Jens Kraft

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Jens Edvard Kraft (fødd i Kristiansand 22. desember 1784, død i Mandal 21. juli 1853) var jurist og embetsmann. Dei siste tjue åra av sitt liv var han sorenskrivar i Mandal. Mest kjend er han som litteraturhistorisk bibliograf og topografisk-statistisk forfattar, med storverket Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge som eit ruvande høgdepunkt.

Bakgrunn og familie

Foreldra var skipsreiar og kjøpmann i Kristiansand Even Kraft (1745–1814) og hans andre kone Marie Hielm (1744–1820). Ho kom frå ein kjøpmannsfamilie i Stavanger. Jens Kraft si familiehistorie gjev elles eit historisk interessant innblikk i sosialt samkvem, inklusive ekteskapsinngåingar, mellom bondestand, embetsstand og kjøpmannsborgarskap.

Faren Even Kraft var fødd i Ringebu i Gudbrandsdalen, son av sersjant Jens Gulsrud og hustru Margrethe Eilertsen (1710–1788). Jens Gulsrud var etter alt å dømme ein yngre son frå garden Gulsrud i Modum.[1] Han vart underoffiser i Gudbrandsdalen, og budde på Trøståkermoen, som var ein av fleire husmannsplassar under Trøståker i Ringebu hovudsokn. Kona Margrethe var dotter til løytnant Ole Eilertsen (bondegut?) og hustru Abigael Kraft. Abigael tilhøyrde ei slekt av offiserar og prestar, som i følgje Ivar Kleiven inkluderte ein sokneprest og tre kapteinar som budde i Ringebu innan tidsrommet 1713–1827, og som «[med di] vart så innlivd millom bygdafolk og i bondekultur, at døm kain reknast for hælvt innfødd Ringbyggjinge'.»[2]

Even Kraft valde altså slektsnamnet sitt frå morssida av familien. Han skal ha vorte oppfostra hjå ein onkel, Caspar Petersen, som var prest i Tveit (nå Kristiansand kommune).[3] Dette kan i så fall forklare kvifor underoffiserssonen frå Gudbrandsdalen hamna i Kristiansand og slo seg opp som kjøpmann og skipsreiar der.

Referansar

  1. Slektshistoriewiki, oppslag «Kraft (slekt)»
  2. Kleiven, I. 1928:262.
  3. Lindstøl, T. 1914. Oppslag «Kraft, Jonas» s. 506.

Kjelder og litteratur