Johan Turi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Turi.

Johan Turi (18541936) var ein samisk kunstnar og forfattar som blir rekna for å vere den første samiske forfattaren som gav ut verk på samisk.

Den første boka hans, Muitalus sámiid birra, er framleis trulig det mest kjente samiske verket; ho er omsett til over ti ulike språk, blant anna til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.

Ei viktig inspirasjonskjelde for Turi var den danske antropologen Emilie Demant Hatt, som sette han på idéen om å skrive ei bok om samane, og som omsette boka til dansk òg.

Dei siste åra har interessa for Johan Turi auka. Blant anna hadde universitetet i Umeå symposiumet Indigenous author - indigenous authority med Turi som tema i april 2004, og ein film om han hadde premiere i Kiruna den 3. november 2005.

«Helg i Kyrkbyn, Jukkasjärvi».

Bibliografi

  • 1910 - Muitalus sámiid birra
  • 1920 - Sámi deavsttat – samiska texter
  • 1931 - Duoddaris – från fjället

Litteratur

  • Kuutma, Kristin: «Collaborative ethnography before its time : Johan Turi and Emilie Demant Hatt», i Scandinavian Studies, June, 2003

Lenkjer

Mal:Nynorsk Wikipedia