Innherad: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
{{Bokmålswikipedia|Innherred}} | {{Bokmålswikipedia|Innherred}} | ||
[[Kategori:Distrikter]] | |||
[[kategori:Nord-Trøndelag]] | [[kategori:Nord-Trøndelag]] | ||
Sideversjonen fra 18. nov. 2007 kl. 14:56
Innherad (nynorsk) eller Innherred (bokmål) er eit landskap og ein region i Nord-Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Kommunesamanslåingar blir stadig diskuterte. Uttaleforma i dag er litterær; namnet tyder opprinneleg ‘dei indre herada’. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², fordelt på dei åtte kommunane Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran, Mosvik og Leksvik. Innherad grensar til Stjørdalen, Fosen, Namdalen og Jämtland. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.
Tidlegare vart vestdelen av Leksvik (Stranda sokn) rekna som ein del av Fosen i staden for Innherad, medan norddelen av Skatval vart rekna som ein del av Innherad i staden for Stjørdalen.
Eit spesielt interkommunalt samarbeid er utvikla mellom kommunane Levanger og Verdal. Dette blir kalla Innherad samkommune. Samkommunen skal vera eit alternativ til kommunesamanslåing.