Holum skule (Hauglum)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jul. 2017 kl. 11:36 av Magnus Klausmark (samtale | bidrag) (Ny side: Holum skule (Hauglum) i Leikanger kommune tilhøyrde Holum skulekrins. Når Halland og Njøs krinsar b...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Holum skule (Hauglum) i Leikanger kommune tilhøyrde Holum skulekrins. Når Halland og Njøs krinsar blei slått saman rundt århundreskiftet til Nybø skulekrins var Holum saman med Nybø einaste skulekrinsar i nærleiken og på denne sida av fjorden.

Skulehuset

Kor tid skulehuset blei bygd er uvisst, men det stod opprinneleg i Fresvik og tilhøyrde godseigar Hille. Huset blei kjøpt av Leikanger kommune for 650 spesiedalar før det blei rive, sendt til Holum og satt opp på "Klokkargarden" der huset framleis står i dag på andre sida av kyrkja og rett ved vegen. Frå 1876 fungerte huset som skule. Sjølve skulestova befant seg i den vestvendte delen av huset, og resten av huset var bustad for klokkaren med familie.

Andre bruksområde

Etter at det blei slutt på skuledrifta har huset blitt tatt i bruk som kyrkjelydshus.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Aas, Sverre (1994) . Innsyn i den eldste skulesoga i Leikanger. Systrendingen, nr. 2, årgang 2, s. 5.

Njøs, Odd (2002) . Litt om gamle skulehus på Systrond. Systrendingen, nr. 1, årgang 11, s. 5.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder