Innherad: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «{{nn.}}» til «nynorsk») |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 14: | Linje 14: | ||
* {{WP-lenke|Innherred|nb}} | * {{WP-lenke|Innherred|nb}} | ||
[[ | [[Kategori:Trøndelag fylke]] | ||
[[ | [[Kategori:Innherred|*]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 16. nov. 2023 kl. 13:23
Innherad nynorsk eller Innherred (bokmål) (preposisjon: «på Innh.») er eit landskap og ein region i Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Kommunesamanslåingar blir stadig diskutert. Uttaleforma i dag er litterær; namnet tyder opprinneleg ‘dei indre herada’. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², fordelt på dei sju kommunane Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran og Leksvik. Innherad grensar til Stjørdalen, Fosen, Namdalen og Jämtland. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.
Tidlegare vart vestdelen av Leksvik (Stranda sokn) rekna som ein del av Fosen i staden for Innherad, medan norddelen av Skatval vart rekna som ein del av Innherad i staden for Stjørdalen.
Eit spesielt interkommunalt samarbeid er utvikla mellom kommunane Levanger og Verdal. Dette blir kalla Innherad samkommune. Samkommunen skal vera eit alternativ til kommunesamanslåing.
Innherredsferja a/s dreiv ferjetrafikk i området. Selskapet vart i 2005 kjøpt av Fosen Trafikklag.
Innherred kystlag held til i området.