Kåre Lunden

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jul. 2013 kl. 11:04 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Kåre Lunden''' (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013) var bland etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013) var bland etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg i karrieren kjend for sin vilje til å snu om på aksepterte teoriar og til å stå på sitt i debatten som følgde. Han hadde óg eit sterkt samfunnsengasjement. Både i historieforskningen og ellers hadde han eit grunnsyn som er beskrive som nasjonalt, folkeleg og demokratisk[1].

Lunden var son av småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden og Hilda Simonsdatter Indrekvam. Broren Eldrid Lunden har markert seg som ein nyskapande lyriker. Han vart i 1959 gift med Reidun Tordis Renaas, som var apoteker. Lunden vaks opp på småbruket i Sunnfjord, og tok artium ved Firda landsgymnas i 1950. Så studerte han ved Norges Landbrukshøgskole, hvor han vart uteksaminert i 1957. Etter nokre år som sekretær i Kirke- og undervisningsdepartementet byrja han i 1963 å skrive om Heggen og Frøland i middelalderen, og i 1965 tok han hovudfag i historie. I 1964 vart han ansatt ved Norsk lokalhistorisk institutt, og i 1966 byrja han å arbeide på Norges Lærerhøgskole i Trondheim. I 1971 byrja han ved Universitetet i Oslo, og der vart han verande til pensjonsalderen. Han var fyrst lektor, og vart i 1976 professor. Denne stillinga satt han i til 1997.

I hans tidlege historikarkarriere står det lokale perspektivet sterkt. Bygdeboka frå Heggen og Frøland, doktoravhandlinga Kvantitative og teoretiske studier i eldre norsk bondesoge (1975) og Korn og kaup (1978) kan sjåast som ein videreføring av tradisjonen frå Andreas Holmsen, med vektlegging av agrarhistoria og det lokale. Han ga gjennom sin karriere óg ut fleire verk som ikkje så direkte kan settes inn i denne tradisjonen, men med sitt siste store verk, Frå svartedauen til 17. mai. Norges landbrukshistorie 1350–1814 (2002), var han attende i Holmsen-tradisjonen – som han gjennom sitt arbeid hadde gjort til sin eigen. Han nytta óg kunnskapane frå agrarhistoria til å tenkje nytt om andre emne. I boka Norge under Sverre-ætten 1177–1319 (1976) berekna han den totale energiproduksjonen i landet, og anslo overføringane fra produsentar til makthavarar. Såleis kunne han vise at utbytting fann stad, og at det var denne utbyttinga som sikra det kongelege og aristokratiske maktapparatet. Han har fremma liknande synspunkt i debatten om dei økonomiske tilhøva i dansketida. Han hevda at den økonomiske veksten i Noreg ikke kunne skuldast heilstaten, men økt norsk eksport. Han hevda óg at skattetrykke var høgt, og at brorparten av staten sine inntekter havna i Danmark. Lunden tok óg del i debatten om 1814, der han inspirert av Ernst Sars hevda at den nasjonale fridomen ikkje kom utanfrå, men bygde på ein indre framvekst av ein eigen norsk identitet. Her ble han ståande i opposisjon til Didrik Arup Seip og andre som hevda at Noreg frikk fridomen utanfrå som gåve. Totalt publiserte han 432 bøker, artikler, kåserier og andre bidrag.

I sitt politiske engasjement, som særlig kom til synes under EU-debatten i 1994, satte han opp den vestlandske bondefornuften som eit motstykke det den internasjonale urbanismen. Lunden hevda at nasjonalismen var noko positivt, så lenge den ikkje retta seg mot andre nasjoner. Hans debatteknikk var ofte krass, men alltid med eit sterkt fagleg standpunkt. Han var ein aktiv politisk skribent. I dei siste åra skreiv han særleg i Klassekampen.

Ved sidan av arbeidet som historikar omsette han Geoffrey Chaucers forteljinger og vers frå middelalderengelsk til nynorsk. I 1995 fekk han Språkrådets språkpris. Han mottok óg Klassekampens kulturpris Neshornet i 2008. Lunden var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Etter å ha levd ei tid med Parkinsons sjukdom døydde Lunden 18. juli 2013. Han var inntil det siste aktivt med i planlegginga av 200-årsmarkinga for Grunnloven i 2014.

Referansar

  1. NBL: «Kåre Lunden»

Kjelder