Kaupanger krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaupanger krins sett frå idrettsbana om lag der gamleskulen stod mot slutten av 1800-talet som det eldste av alle skulebygga på tomta.
Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kaupanger krins er ein skulekrins i Sogndal kommune i Sogn. Skulekrinsen er gamal, og kjeldane visar at ein finn skulehus heilt tilbake til 1830-talet. Familien Knagenhjelm som var adelege godseigarar i Kaupanger hadde eit visst ansvar for skulehaldet i nærleiken, og sidan folk flest budde såpass smått og kummerleg tok godseigarfamilien til å byggja skulestove på hovudgarden allereie før 1835. Dette var særdeles tidleg, og lenge før lovverket om faste skulehus kom på plass (1860). Sidan skulekrinsen er relativt gamal er det også monge stader og skulehus knytta til opprinnelsen til denne skulekrinsen.

Skulehus

Kaupangers eldste skule

  • Byggeår: Før 1835
  • Fungerte som skule: Til og med 1835 (brann ned)
  • Anna bruksområde:

Kaupanger skule (Sogndals faste skole)

  • Byggeår: 1836
  • Fungerte som skule: 1836-1893
  • Anna bruksområde: Ombygd i 1862. Selt i 1892, flytta ned på Elvebakken og nytta som bedehus seinare (forløparen til dagens bedehus).

Kaupanger skule (Strondi)

  • Byggeår: 1860
  • Fungerte som skule: 1874-1894
  • Anna bruksområde: I privat eige/bruk før og etter perioden med skule. Er i dag bustadhus.

Brekkebøen

  • Byggeår: 1894
  • Fungerte som skule: 1894-1953
  • Anna bruksområde: Bygninga vart demontert, flytta og satt opp som som samvirkelag. Er i dag privat bustadhus.

Kaupanger gamle skule

  • Byggeår: 1953
  • Fungerte som skule: 1954-
  • Anna bruksområde: Er i dag ein del av skuledriften på Kaupanger skule.

Kaupanger skule

  • Byggeår: 1974/1984
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Jakobsen, Kjell (2016) . Skulehusi i Sogndal kommune. So han sa, 2016 årgang 17, s. 11-16.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.18439° N 7.23658° Ø