Joraand Knutsdotter: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Pirk.)
mIngen redigeringsforklaring
Linje 31: Linje 31:


[[Kategori:Personer fra Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Personer fra Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Fyresdal kommune]]

Sideversjonen fra 29. apr. 2011 kl. 14:12

Gravminne (Olav Momrak-Haugan 2010)
Gravminne (Olav Momrak-Haugan 2010)

Ved Veum kyrkje såg eg ein dag innmed kyrkjegardsmuren eit sermerkt gravminne. Ei kvinne fødd på Plassen og død på Lauvik, og med denne minneteksten! Kven kunne dette vere, kunne eg finne ut meir om hennar livssoge?

I gravregisteret til kyrkjeverja fann eg:

Joraand Knutsdatter f. 14 04 1841 og d. 14 04 1921

Gravlagd på Veum kyrkjegard og fødd på ”Plassen”, då var husmannsplassen under N. Skræi med dette namnet den det var naturleg å sjå på fyrst.

I Fyresdal gards- og ættesoge av Steinar Marvik b. III les eg på s.1565 under Gnr. 91 Skræi Nordre:

Knut Olavson (1811-1860) kom frå Lårdal og vart 1836 gift med Gunhild Halvorsdotter Haugane (1803-1881) frå Ystesund. Dei var fyrst innerstar på N. Skræi, så husfolk på Heggtveit og sist på Plassen, båe husmannsplassar under N. Skræi.

Dei fekk 4 jenter: Jorånd (f. 1837 og død same år). Asgjerd (1838-1879), ho døydde ugift på Plassen. Margit (1842-1843) og Jorånd (1842-1921).

Om her er ulikt fødselsår må dette vere ”vår” Jorånd. Om henne skriv Marvik vidare at ho var hushalderske på garden Lauvvik i Skafså. Kunne ho så stå nemnd ved folketeljinga i 1900?

Under 0832 Mo herad og Gnr. 69/3 Lauvvik finn eg:

”Joraand Knutsd. fødd 1842 i Fyresdal. Familiestilling og yrke: Husbestyrerinde.” Husbonden var ugift og der var elles tenestejente og tenestegut i hushaldet, tømmerhoggarar i bryggerhuset. Det er ikkje ofte i folketeljingane her å finne nemninga husbestyrerinde.

Ut frå dette var altså Joraand husmannsdotter på Plassen under Skræi i Hauggrend og må ha vore sers dyktig då ho vart ”husbestyrerinde” på garden Lauvvik ved Bandak. Ho har då fått ansvaret for heile hushaldet og må ha utførd dette arbeidet samvitsfullt. Det er nok husbondsfolket som har gjeve henne det fine gravminnet med den flotte marmorplata der dei kort og godt skriv: ”Den tro husholder.” Betre kunne det ikkje seiast. Her aner vi litt av husbondsfolket si takksemd til denne kvinna.

Dette gravminnet vert no teke vare på i ein større samanheng.

Kjelder

  • Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Folketeljinga 1900
  • Gravminner i Noreg