Kåte

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. aug. 2012 kl. 12:19 av Olve Utne (samtale | bidrag) (bogestongsbilde frå Snåsa)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kåte (frå samisk) og gamme er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for samisk kultur i Skandinavia. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: kløftstongskåte (lavvo); bogestongskåte og lafta kåter.

Kløftstongskåte (lavvo)

Kløftstongskåta eller lavvoen (frå nordsamisk lávvu og lulesamisk lávvo) blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt.

Bogestongskåte

Bogestongskåte med teltduk ved Saemien Sijte i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne

Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av strangar (eller fjøler) med fleire lag never utanpå. Nevra blir gjerne halden på plass med strangar, halvkløyvingar eller torv.

Lafta kåter