] Hemsedal har også seinare hatt mykje samkvem over fjellet med Vestlandet, særlig med dei næraste bygdene i indre Sogn. I mellomalderen høyrte heile Hallingdal til Gulating, og dalen låg fyrst til bispestolen i Selja, så til bispestolen i Bergen. I tidi 1111-1122 oppretta så kongene Øystein og Sigurd Jorsalfar bispestolen i Stavanger, der Hallingdal høyrte under fram til 10. april 1631, då det vart lagt under Christiania stift.[5]

Hemsedal hadde opphavleg ei stavkyrkje, men nye Hemsedal kyrkje vart bygd i 1882.

Kommunen har hatt praktisk tala dei same grensene sidan han vart oppretta i 1897 - einaste grenseendringa føre 1996 var at det ubebodde området Jallestølen vart overført frå Ål kommune til Hemsedal kommune i 1979.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i Hemsedal kommune er Klokkarsteinen, ein stein som ligg halvvegs uti Hemsil ved Fossheim på Ulsåk. Tre ulike segn fortel om korleis steinen havna der. Eitt av dei er attgjeve hos Flaten:

Hemsedal som de fleste andre bygder har sine sagn om St. Olav. Han steg med ene foten paa Grøtenuten og med den anden paa Storehødn. Han hadde i fanget en stor sten, som han slap ned i Heimsil ved Ulsaaker. Stenen sprak sund i faldet, men ligger der endnu og kaldes Klokkarstenen. At den fik det navn, gik saa til, siges der: Kirkeklokkerne i Hemsedal har saa vén klang, at man, syntes, de var alt for gode for en liten fjeldbygd. De skulde kjøres til Drammen. Som man kom isveien med dem til St. Olavsstenen, blev klokkerne med ét saa tunge, at hesten ikke kunde rikke dem av flekken. Man satte for en hest til, men det munte ikke. Man skjønte aarsaken og snudde. Tilbake dro en to aars fole dem.[6]

Folketalsutvikling

Tidspunkt og kjelde Folketal
Skattematrikkelen 1647 (anslagsvis)[7] 400
Folketeljinga 1769[8] 1 040
Folketeljinga 1801 1 154
Folketeljinga 1815 1 245
Folketeljinga 1825 1 374
Folketeljinga 1835 1 626
Folketeljinga 1845 1 775
Folketeljinga 1855 1 732
Folketeljinga 1865 1 609
Folketeljinga 1875 1 623
Folketeljinga 1891 1 499
Folketeljinga 1900 1 420
Folketeljinga 1910 1 364
Folketeljinga 1920[9] 1 358
2012 2 215

Ved folketeljinga i 1769 budde det 1 040 menneske i Hemsedal. I perioden fram mot folketeljinga i 1845 aukte folketalet i Hemsedal, og det året budde det 1 775 personar i bygda. Sidan byrja for alvor utvandringa til Amerika, og ifylgje lokalhistorikaren Hans Flaten utvandra til saman 1 008 menneske frå Hemsedal som er registrerte i ministerialbøkene. Han rekna dessuten med at kanskje eit hundretal menneske kunne ha utvandra uten å ha vorte registrert der.[10] Det største utvandringsåret i historia om bygda var 1861, då heile 173 menneske utvandra. Flaten skriv det fylgjande:

Det siges, at man saa tydelig at kirkealmuen i Hemsedal hadde minket. Grunden er vel den store misvekst aaret før, flomaaret 1860, da bygden maatte kjøpe alt korn baade til føde og frø. ... Brukene Kroken, Bækkedal, Leirehaug, Haugssletten, Harahaug har siden staat øde.[11]
Periode Antal utvandrarar til Amerika[12] Merknader
1845 27 Ifylgje Flaten var desse dei fyrste utvandrarane frå Hemsedal til Amerika.
1846-1850 43
1851-1855 76
1856-1860 43
1861-1865 203 Dei fleste av desse, 173, drog frå Hemsedal i 1861.
1866-1870 117
1871-1875 52
1876-1880 98
1881-1885 112
1886-1890 97
1891-1900 65
1901-1913 75 Siste familien drog i 1903.

Kjente hemsedølar

Galleri

Referansar

  1. Flaten 1914, side 6.
  2. Flaten 1914, side 6.
  3. HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  4. Flaten 1914, side 6.
  5. Flaten 1914, side 6-7.
  6. Flaten 1914, side 9.
  7. Henta frå HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  8. Tala frå 1769 til 1910 er henta frå Flaten 1914, side 94. Flaten oppgjev årstalet 1890, men visar truleg til folketeljinga 1891.
  9. Henta frå HemsedalWikipedia på bokmål og riksmål.
  10. Flaten 1914, side 94.
  11. Flaten 1914, side 93.
  12. Tala er henta frå Flaten 1914, side 92-94.

Kjelder

Eksterne lenkjer