Jarnes & Krokå Møbel- og Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jarnes & Krokå Møbel- og Trevarefabrikk var en møbelfabrikk i Sykkylven. Utgangspunktet til verksemda var trappeverkstaden som Karl J. Jarnes dreiv. Sonen til Karl, Jon K. Jarnes fekk med seg svogeren Per Krokå, og saman kom dei i gang med trappe- og møbelproduksjon i huset til Karl Jarnes frå januar 1947. Dei delte oppgåvene slik at Per Krokå fekk ansvaret for trappeavdelinga, medan Jon Jarnes tok seg av møbelproduksjonen.

Det gjekk ikkje lang tid frå den formelle skipinga, tidleg i 1947, før verkstadlokala i bustadhuset til Karl Jarnes vart for trange. For å bøte på plassmangelen leigde dei to kompanjongane ei tid snikkarmaskiner ved J.E. Ekornes Fabrikker. Delane vart frakta med hest frå Ekornes-fabrikken til kjellaren på Jarnes.

Karane bak Jarnes & Krokå såg seg ut ei tomt nede ved sjøen der dei ville reise fabrikk. Hausten 1947 henta dei eit fabrikkbygg på Stranda. Bygget vart demontert og reist opp att på Jarnes, i Rongavika. Romjula 1947 kunne det nye fabrikkbygget i tre takast i bruk.

Jon Jarnes hadde framleis hand om den ekspanderande delen, møbelproduksjonen. Heilt frå starten vart det lagt vekt på å lage enkle og robuste bruksmøblar; stolar og sovesofaer. Snart overlet Jarnes & Krokå trappeproduksjonen til to av dei tilsette, som skipa eige firma.

Bedrifta hadde ein stabil arbeidsstokk, og talet på tilsette kom aldri over 20. Fram til 1955 var det i underkant av 10 tilsette, i 1989 var bemanninga 18 personar.

Fabrikkbygget har vore utvida i fleire omgangar. I 1954 kom det første store betongbygget på 12 x 24 meter - først ein etasje, neste året ein etasje til. I 1958 kom eit tilbygg på 10 x 16 meter. Med dette var dei to fabrikkdelane bygde i hop. I 1962 var det trong for enno meir plass. Då kom ei tilleggsfløy på 10 x 12 meter.

Jarnes & Krokå fann ein nisje innan rimelege bruksmøblar. Frå midten av 1980-åra hadde dei kontkt med entreprenørfirmaet Løvenskiold & Vækerø, som mellom anna laga arbeidsbrakker. Desse brakkene vart mellom anna utstyrte med møblar frå Jarnes & Krokå. Det same vart flyktningebustader og hytter.

Verksemda satsa friskt på heiltre furemøblar etter at andre generasjon tok over den daglege leiinga frå årsskiftet 1985/86. Då tok svigersonen til Jon K. Jarnes, Bjørn Henriksen, over som disponent. Kjell Arne Jarnes vart produksjonsleiar. I 1989 vart bedrifta registert som aksjeselskap.

Jarne & Krokå var i ein del av møbelbransjen som var særleg utsett for konkurranse frå lågkostlandet, og tidleg i 1990-åra gjekk lønsemda ned. Etter ei tid med forsøk på omstillingar vart bedrifta lagt ned.

Nokre av dei tilsette i Jarnes & Krokå starta opp Jarnes Møbler i 1996. Dei fekk lokale i industriområdet i Vikøyra og spesialiserte seg etter kvart på leveranser til hotell/restaurant/bar og båtmarknaden. Kolleksjonen bestod av stolar, sofaer og ørelappstolar.


Delar av fabrikkbygget til Jarnes & Krokå vart gjort om til restaurant og selskapslokale. Firmaet som driv dette heiter Verkstaden Bistro og er drive av Bjørg og Lidvar Kurseth.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.