Kåte: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
 
(35 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 2: Linje 2:
'''[[Kåte]]''' (frå [[samiske språk|samisk]]) og '''gamme''' er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for [[samar|samisk]] kultur i [[Skandinavia]]. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: ''kløftstongskåte'' (lavvo); ''bogestongskåte'' og ''lafta kåter''. </onlyinclude>
'''[[Kåte]]''' (frå [[samiske språk|samisk]]) og '''gamme''' er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for [[samar|samisk]] kultur i [[Skandinavia]]. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: ''kløftstongskåte'' (lavvo); ''bogestongskåte'' og ''lafta kåter''. </onlyinclude>


== Kløftstongskåte (lavvo) ==
== Namn ==
 
Ordet '''kåte''' ([[nynorsk]]/[[bokmål]]) eller '''kåta''' ([[nynorsk]]/[[svensk]]) er lånt inn i skandinavisk frå samisk &mdash; [[nordsamisk]] ''goahti'', [[lulesamisk]] ''goahte'', [[pitesamisk]] ''gåhte'', [[umesamisk]] ''gåhtie'' og [[sørsamisk]] ''gåetie''. Ordet er utbreidd i [[uralske språk]], og det blir anteke at det er eit tidlig lån frå [[indoariske språk]].
 
Ordet '''lavvo''' er eit relativt nytt innlån til skandinavisk frå samisk, jfr. lulesamisk ''lávvo'' og nordsamisk ''lávvu''.
 
Ordet '''gamme''' kjem av [[norrønt]] ''gammi''. Det er blant anna lånt til [[lulesamisk]] i forma ''gábmá'' (‘torvkåte’).
 
I [[skoltesamisk]] blir òg ordet '''kååvas''' bruka i tydinga ‘lavvo’. Dette ordet er belagt frå [[enaresamisk]] og [[austsamiske språk]], men ikkje elles i sentral- og sørsamisk område. Det kan vera samanheng med norsk ''kove'', frå norrønt ''kofi''.
 
== Typar ==
 
=== Kløftstongskåte (lavvo) ===
<onlyinclude>Kløftstongskåta eller '''lavvo'''en (frå [[nordsamisk]] ''lávvu'' og [[lulesamisk]] ''lávvo'') blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt. </onlyinclude>
<onlyinclude>Kløftstongskåta eller '''lavvo'''en (frå [[nordsamisk]] ''lávvu'' og [[lulesamisk]] ''lávvo'') blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt. </onlyinclude>


== Bogestongskåte ==
=== Bogestongskåte ===
{{thumb|C03936 gaaetie.jpg|Bogestongskåte med teltduk ved [[Saemien Sijte]] i [[Snåsa kommune]].|Olve Utne}}
[[file:C03936 gaaetie.jpg|thumb|Bogestongskåte med teltduk ved [[Saemien Sijte]] i [[Snåsa kommune]]. {{byline|Olve Utne}}]]
<onlyinclude>Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av [[strange|strangar]] (eller fjøler) med fleire lag [[never]] utanpå. </onlyinclude> Nevra blir gjerne halden på plass med strangar, halvkløyvingar eller torv.
<onlyinclude>Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Ved permanente kåter legg ein opp ein steinring der veggen skal stå. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma, som blir oppsett innanfor eller oppå steinringen, blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av [[strange|strangar]] (eller fjøler) med fleire lag [[never]] utanpå. </onlyinclude> Nevra blir gjerne halden på plass med strangar, halvkløyvingar eller torv.
 
[[file:28292 Faepmie - gaaetie-ramme.jpg|thumb|left|Kåte der det meste av veggene manglar. Vi ser tydelig den steinsette ringen og dei fire bogestengene med dei tre tverrstengene. {{byline|Olve Utne}}]]
'''Nordlige bogestongskåter''', ofte kalla '''gammar''' (av [[norrønt]] ''gammi''), er bygd opp over bogestenger. Utanpå bogestengene ligg innerveggen av treverk med tekking av never utanpå. I nordsamisk og lulesamisk område er veggstengene ofte kappa ved bogestengene slik at gammen får rundt tak. Somme plassar (blant anna i det sørsamiske området) går veggstengene heilt opp til [[ljore]]n, slik at kåta får kjegleform. Utanpå neverlaget blir det så lagt opp [[torv]] som hjelper til å halde nevra på plass &mdash; og i tillegg gjev torva betre isolasjon. Ofte, men langt ifrå alltid, blir det lagt greiner utanpå torva att for å halde ho betre på plass.
 
[[file:28375 Ankarede - gaaetie.jpg|thumb|Kåte i [[Ankarede]] i [[Jamtland]]. {{byline|Olve Utne}}]]
'''Sørlige bogestongskåter''' er bygd opp på same måten som dei nordlige kåtene, men veggstengene går heilt opp til ljoren, slik at kåta blir kjegleforma. Utanpå neverlaget kan det bli lagt eit torvlag, og ytst kjem eit lag med strangar, eventuelt halvkløyvingar eller bord. I nyare tid har enkelte sørsamiske kåter fått ein ark ved døra, slik at døropninga blir loddrett.
 
=== Lafta kåter ===
[[file:27508 Arviesjavrrie - gaahtie.jpg|thumb|Tømra kåte i [[Lappstaden (Arvidsjaur)|Lappstaden]] i [[Arvidsjaurs kommun|Arvidsjaur]]. {{byline|Olve Utne}}]]
I [[skogssamar|skogssamiske]] område, særlig blant [[umesamar]], har ein utvikla ein kåtetype der den steinsette ringen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta [[stokkar]]. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Laftekassen er typisk sett 2&ndash;3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni laftekassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og lata ho tørke av og til.  


'''Torvkåter''', ofte kalla '''gammar''' (av {{norr.}} ''gammi''), er bygd opp over bogestenger. Utanpå bogestengene ligg innerveggen av treverk med tekking av never utanpå. I nordsamisk og lulesamisk område er veggstengene ofte kappa ved bogestengene slik at gammen får rundt tak. Somme plassar (blant anna i det sørsamiske området) går veggstengene heilt opp til [[ljore]]n, slik at kåta får kjegleform. Utanpå neverlaget blir det så lagt opp [[torv]] som hjelper til å halde nevra på plass &mdash; og i tillegg gjev torva betre isolasjon. Ofte blir det lagt strangar eller greiner utanpå torva att for å halde ho betre på plass.
== Innreiing ==
Alle tradisjonelle kåter har den same grunnplana: Midt i rommet, rett under ''riehpen'' ([[pitesamisk]]/[[lulesamisk]]; [[sørsamisk]] ''riehpene'', ‘[[ljore]]’), er det lagt opp ein [[åre (eldstad)|árran]] ([[lulesamisk]]/[[pitesamisk]]/[[umesamisk]], ‘åre’; [[sørsamisk]] ''aernie'') av steinar/steinheller. Innanfor åra ligg ''båssjo'' ([[pitesamisk]]; [[sørsamisk]] ''båassjoe''/''båassja'', [[lulesamisk]] ''boassjo'', [[nordsamisk]] ''boaššu''), kjøkenområdet der maten blir lagra og tilordna. Attom båssjo finst det ofte ei mindre døropning som normalt berre blir bruka for å regulere trekken gjennom ljoren. Gjennom døropninga ved båssjo tek ein [[runebomme|runebomma]] inn eller ut; men mat frå dyr (inkludert kjøtt, fisk og mjølkeprodukt) tek ein ''ikkje'' inn eller ut der. Over båssjo er det tabu å gå, særlig for kvinner, så om ein skal frå eine sida av kåta til den andre, så går ein alltid mellom árran og (hovud)døra. Einaste unntaket er den som nettopp har drepe ein [[bjørn]].


{{thumb|28375 Ankarede - gaaetie.jpg|Kåte i [[Ankarede]] i [[Jamtland]].|Olve Utne}}
På kvar side av aksen frå døra via árran til båssjo er det eit golvområde. Normalt er det jordgolv der, og oppå er det strødd småkvist frå bjørk eller [[gran]]. Oppå kvistlaget er det oftast lagt [[rein]]skinn med hårsida opp. Mora sitt inst til høgre, rett ved båssjo. Utom henne sitt mannen og ungane. På andre sida sitt vaksne born så vel som andre slektningar og gjester.
'''Sørsamiske kåter''' er bygd opp på same måten som dei nordligare kåtene, men veggstengene går heilt opp til ljoren, slik at kåta blir kjegleforma. Utanpå neverlaget blir enten lagt torv eller eit lag med strangar, eventuelt halvkløyvingar eller bord. I nyare tid har enkelte sørsamiske kåter fått ein ark ved døra, slik at døropninga blir loddrett.
== Eksterne lenker ==
* [http://tronderskbyggeskikk.no/show.aspx?p=223 Sørsamisk byggeskikk]; tronderskbyggeskikk.no


== Lafta kåter ==
{{trenger kilder}}
{{thumb|27508 Arviesjavrrie - gaahtie.jpg|Tømra kåte i [[Lappstaden (Arvidsjaur)|Lappstaden]] i [[Arvidsjaurs kommun|Arvidsjaur]].|Olve Utne}}
I [[skogssamar|skogssamiske]] område, særlig blant [[umesamar]], har ein utvikla ein kåtetype der den steinsette ringen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta [[stokkar]]. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Laftekassen er typisk sett 2&ndash;3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni laftekassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og lata ho tørke av og til.


[[kategori:samisk byggeskikk]]
[[Kategori:Samisk byggeskikk]]
{{f2}}
[[Kategori:Kåter|  Kåte]]
{{f1}}
{{ikke koord}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 11. mar. 2024 kl. 08:27

Skoltesamisk gamme (torvkåte) ved Kirkenes.

Kåte (frå samisk) og gamme er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for samisk kultur i Skandinavia. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: kløftstongskåte (lavvo); bogestongskåte og lafta kåter.

Namn

Ordet kåte (nynorsk/bokmål) eller kåta (nynorsk/svensk) er lånt inn i skandinavisk frå samisk — nordsamisk goahti, lulesamisk goahte, pitesamisk gåhte, umesamisk gåhtie og sørsamisk gåetie. Ordet er utbreidd i uralske språk, og det blir anteke at det er eit tidlig lån frå indoariske språk.

Ordet lavvo er eit relativt nytt innlån til skandinavisk frå samisk, jfr. lulesamisk lávvo og nordsamisk lávvu.

Ordet gamme kjem av norrønt gammi. Det er blant anna lånt til lulesamisk i forma gábmá (‘torvkåte’).

I skoltesamisk blir òg ordet kååvas bruka i tydinga ‘lavvo’. Dette ordet er belagt frå enaresamisk og austsamiske språk, men ikkje elles i sentral- og sørsamisk område. Det kan vera samanheng med norsk kove, frå norrønt kofi.

Typar

Kløftstongskåte (lavvo)

Kløftstongskåta eller lavvoen (frå nordsamisk lávvu og lulesamisk lávvo) blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt.

Bogestongskåte

Bogestongskåte med teltduk ved Saemien Sijte i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne

Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Ved permanente kåter legg ein opp ein steinring der veggen skal stå. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma, som blir oppsett innanfor eller oppå steinringen, blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av strangar (eller fjøler) med fleire lag never utanpå. Nevra blir gjerne halden på plass med strangar, halvkløyvingar eller torv.

Kåte der det meste av veggene manglar. Vi ser tydelig den steinsette ringen og dei fire bogestengene med dei tre tverrstengene.
Foto: Olve Utne

Nordlige bogestongskåter, ofte kalla gammar (av norrønt gammi), er bygd opp over bogestenger. Utanpå bogestengene ligg innerveggen av treverk med tekking av never utanpå. I nordsamisk og lulesamisk område er veggstengene ofte kappa ved bogestengene slik at gammen får rundt tak. Somme plassar (blant anna i det sørsamiske området) går veggstengene heilt opp til ljoren, slik at kåta får kjegleform. Utanpå neverlaget blir det så lagt opp torv som hjelper til å halde nevra på plass — og i tillegg gjev torva betre isolasjon. Ofte, men langt ifrå alltid, blir det lagt greiner utanpå torva att for å halde ho betre på plass.

Kåte i Ankarede i Jamtland.
Foto: Olve Utne

Sørlige bogestongskåter er bygd opp på same måten som dei nordlige kåtene, men veggstengene går heilt opp til ljoren, slik at kåta blir kjegleforma. Utanpå neverlaget kan det bli lagt eit torvlag, og ytst kjem eit lag med strangar, eventuelt halvkløyvingar eller bord. I nyare tid har enkelte sørsamiske kåter fått ein ark ved døra, slik at døropninga blir loddrett.

Lafta kåter

Tømra kåte i Lappstaden i Arvidsjaur.
Foto: Olve Utne

I skogssamiske område, særlig blant umesamar, har ein utvikla ein kåtetype der den steinsette ringen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Laftekassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni laftekassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og lata ho tørke av og til.

Innreiing

Alle tradisjonelle kåter har den same grunnplana: Midt i rommet, rett under riehpen (pitesamisk/lulesamisk; sørsamisk riehpene, ‘ljore’), er det lagt opp ein árran (lulesamisk/pitesamisk/umesamisk, ‘åre’; sørsamisk aernie) av steinar/steinheller. Innanfor åra ligg båssjo (pitesamisk; sørsamisk båassjoe/båassja, lulesamisk boassjo, nordsamisk boaššu), kjøkenområdet der maten blir lagra og tilordna. Attom båssjo finst det ofte ei mindre døropning som normalt berre blir bruka for å regulere trekken gjennom ljoren. Gjennom døropninga ved båssjo tek ein runebomma inn eller ut; men mat frå dyr (inkludert kjøtt, fisk og mjølkeprodukt) tek ein ikkje inn eller ut der. Over båssjo er det tabu å gå, særlig for kvinner, så om ein skal frå eine sida av kåta til den andre, så går ein alltid mellom árran og (hovud)døra. Einaste unntaket er den som nettopp har drepe ein bjørn.

På kvar side av aksen frå døra via árran til båssjo er det eit golvområde. Normalt er det jordgolv der, og oppå er det strødd småkvist frå bjørk eller gran. Oppå kvistlaget er det oftast lagt reinskinn med hårsida opp. Mora sitt inst til høgre, rett ved båssjo. Utom henne sitt mannen og ungane. På andre sida sitt vaksne born så vel som andre slektningar og gjester.

Eksterne lenker

Denne artikkelen trenger kjelder.