Hengebruvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mar. 2018 kl. 20:55 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hengebruvegen med Tjønntveit bru sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Hengebruvegen i Bø i Telemark går nordover frå Seljordvegen ved Tjønntveit til Vreimsida ved Skruverud. Den kryssar Bøelva på Tjønntveit bru.

Vegen har namn etter Tjønntveit bru som er ei 60 m lang hengebru og går gjennom jordbrukslandskap. Den er omlag 670 m lang og utan fast dekke.

Hengebruvegen har tidlegare hatt namnet Ferjevegen på folkemunne. Før det kom bru der, drog folk seg over på ein flåte, ei slag primitiv ferje.

«Hengebrua» like ved er og namnet på ei mykje bruka badestrand på nordre elvebredd.

Kjelder


Koordinater: 59.40755° N 8.95844° Ø