Kilegrend bedehus: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(La på lenker.)
m (Teksterstatting – «Kategori:Bygninger» til «»)
 
(12 mellomliggende versjoner av 6 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
[[Bilde:Kilegrend bedehus 002.jpg|thumb|Kilegrend bedehus {{byline|Olav Momrak-Haugan|2011}}]]'''[[Kilegrend bedehus]]''', òg kalla ''Saron'', ligg sør i [[Fyresdal kommune]]. Bedehuset vart bygd i 1917. I Kilegrend har bedehuset Saron og gravplassen [[Lønnegrav]] mykje felles over lengre tid.
{{thumb|Kilegrend bedehus 002.jpg|Kilegrend bedehus.|Olav Momrak-Haugan|2011}}
'''[[Kilegrend bedehus]]''', òg kalla ''Saron'', ligg sør i [[Fyresdal kommune]]. Bedehuset vart bygd i 1917. I Kilegrend har bedehuset Saron og gravplassen [[Lønnegrav gravplass|Lønnegrav]] mykje felles over lengre tid.


Saron er gnr. 25/26 og vart skyldsett frå garden [[Sundsli]] i 1912. Tomta skulle ha vegrett til vatnet. I 1913 fekk [[Fyresdal Indremisjonsforening]] skøyte frå Kjetil Hansson S. Sundsli (1878-1953). Bedehuset vart bygd i 1915, og tradisjonen seier at [[Jon Kiland]] kosta dette åleine. Her var mykje aktivitet i mange år framover.
Saron er gnr. 25/26 og vart skyldsett frå garden [[Sundsli (Fyresdal)|Sundsli]] i 1912. Tomta skulle ha vegrett til vatnet. I 1913 fekk [[Fyresdal Indremisjonsforening]] skøyte frå Kjetil Hansson S. Sundsli (1878-1953). Bedehuset vart bygd i 1915, og tradisjonen seier at [[Jon Kiland]] kosta dette åleine. Her var mykje aktivitet i mange år framover.


Til [[Moland kyrkje (Fyresdal)|Moland kyrkje]] og bedehus oppe i kyrkjebygda var det lang og tungvint reise, enten med båt eller over fjellet [[Våmur]]. Dette var ikkje minst tungvint ved gravferd, og det vart difor tidleg eit ynskje om å lage til ein gravplass lokalt i Kilegrend.  
Til [[Moland kyrkje (Fyresdal)|Moland kyrkje]] og bedehus oppe i kyrkjebygda var det lang og tungvint reise, enten med båt eller over fjellet [[Våmur]]. Dette var ikkje minst tungvint ved gravferd, og det vart difor tidleg eit ynskje om å lage til ein gravplass lokalt i Kilegrend.  


I sjølve grenda er det grunnlendt og ikkje egna til dette, slik at valet fall på husmannsplassen [[Lønnegrav]]. Denne ligg på andre sida av sundet der bedehuset seinare vart bygd. Frå bedehuset ser ein rett over til Lønnegrav. Gravplassen vart teken i bruk i 1880-åra.
I sjølve grenda er det grunnlendt og ikkje egna til dette, slik at valet fall på husmannsplassen [[Lønnegrav gravplass|Lønnegrav]]. Denne ligg på andre sida av sundet der bedehuset seinare vart bygd. Frå bedehuset ser ein rett over til Lønnegrav. Gravplassen vart teken i bruk i 1880-åra.


Då bedehuset kom i bruk for gravferder, vart det bygd ein støpul med klokke her. Når høgtida var avslutta inne i bedehuset, vart det ringt med klokka på vanleg måte. Slik fekk dei som heldt på ved grava signal om at no var fylgjet snart på veg. Før det kom veg fram til Lønnegrav, måtte ein ro kista over sundet.
Då bedehuset kom i bruk for gravferder, vart det bygd ein støpul med klokke her. Når høgtida var avslutta inne i bedehuset, vart det ringt med klokka på vanleg måte. Slik fekk dei som heldt på ved grava signal om at no var fylgjet snart på veg. Før det kom veg fram til Lønnegrav, måtte ein ro kista over sundet.
Linje 14: Linje 15:


<gallery>
<gallery>
Image:Kilegrend bedehus 008.jpg|Kilegrend bedehus i 2011 som privat hus.
Image:Kilegrend bedehus 008.jpg|Kilegrend bedehus i 2011 som privat hus. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)
Image:Kilegrend bedehus 006.jpg|Utsikt frå bedehuset til Lønnegrav gravplass. Klokkestøpulen er synleg.
Image:Kilegrend bedehus 006.jpg|Utsikt frå bedehuset til Lønnegrav gravplass. Klokkestøpulen er synleg. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)
Image:Lønnegrav  Støpul.jpg|Denne klokkestøpulen ved Lønnegrav gravplass stod tidlegare ved bedehuset. Vi ser bedehuset i bakgrunnen.
Image:Lønnegrav  Støpul.jpg|Denne klokkestøpulen ved Lønnegrav gravplass stod tidlegare ved bedehuset. Vi ser bedehuset i bakgrunnen. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)
Image:765 Begravelse i Kilegrend..jpg|Begravelse i Kilegrend 1941. Det vert rodd frå bedehuset til Lønnegrav gravplass.
Image:765 Begravelse i Kilegrend..jpg|Begravelse i Kilegrend 1941. Det vert rodd frå bedehuset til Lønnegrav gravplass. (Foto: Olav Moen, 1941)
</gallery>
</gallery>


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
* Marvik, Steinar.  ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune 1992
* Marvik, Steinar.  ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune 1992
* Veum, Lars.  ''Kilegrend. Grenda i sør''. Kilegrend Grendelag 2011
* Veum, Lars.  ''Kilegrend. Grenda i sør''. Kilegrend Grendelag 2011


[[Kategori:Kristendom i Telemark]]
[[Kategori:Bygninger i Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Bedehus]]
[[Kategori:Bedehus]]
[[Kategori:Kristendom]]
[[Kategori:Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Bygninger fra 1910-åra]]
[[Kategori:Etableringer i 1912]]
[[Kategori:Etableringer i 1912]]
[[Kategori:Kilegrend]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 23. mai 2023 kl. 08:02

Kilegrend bedehus.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Kilegrend bedehus, òg kalla Saron, ligg sør i Fyresdal kommune. Bedehuset vart bygd i 1917. I Kilegrend har bedehuset Saron og gravplassen Lønnegrav mykje felles over lengre tid.

Saron er gnr. 25/26 og vart skyldsett frå garden Sundsli i 1912. Tomta skulle ha vegrett til vatnet. I 1913 fekk Fyresdal Indremisjonsforening skøyte frå Kjetil Hansson S. Sundsli (1878-1953). Bedehuset vart bygd i 1915, og tradisjonen seier at Jon Kiland kosta dette åleine. Her var mykje aktivitet i mange år framover.

Til Moland kyrkje og bedehus oppe i kyrkjebygda var det lang og tungvint reise, enten med båt eller over fjellet Våmur. Dette var ikkje minst tungvint ved gravferd, og det vart difor tidleg eit ynskje om å lage til ein gravplass lokalt i Kilegrend.

I sjølve grenda er det grunnlendt og ikkje egna til dette, slik at valet fall på husmannsplassen Lønnegrav. Denne ligg på andre sida av sundet der bedehuset seinare vart bygd. Frå bedehuset ser ein rett over til Lønnegrav. Gravplassen vart teken i bruk i 1880-åra.

Då bedehuset kom i bruk for gravferder, vart det bygd ein støpul med klokke her. Når høgtida var avslutta inne i bedehuset, vart det ringt med klokka på vanleg måte. Slik fekk dei som heldt på ved grava signal om at no var fylgjet snart på veg. Før det kom veg fram til Lønnegrav, måtte ein ro kista over sundet.

I 1953 vart vegen over Våmur mellom Kilegrend og Moland kyrkje opna. Det vart då lettare å kome fram med bil, men enno måtte ein ro frå bedehuset til gravplassen. Så vart det bygd skogsbilveg fram til Lønnegrav i 1983, og då kunne all ferdsel gå med bil. Ved gravferd til Lønnegrav vart det då vanleg å halde høgtid i Moland kyrkje og at gravfylgjet med bilar køyrer derifrå fram til gravplassen. Det vart difor ikkje bruk for klokkestøpulen ved bedehuset som før, og den vart flytta bort til Lønnegrav. Der vert det ringt på vanleg måte ved jordpåkastinga.

Sjølve huset Saron vart mindre og mindre nytta og er i 2011 for ein del år sidan seld til privat bruk, bustad eller fritidseigedom.

Kjelder og litteratur

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Veum, Lars. Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011