Jens Kraft

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. aug. 2022 kl. 06:37 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jens Edvard Kraft''' (fødd i Kristiansand 22. desember 1784, død i Mandal 21. juli 1853) var jurist og embetsmann. Dei siste tjue åra av sitt liv var han sor…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Edvard Kraft (fødd i Kristiansand 22. desember 1784, død i Mandal 21. juli 1853) var jurist og embetsmann. Dei siste tjue åra av sitt liv var han sorenskrivar i Mandal. Mest kjend er han som litteraturhistorisk bibliograf og topografisk-statistisk forfattar, med storverket Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge som eit ruvande høgdepunkt.

Bakgrunn og familie

Foreldra var skipsreiar og kjøpmann i Kristiansand Even Kraft (1745–1814) og hans andre kone Marie Hielm (1744–1820). Jens Kraft si familiehistorie gjev elles eit interessant tidsbilete av sosialt samrøre, inklusive ekteskapsinngåingar, mellom bondestand, embetsstand og kjøpmannsborgarskap.