Innherad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. okt. 2007 kl. 04:04 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: '''Innherad''' (nynorsk) eller '''Innherred''' (bokmål) er eit landskap og ein region i Nord-Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Innherad (nynorsk) eller Innherred (bokmål) er eit landskap og ein region i Nord-Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Kommunesamanslåingar blir stadig diskuterte. Uttaleforma i dag er litterær; namnet tyder opprinneleg ‘dei indre herada’. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², fordelt på dei åtte kommunane Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran, Mosvik og Leksvik. Innherad grensar til Stjørdalen, Fosen, Namdalen og Jämtland. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.

Tidlegare vart vestdelen av Leksvik (Stranda sokn) rekna som ein del av Fosen i staden for Innherad, medan norddelen av Skatval vart rekna som ein del av Innherad i staden for Stjørdalen.

Eit spesielt interkommunalt samarbeid er utvikla mellom kommunane Levanger og Verdal. Dette blir kalla Innherad samkommune. Samkommunen skal vera eit alternativ til kommunesamanslåing.

Mal:Nord-Trøndelag

Mal:Bokmålswikipedia