Karstein Oddmund Vik

Karstein Oddmund Vik (1919 - 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda, byrja han på to-åring gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskule i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen, Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet.

I åra som fulgte var det ei rik ekspansjonstid i den lokale industrien, og Vik teikna mange fabrikkanlegg, men også hus for private. I 1954 teikna han også det nye rådhuset for Sykkylven kommune.

Det var likevel innan oppdrettsnæringa han sette dei varigaste spora. Forsøk med oppdrett av fisk i kunstige miljø hadde blitt forsøkt allereie på slutten av attenhundretalet. Ivar Heggen frå Valldal byrja i 1917 med oppdrett i jorddammar. På same tid vart det forsøkt med oppdrett i saltvatn i Skodje kommune. Det var først etter siste verdskrigen at det vart alvor i forsøka med fiskeoppdrett. I dette arbeidet var brørne Karstein Oddund og Olav Vik pionerar. Interessa deira vart stimulert etter ei vitjing til Danmark i 1949 og kontakt med Ivar Heggen.

Brørne disponerte grunn ved Vikelva. Ved utløpet av elva grov dei ut ein dam for stamlaks som vart henta i fjorden. Dei viste at laksen tok til seg mat i fangenskap og at han var i stand til å formeire seg.

Innan 1955 hadde Vik-brørne grave ut tre jorddammar, ein for sjøvatn, ein for ferskvatn og ein for blandingsvatn. I ferskvatndammen dreiv dei forsøk med oppdrett av regnbogeaure. Det viste seg at auren greidde seg like godt i saltvatn, og oppdrett av regnbogeaure i saltvatn slo igjennom i 1960-åra. Frå 1959 gjorde dei forsøk med å setje aure og laks ut i flytekasser. Det var eit av dei første stega i utviklinga av sjøbasert oppdrett.

Mange kom til Sykkylven for å lære av oppdrettspionerane på Vikøyra. Fleire av dei som starta fekk den første setjefisken frå Sykkylven.

I 1959 etablerte Karstein Oddmund og Olav Vik selskapet Nor-Laks. Dei produserte både setjefisk og matfisk. Det var ei strek i rekninga då det viste seg at fiskekjøtet vart kvitt, medan villfisken hadde ein rosa farge. Dei byrja å eksperimentere med rekeskal i foret for å få på plass raudfargen. Det var vellukka, men forbrukarane i Noreg var likevel skeptiske til det nye produktet. Mesteparten av fisken frå Nor-Laks vart difor selt til Sverige.

Vik-brørne utvikla anlegget i Sykkylven, mellom anna med finansiell hjelp frå matvarekonsernet Unilever i første halvdel av 1960-åra. Dei fekk mellom anna på plass tilvenjingsanlegg for småfisk, pumpestasjonar og fryseri. I 1963 tok Nor-Laks i bruk brønnbåt for transport av settefisk av laks og regnbogeaure som var tilvent sjøvatn.

Etter nokre år med næringsmessige nyskaping og satsing som også inkluderte stor økonomisk risiko, slo brørne til på eit oppkjøpstilbod frå matvaregiganten Unilever. Karstein Oddmund Vik kunne då igjen konsentrere seg om arkitektgjerninga. I 1962 fekk han, saman med broren Olav, Selskabet for de Norske Fiskeriers Fremmes sølvmedalje med diplom for arbeidet med oppdrett av laks og regnbogeaure i saltvatn.

Karstein Oddmund Vik hadde allsidige interesser. Han var sentral i programarbeidet i Sykkylven frilynde ungdomslag i åra kring 2. verdskrigen. Han var tekstforfattar til fleire revyar som henta materialet frå lokalmiljøet. Frå 1956 var han aktiv i den lokale avdelinga av Rotary. Han var president i foreininga frå 1957 - 58 og distriktsguvenør frå 1977 - 1978. I 1981 vart han heidra med tittelen Paul Harris Fellow.

Kjelder

  • Løseth, Arnljot: Karstein Oddmund Vik. Ein pioner i norsk fiskeoppdrett, artikkel i 100 år 100 navn, Ålesund 2000.
  • Vik, Karstein Oddmund (red.): Presseklipp frå dei første pionerår i havbruk, udat. (1967).