Ingeborg Håkensen Lindholm

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. aug. 2012 kl. 11:24 av Kallrustad (samtale | bidrag) (korr.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Ingeborg Håkensen Lindholm (fødd 17. desember 1899 i Jostedalen, død 8. juni 1989 i Østre Toten) var dotter av Jetmund Olsen (1875-1960) og Sigrid Nilsdotter Ormberg (1866-1948). Då Ingeborg vaks opp, budde familien som innerstar hjå besteforeldra på garden Ormberg i Jostedalen.

Ho flytta i mellomkrigsåra til NordliaToten, der slektningar frå Jostedalen alt hadde slege seg ned. Ingeborg fekk arbeid som budeie på garden Stor-Nøkleberg og gifta seg i 1941 med Hans Håkensen (1893-1993), oppvaksen i grannelaget. Ekteparet, som fekk sonen Håkon, budde i huset Linnholm (Lindholm) nedanfor Nøkleberg. Hans arbeidde mellom anna som bygningssnekkar.

Kjelder og litteratur