Hindholmen (fiskeskøyte 1916): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(bildetekst)
Linje 14: Linje 14:
|Bilde=Hindholmen2.jpg
|Bilde=Hindholmen2.jpg
|Bilder=Fil:Hindholmen.jpg
|Bilder=Fil:Hindholmen.jpg
|Bildetekst={{byline|Stiftinga Hindholmen}}
}}
}}



Sideversjonen fra 9. jan. 2015 kl. 08:31

Stiftinga Hindholmen
Hindholmen2.jpg
Foto: Stiftinga Hindholmen
Registeringsnummer M-16-VD
Egennavn: Stiftinga Hindholmen
Båttype kutter av jern
Lengde 109,8 fot
Største bredde 585 fot
Antall rom 1
Byggeår 1916
Båtbygger: Kristiansand Verksted
Framdriftsmidler: Motor
Motortype Wichmann 3AC 240hk
Kommune Kristiansand kommune
Nåværende eier: Stiftinga Hindholmen


Fiskebåten «Hindholmen» (M/S Hindholmen LECS) vart bygt ved Kristiansand Verksted i 1916. Skroget er av stål. Lengda var 109 fot, brutto 143 tonn. I 1930 var Hindholmen forlenga til 116 fot.

Eigarar

Roald havfiskeselskap frå 1916, Ålesund Fiskeriselskap frå1918, Brødrene Svinø 1923, Aarsethreiarlaget på Vartdal 1941, Hindholmens venner (HHV) 1980 og Stiftinga MS Hindholmen (SHH) 1994.

Då HHV tok over i 1980, vart det i samråd med fylkeskonservator i M&R, semje om å bruke 1950 åra som utgangspunkt for restaureringa. Store omveltningar i fiskeria skjedde nemleg på denne tida. Ved å stoppe opp eit bel ved dette magiske 50-talet, ville ein og få med den historiske utviklinga av fiskeria gjennom heile 1900-talet.

Og her er nokre viktige historiske hendingar: I 1954 vart den gamle dampmaskinen skifta ut med ein tresylindra Wichmann 3AC dieselmotor på 240 HK. Båten gjer eit fart på ca. 9 knop. Samstundes fekk båten nytt styrehus, bestikk og skipperlugar. I 1954 vart det og installert fryseri om bord, og lasteromma vart isolerte. Dette revolusjonerte farts-og bruksområda for eggabåtane, som med eitt vart havgåande båtar, og med det kunne vere borte på fiskeri fleire månader i gongen. Det vart også bygt mannskapsmesse dette året, noko som gjorde det sosiale livet betre ombord.

Fiskeri

Dreiv vintersildfiske fram til 1961. Ved Grønland dreiv han etter kveite, laks, torsk og sei. Ved Færøyane, Shetland og Hebridane; sei, pigghå, håkjerring, rundfisk. Båten var også med på Islandsildfiske, t.o.m. til Afrika på prøvefiske på Ghanakysten har Hindholmen farta.

Galleri

Kjelde

Meir info: www.mshindholmen.no