Johanna (jakt 1892)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakt «Johanna»

«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved SålåsundetTustna. Jakta gikk i slofartLofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden.

1892–1937: hardangerjakta

Bygging, mål og kjenneteikn

«Johanna» vart bygd på verftet åt Gjermund T. Øvrevik for eiga rekning i 1892. Båtbyggjaren var Otte Nilsson Ottesen frå SagvågenStord i Sunnhordland. Jakta er kravellbygd i furu.

Etter målebrevet (Kristiansund N., 14.01.1893) var «Johanna» seilskib takla som jagt. Ho vart bygd på Tusteren (Tustna) i 1892. Kjenningsmåla i engelsk fot var 77,5 (lengd), 21,5 (breidd) og 8,5 (djupn). Drektigheita var målt til 79,40 reg.t. brutto og 65,63 netto. Kjenningsbokstavane for «Johanna» var J.S.G.Q. (Seinare vart dei endra til L.I.I.S.)

Eigarskap

Mannskap og segling

1892–1915

1916–1937

Skipper i perioden 1916–1937 var Hans Toresen Gimnes (18771938), som kom flyttande til Dalan under Hals med familien sin da han vart hyra.

I desse åra segla «Johanna» til Lofoten og Finnmarka i slofart. Det nordaustligaste punktet for turane var gjerne Varangerhalvøya. Saltfisken vart teken med til tørking til kleppfisk i Kristiansund og på Tustna.

Torvald Gimnes (19021992), son åt Hans T. Gimnes, var med nordover ein sesong i konfirmasjonsalderen. Det var mykje nytt å løre seg for ein unggut. Ansvaret hans var først og fremst å hjelpe til i byssa, inkludert å ta oppvasken. Dei hadde ein stor stabel kvite krustallerkenar der. Det var ikkje mykje tilgang på ferskvatn ombord, og oppvaskvatnet var sjøvatn med såpe i. Vatnet vart bruka ganske mange gonger før det vart utslege og nytt oppvaskvatn tilordna. Ein gong dei låg ankra i hamn skulle Torvald vaske opp, men vatnet var så lortut at han tenkte det var best å slå det over rekkja. Det gjorde han, men da såg han fleire kvite krustallerkenar segle i sikksakk nedigjennom den klåre sjøen. Det var ingen som sa noko om det etterpå; Torvald visste ikkje om det var fordi ingen oppdaga det eller fordi dei forstod at slike uhell kan hende og at han var flau nok allereie.

1938–1993: motorskipet

Da Erling og Haakon Taftø i Kjørsvikbugen/Hellandsjøen kjøpte «Johanna» den 31. desember 1937 som partsreiarar med ein halvpart kvar, bygde dei ho om til motorskip, og ho gikk i fraktfart i mange år. I 1954 vart «Johanna» forlengd med 15,5 engelske fot til noverande lengd på 93 fot / 28,3 meter.

I 1980 selte brødrene Taftø «Johanna» til Egil Torhus i Mosjøen.

1993– : brigantinen

«Johanna», no med brigantinrigg, ved kai i Oslo
Foto: Olve Utne (september 2009).

Bildegalleri

Kjelder

Lenkjer