Hindholmen (fiskeskøyte 1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. aug. 2013 kl. 05:58 av Cnyborg (samtale | bidrag) (legger om bildelinje i mal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stiftinga Hindholmen
Hindholmen2.jpg
Registeringsnummer M-16-VD
Egennavn: Stiftinga Hindholmen
Båttype Skøyte
Lengde 3347 fot
Største bredde 585 fot
Antall rom 1
Byggeår 1916
Båtbygger: Kristiansand Verksted
Framdriftsmidler: Motor
Motortype Wichmann 3 AC
Kommune Kristiansand kommune
Nåværende eier: Stiftinga Hindholmen

M/S Hindholmen LECS

Fiskebåten Hindholmen vart bygt ved Kristiansand Verksted i 1916. Skroget er av stål. Lengda var 109 f, bto.143 t. I 1930 var Hindholmen forlenga til 116 f. EIGARAR: Roald havfiskeselskap frå 1916, Ålesund Fiskeriselskap frå1918, Brødrene Svinø 1923, Aarsethreiarlaget på Vartdal 1941, Hindholmens venner (HHV) 1980 og Stiftinga MS Hindholmen (SHH) 1994.

Då HHV tok over i 1980, vart det i samråd med fylkeskonservator i M&R, semje om å bruke 1950 åra som utgangspunkt for restaureringa. Store omveltningar i fiskeria skjedde nemleg på denne tida. Ved å stoppe opp eit bel ved dette magiske 50-talet, ville ein og få med den historiske utviklinga av fiskeria gjennom heile 1900-talet.

Og her er nokre viktige historiske hendingar: I 1954 vart den gamle dampmaskinen skifta ut med ein tresylindra Wichmann 3AC dieselmotor på 240 HK. Båten gjer eit fart på ca. 9 knop. Samstundes fekk båten nytt styrehus, bestikk og skipperlugar. I 1954 vart det og installert fryseri om bord, og lasteromma vart isolerte. Dette revolusjonerte farts-og bruksområda for eggabåtane, som med eitt vart havgåande båtar, og med det kunne vere borte på fiskeri fleire månader i gongen. Det vart også bygt mannskapsmesse dette året, noko som gjorde det sosiale livet betre ombord.

FISKERI: dreiv vintersildfiske fram til 1961. Ved Grønland dreiv han etter kveite, laks,torsk,sei. Ved Færøyane, Shetland og Hebridane; sei, pigghå, håkjerring, rundfisk. Båten var også med på Islandsildfiske, t.o.m. til Afrika på prøvefiske på Ghanakysten har Hindholmen farta.

Meir info: www.mshindholmen.no