Kåre Øvregard: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 2: | Linje 2: | ||
==Bakgrunn og utdanning== | ==Bakgrunn og utdanning== | ||
Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen [[Øvregarden (Jostedalen)|Øvregarden]] under [[Jostedal prestegard]]. Han tok lærareksamen ved | Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen [[Øvregarden (Jostedalen)|Øvregarden]] under [[Jostedal prestegard]]. Han tok lærareksamen ved [[Stord lærarskule]] 1957 og arbeidde deretter som lærar ved [[Sperle skule (Jostedalen)|Sperle skule]] i [[Jostedal|Jostedalen]] til 1962. Frå 1962 til 1975 var han lærar og styrar ved [[Gaupne barneskule]] i [[Luster]]. | ||
==Politikar== | ==Politikar== | ||
Alt i 1959 vart Øvregard valt inn for Arbeidarpartiet i kommunestyret i Jostedalen, og han var vararordførar fram til 1962. Etter kommunesamanslåinga sat han i kommunestyret i Luster til 1977, dei to siste åra som ordførar. I 1977 vart Øvregard valt inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, han var her representant nr. 1 for Sogn og Fjordane i tre periodar, til 1989. | Alt i 1959 vart Øvregard valt inn for [[Det norske Arbeiderparti|Arbeidarpartiet]] i kommunestyret i Jostedalen, og han var vararordførar fram til 1962. Etter kommunesamanslåinga sat han i kommunestyret i [[Luster]] til 1977, dei to siste åra som ordførar. I 1977 vart Øvregard valt inn på [[Stortinget]] for Arbeidarpartiet, han var her representant nr. 1 for Sogn og Fjordane i tre periodar, til 1989. | ||
Han har hatt ei lang rekkje tillitsver, både i Arbeidarpartiet, offentleg styre og stell, private verksemder og ikkje minst friviljuge lag og organisasjonar. | Han har hatt ei lang rekkje tillitsver, både i Arbeidarpartiet, offentleg styre og stell, private verksemder og ikkje minst friviljuge lag og organisasjonar. | ||
==Lokalhistorikar== | ==Lokalhistorikar== | ||
I 1989 vart Øvregard rådmann i Luster kommune og hadde stillinga til han gjekk av for aldersgrensa i 1994. Frå 1994 til 1999 arbeidde han så i 50 % stilling i kommunen med å samle stoff til og skrive ei skulesoge for Luster kommune, eit storverk på mest 500 sider som kom ut i 1996. Etter dette arbeidde han vidare med stølssoga for kommunen, som kom ut i 1999. Dette er eit kulturhistorisk verk som i stor grad byggjer på munnlege kjelder. | I 1989 vart Øvregard rådmann i [[Luster kommune]] og hadde stillinga til han gjekk av for aldersgrensa i 1994. Frå 1994 til 1999 arbeidde han så i 50 % stilling i kommunen med å samle stoff til og skrive ei skulesoge for Luster kommune, eit storverk på mest 500 sider som kom ut i 1996. Etter dette arbeidde han vidare med stølssoga for kommunen, som kom ut i 1999. Dette er eit kulturhistorisk verk som i stor grad byggjer på munnlege kjelder. | ||
I 2003 gav Øvregard ut ei bok om dalen og grenda Leirdalen i Luster kommune, som mellom anna tok føre seg bygginga av Leirdøla kraftverk i 1970-åra. I 2007 kom ''Tiriltunger og brennenesler'', som er ei samling med små soger frå Jostedalen | I 2003 gav Øvregard ut ei bok om dalen og grenda [[Leirdalen]] i Luster kommune, som mellom anna tok føre seg bygginga av [[Leirdøla kraftverk]] i 1970-åra. I 2007 kom ''Tiriltunger og brennenesler'', som er ei samling med små soger frå Jostedalen bygd på munnleg tradisjon og eigne minne. | ||
I 2008 tok så Øvregard initiativet til ei jubileumsbok for Jostedal kyrkje i høve 350-årsjubileet i 2010. Øvregard leia arbeidet i boknemnda og var sjølv ein av tre hovudforfattarar bak boka, som kom i juni 2010. | I 2008 tok så Øvregard initiativet til ei jubileumsbok for [[Jostedal kyrkje]] i høve 350-årsjubileet i 2010. Øvregard leia arbeidet i boknemnda og var sjølv ein av tre hovudforfattarar bak boka, som kom i juni 2010. | ||
Attåt bøkene har Øvregard skrive ei lang rekkje kortare lokalhistoriske artiklar i publikasjonar retta mot eit lokalt publikum, som ''Bjønnaposten'' og ''Jostedal skule- og bygdeavis''. | Attåt bøkene har Øvregard skrive ei lang rekkje kortare lokalhistoriske artiklar i publikasjonar retta mot eit lokalt publikum, som [[''Bjønnaposten'']] og [[''Jostedal skule- og bygdeavis'']]. | ||
Øvregard fekk i 2007 Målprisen frå Luster mållag. | Øvregard fekk i 2007 Målprisen frå [[Luster mållag]]. | ||
==Lokalhistorisk bibliografi== | ==Lokalhistorisk bibliografi== |
Sideversjonen fra 24. okt. 2010 kl. 06:45
Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933 i Jostedalen), lokalhistorikar og politikar.
Bakgrunn og utdanning
Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen Øvregarden under Jostedal prestegard. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1957 og arbeidde deretter som lærar ved Sperle skule i Jostedalen til 1962. Frå 1962 til 1975 var han lærar og styrar ved Gaupne barneskule i Luster.
Politikar
Alt i 1959 vart Øvregard valt inn for Arbeidarpartiet i kommunestyret i Jostedalen, og han var vararordførar fram til 1962. Etter kommunesamanslåinga sat han i kommunestyret i Luster til 1977, dei to siste åra som ordførar. I 1977 vart Øvregard valt inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, han var her representant nr. 1 for Sogn og Fjordane i tre periodar, til 1989.
Han har hatt ei lang rekkje tillitsver, både i Arbeidarpartiet, offentleg styre og stell, private verksemder og ikkje minst friviljuge lag og organisasjonar.
Lokalhistorikar
I 1989 vart Øvregard rådmann i Luster kommune og hadde stillinga til han gjekk av for aldersgrensa i 1994. Frå 1994 til 1999 arbeidde han så i 50 % stilling i kommunen med å samle stoff til og skrive ei skulesoge for Luster kommune, eit storverk på mest 500 sider som kom ut i 1996. Etter dette arbeidde han vidare med stølssoga for kommunen, som kom ut i 1999. Dette er eit kulturhistorisk verk som i stor grad byggjer på munnlege kjelder.
I 2003 gav Øvregard ut ei bok om dalen og grenda Leirdalen i Luster kommune, som mellom anna tok føre seg bygginga av Leirdøla kraftverk i 1970-åra. I 2007 kom Tiriltunger og brennenesler, som er ei samling med små soger frå Jostedalen bygd på munnleg tradisjon og eigne minne.
I 2008 tok så Øvregard initiativet til ei jubileumsbok for Jostedal kyrkje i høve 350-årsjubileet i 2010. Øvregard leia arbeidet i boknemnda og var sjølv ein av tre hovudforfattarar bak boka, som kom i juni 2010.
Attåt bøkene har Øvregard skrive ei lang rekkje kortare lokalhistoriske artiklar i publikasjonar retta mot eit lokalt publikum, som ''Bjønnaposten'' og ''Jostedal skule- og bygdeavis''.
Øvregard fekk i 2007 Målprisen frå Luster mållag.
Lokalhistorisk bibliografi
- Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Luster kommune 1996
- Stølar og stølsliv i Luster kommune. Skald forlag 1999
- Leirdalen. Ei perle i Luster. Jordbruksbygda, storflaumane frå Brimkjelen, vasskraftutbygginga. Eige forlag 2003
- Tiriltunger og brennenesler. Ho Brita Moste og andre små soger. Forlaget norske bøker 2007
- Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. (saman Asbjørg Ormberg og Oddmund L. Hoel) Skald forlag 2010
Kjelder
- Erling Bjørnetun: "Forfattaren" i Skulen i Luster gjennom 250 år 1996, s. 9
- Biografi, stortinget.no
- «Kåre Øvregard», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane