Jo Turtumøygard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom Heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.

Bakgrunn og familie

Jo Turtumøygard var fødd og oppvaksen på garden han har etternamn etter, gnr. 94/2 Turtumøygarden i Nørdre Lia i Lom. Foreldra var brukarar på garden, som mor hans var odelsarving til, og som ho var oppvaksen på. Mora heitte Kari Olsdotter (1863-1957), faren Johannes Johnsen (1856-1947). Han var frå Flatmo i same bygda. Johannes arbeidde som snikkar ved sida av bruket. Jo hadde ein eldre bror, Oluf, som vart lærar i Øyer, og ei yngre syster, Anne, som overtok garden.

Jo gifta seg i 1932 med Hildur Semmingsen (fødd på Tynset 16. mai 1913, død i Lom 1996). Familien hennar budde i Skjåk da ho og Jo trefte kvarandre. Faren var styrar på Skjåk Almennings sagbruk der.

Jo og Hildur fekk to born, Jorunn Kari (fødd 1935) og Arne Pål (fødd 1942).

Skulegang og oppvekstmiljø

Jo gjekk folkeskulen i Nørdre Lia og framhaldsskule i Lom. Også i heimen fekk han tilgang til bokleg lærdom. I eit minneord over Jo Turtumøygard blir det sagt at han vaks opp i «ein ekte folkeopplysningsheim» (Pål Aukrust). Alt i barndomen og i sin tidlege ungdom var Jo engasjert i fråhaldslosje og frilynt ungdomslagsarbeid. Han skreiv mykje i den lokale ungdomslagsavisa Gauken, og fekk inn fleire stykke i Norsk barneblad.

Etter framhaldsskulen hadde han eit år på folkehøgskulen på Dovre (1915-1916), der sambygdingen Olav Aukrust var styrar. Jo Turtumøygard gjekk også på fylkesskulen i Øyer.

Læraren

Turtumøygard fekk lærarpost i heimegrenda (både Nørdre og Søre Lia skular) tidleg på 1920-talet, før han tok lærarutdanning. Han gjekk så lærarskulen på Hamar 1922-1925.

Fyrste stillinga etter lærareksamen var ein vikarpost i Nordberg skule i Skjåk, der han vart verande i seks år. Der trefte han også Hildur, og ekteparet heldt nære band til Skjåk også i åra frametter. Dei skaffa seg hytte på ei lita øy i Pollvatnet nær Pollfoss. Særleg i dei fyrste åra etter krigen vart denne hytta kjend som ein møtestad for ein god vennekrins som mellom andre omfatta Tor Jonsson, Tore Ørjasæter og Sparre Olsen.

I Norske skulefolk er det nemnt at Turtumøygard også hadde vore lærar på Dovre. Det må ha vore etter Nordberg og før han fekk fast stilling i Nørdre Lia frå 1934. I Lia underviste han til 1961, da han vart styrar for Loar skuleFossbergom (sentrum i Lom). Ekteparet hadde da bygd seg ein ny heim der, på grunn kjøpt frå Andvord, rett ved Tor Jonsson-stugu. Heimen kalla dei Turt.

Turtumøygard gjekk av for aldersgrensa i 1965.

Samfunnsengasjement og kulturarbeid

Turtumøygard var gjennom fleire år lærarrepresentant i Lom skulestyre. Han hadde formannsvervet i styret for framhaldsskulen i Lom og i Lom Kooperative Handelslag, og han tok på seg andre samfunnsoppgåver.

Lokalhistorie og kulturarbeid generelt stod hans hjarta nær, og han fekk utretta mykje på dette feltet, særleg i åra etter at han slutta i skulen. Han var i mange år og fram til sin død leiar i Lom Heimbygdslag, dvs. museums- og historielaget som åtte og dreiv bygdemuseet i Presthaugen. Her la han mellom anna mykje arbeid og omtanke i skulemuseet der. På 1980-talet var han engasjert i arbeidet med skulehistoria i Nord-Gudbrandsdalen, i regi av Distriktshøgskulen på Lillehammer.

Kjelder og litteratur

  • Aukrust, Pål: «Jo Turtumøygard» (minneord), i Årbok for Gudbrandsdalen 1984.
  • Kolden, Jon (red. Arnfinn Kjelland): Bygdabok for Lom. Band 2 (2002) side 125. Band 3 (2005) side 453.
  • Norske skulefolk, red. Karl Bakke, Dreyer forlag, Stavanger, 1952.

Eksterne lenker