Joraand Knutsdotter: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(kategori)
 
(21 mellomliggende versjoner av 8 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
[[Bilde:J. Knutsdotter Gravminne.jpg|thumb|Gravminne (Olav Momrak-Haugan 2010)]]
{{thumb|J. Knutsdotter Gravminne.jpg|Gravminnet.|[[Olav Momrak-Haugan]]|2009}}
[[Bilde:J. Knutsdotter Gravminnedetalj.jpg|thumb|Gravminne (Olav Momrak-Haugan 2010)]]
{{thumb|J. Knutsdotter Gravminnedetalj.jpg|Nærbilde av gravminnet.|Olav Momrak-Haugan|2009}}
Ved Veum kyrkje såg eg ein dag innmed kyrkjegardsmuren eit sermerkt gravminne.


Ei kvinne fødd på Plassen og død på Lauvik, og med denne minneteksten! Kven kunne dette vere, kunne eg finne ut meir om hennar livssoge?
'''[[Joraand Knutsdotter]]''' (1841-1921) vart fødd på husmannsplassen [[Plassen (Fyresdal)|Plassen]] under N. Skræi gnr. 91 i Hauggrend i [[Fyresdal]] og voks opp der. Ho var tidleg ute i teneste og kom til garden Lauvvik gnr. 69/3 i [[Skafså]], denne ligg ved [[Bandak]]. Der vart ho verande.


I gravregisteret til kyrkjeverja fann eg:  
I gravregisteret til kyrkjeverja står det:  
:«Joraand Knutsdatter f. 14 04 1841 og d. 14 04 1921».


Joraand Knutsdatter f. 14 04 1841 og d. 14 04 1921
Far til Joraand, Knut Olavson Plassen (1811-1860) kom frå [[Lårdal]] og vart 1836 gift med Gunhild Halvorsdotter Haugane (1803-1881) frå Ystesund gnr. 78/4 i Fyresdal. Dei var fyrst [[Leksikon:innerst|innerstar]] på N. Skræi, så husfolk på Heggtveit og sist på Plassen, båe husmannsplassar under N. Skræi. Saman fekk Knut og Gunhild 4 jenter: Joraand (f. 1837 og død same år). Asgjerd (1838-1879), ho døydde ugift på Plassen. Margit (1842-1843) og Joraand (1842-1921). Dette står i Fyresdal si gards- og ættesoge, her er ulikt fødselsår frå gravregisteret. Marvik skriv og at ho var hushalderske på garden Lauvvik i Skafså.


Gravlagd på Veum kyrkjegard og fødd på ”Plassen”, då var husmannsplassen under N. Skræi med dette namnet den det var naturleg å sjå på fyrst.
I folketeljinga år 1900 står det under 0832 Mo herad og Gnr. 69/3 Lauvvik:
:«Joraand Knutsd. fødd 1842 i Fyresdal. Familiestilling og yrke: Husbestyrerinde.»


I Fyresdal gards- og ættesoge av Steinar Marvik b. III les eg på s.1565 under Gnr. 91 Skræi Nordre:
Husbonden var ugift og der var elles tenestejente og tenestegut i hushaldet, og tømmerhoggarar i bryggerhuset. Det er ikkje ofte i folketeljingane i Vest-Telemark å finne nemninga husbestyrerinde.  


Knut Olavson (1811-1860) kom frå Lårdal og vart 1836 gift med Gunhild Halvorsdotter Haugane (1803-1881) frå Ystesund. Dei var fyrst innerstar N. Skræi, så husfolk Heggtveit og sist på Plassen, båe husmannsplassar under N. Skræi.
Ut frå dette må Joraand, husmannsdotter Plassen under Skræi i Hauggrend, ha vore sers dyktig då ho vart «husbestyrerinde» garden Lauvvik ved Bandak. Ho har då fått ansvaret for heile hushaldet og må ha utførd dette arbeidet samvitsfullt. Det er nok husbondsfolket som har gjeve henne det fine gravminnet med den flotte marmorplata der dei kort og godt skriv: ''Den tro husholder''. Betre kunne det ikkje seiast. Her aner vi litt av husbondsfolket si takksemd til denne kvinna.  


Dei fekk 4 jenter: Jorånd (f. 1837 og død same år). Asgjerd (1838-1879), ho døydde ugift Plassen. Margit (1842-1843) og Jorånd (1842-1921).
Gravminnet er ikkje på kyrkjegarden i 2011, men vert teke godt vare av kyrkjeverja.


Om her er ulikt fødselsår må dette vere ”vår” Jorånd. Om henne skriv Marvik vidare at ho var hushalderske på garden Lauvvik i Skafså. Kunne ho så stå nemnd ved folketeljinga i 1900?
== Kjelder ==
 
* Marvik, Steinar: ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune 1992
Under 0832 Mo herad og Gnr. 69/3 Lauvvik finn eg:
* Folketeljinga 1900
 
* Gravminner i Noreg
”Joraand Knutsd. fødd 1842 i Fyresdal. Familiestilling og yrke: Husbestyrerinde.” Husbonden var ugift og der var elles tenestejente og tenestegut i hushaldet, tømmerhoggarar i bryggerhuset. Det er ikkje ofte i folketeljingane her å finne nemninga husbestyrerinde.


Ut frå dette var altså Joraand husmannsdotter på Plassen under Skræi i Hauggrend og må ha vore sers dyktig då ho vart ”husbestyrerinde” på garden Lauvvik ved Bandak. Ho har då fått ansvaret for heile hushaldet og må ha utførd dette arbeidet samvitsfullt. Det er nok husbondsfolket som har gjeve henne det fine gravminnet med den flotte marmorplata der dei kort og godt skriv: ”Den tro husholder.” Betre kunne det ikkje seiast. Her aner vi litt av husbondsfolket si takksemd til denne kvinna.
== Ekstern lenke ==
*[http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=pe&id=1544 DIS-Norge Veum]
*{{folketelling|pf01037181001881|Joraand Knutsd.|1900|Mo herred}}.
*{{folketelling|pf01036537002000|Joraand Knutsdatter|1910|Mo herred}}.


Dette gravminnet vert no teke vare på i ein større samanheng.
==Eksterne lenker==
[[Kategori:Personer fra Fyresdal kommune]]


Kjelder:
* {{hbr1-1|pf01036537002000|Joraand Knutsdotter}}.


* Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
{{DEFAULTSORT:Knutsdotter, Jorånd}}
* Folketeljinga 1900
[[Kategori:Personer]]
* Gravminner i Noreg
[[Kategori:Husholdersker]]
[[Kategori:Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1841]]
[[Kategori:Dødsfall i 1921]]
{{kvinner i lokalhistoria}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 29. mar. 2016 kl. 10:19

Gravminnet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).
Nærbilde av gravminnet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).

Joraand Knutsdotter (1841-1921) vart fødd på husmannsplassen Plassen under N. Skræi gnr. 91 i Hauggrend i Fyresdal og voks opp der. Ho var tidleg ute i teneste og kom til garden Lauvvik gnr. 69/3 i Skafså, denne ligg ved Bandak. Der vart ho verande.

I gravregisteret til kyrkjeverja står det:

«Joraand Knutsdatter f. 14 04 1841 og d. 14 04 1921».

Far til Joraand, Knut Olavson Plassen (1811-1860) kom frå Lårdal og vart 1836 gift med Gunhild Halvorsdotter Haugane (1803-1881) frå Ystesund gnr. 78/4 i Fyresdal. Dei var fyrst innerstar på N. Skræi, så husfolk på Heggtveit og sist på Plassen, båe husmannsplassar under N. Skræi. Saman fekk Knut og Gunhild 4 jenter: Joraand (f. 1837 og død same år). Asgjerd (1838-1879), ho døydde ugift på Plassen. Margit (1842-1843) og Joraand (1842-1921). Dette står i Fyresdal si gards- og ættesoge, her er ulikt fødselsår frå gravregisteret. Marvik skriv og at ho var hushalderske på garden Lauvvik i Skafså.

I folketeljinga år 1900 står det under 0832 Mo herad og Gnr. 69/3 Lauvvik:

«Joraand Knutsd. fødd 1842 i Fyresdal. Familiestilling og yrke: Husbestyrerinde.»

Husbonden var ugift og der var elles tenestejente og tenestegut i hushaldet, og tømmerhoggarar i bryggerhuset. Det er ikkje ofte i folketeljingane i Vest-Telemark å finne nemninga husbestyrerinde.

Ut frå dette må Joraand, husmannsdotter på Plassen under Skræi i Hauggrend, ha vore sers dyktig då ho vart «husbestyrerinde» på garden Lauvvik ved Bandak. Ho har då fått ansvaret for heile hushaldet og må ha utførd dette arbeidet samvitsfullt. Det er nok husbondsfolket som har gjeve henne det fine gravminnet med den flotte marmorplata der dei kort og godt skriv: Den tro husholder. Betre kunne det ikkje seiast. Her aner vi litt av husbondsfolket si takksemd til denne kvinna.

Gravminnet er ikkje på kyrkjegarden i 2011, men vert teke godt vare på av kyrkjeverja.

Kjelder

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Folketeljinga 1900
  • Gravminner i Noreg

Ekstern lenke

Eksterne lenker