Kjeldearkiv:Ola Strond: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 27: Linje 27:


/ Olav Moe.
/ Olav Moe.
'''UM SPELEMANNEN
'''Tekst av Knut Hermundstad i tidskrift for Valdres historielag 1934.
Ola Strond, har Olav Moe skrive ei gild utgreiding. Me skal leggja til dette:
Gamle Boye Kattevold på Skeie som skynar seg framifra på musikk, sa: «De ha kji vøre nokon so drevin spelemann her i bygd'n so Søynin.»
Hjå Nils Svegji og Knut Nordland lærde han Ola seg særleg gamalt bondelæte. Spelemannen Trond Eltun på Øye skulde elles ha vore overmannen hans i slikt spel. Men elles fyllte desse tvo spelemennene kvarandre ut på ein merkeleg måte. Knut Nordland som hadde havt båe i lære hjå seg, skal ha sagt: «Strønd'n e kji so go i fingo; men han har ein skamfull boge».
Ein annan gong skulde han ha sagt: «Å,'n  skulde  ha Trond-Eltun-finga o Ola-Strønd-bøge»
Ola Strond var elles hjå mange gjæve spelemenn både i Slidre og Aurdal og «stal» kunst. Henrik Kvam fortel soleis at den makelause bogeføringi hadde Ola Strond lært noko attved hjå Nils Hilme (Jør'ns-Nils), sonen til den landskjende Jørn Hilme.
Sume fortel at han Ola og Iærde å spela av dei usynlege:
''Ein haust var Stronden i reinsfjellet att. Han hadde teke inn i ei steinbu. Det var kvelden, og han låg på sengehjellen, medan elden spraka på åren. Då får han høyre so fint eit felelæte. Best lydde det nær han la hovudet ned på steinhjellen. Stronden spratt upp og ut. Men ingen ting korkje høyrde eller såg han. Da la han øyra ned pa galden. (Galden =jordbakken, jordyta, marki) No høyrde han vel same spelet. At det var dei usynlege som spelte for han, var han Ola sjølv viss på. Men forteljaren trudde det var song frå ein bekk som fossa ned på ei steinhelle, Stronden hadde høyrt. Men slåtten han høyrde, spelte Ola ofte seinare —.
''
''Ein annan gong lag og Ola i ei reinsbu åleine. Da kjem det bratt inn tvo framande karar til han. Dei sa: «De e eit bryllaup nemme ve her. Me vil gjedne ha de te spela åt uss. Fele ha me.» Dei gav seg ikkje før Stronden vart med dei. Og snart stod dei i brudlaupshuset. Der var det fullt med folk som kvirvla i kring so rovone slatt. På ein krakk sat tvo spelemenn, og Stronden fekk plass i millom dei. Stundom spelte båe dei underjordiske spelemennene. Men av og til rak den eine fela si burt i nevane til Stronden, og so laut han spela. Da det leid på, vart det spelt ein slått so hugtakande ven at Stronden vart rent maktstolen der han sat. Utpå natti fylgde dei tvo karane Stronden utatt. Og straks var han i steinbui. Den slåtten hugste han so vel um morgonen, og då han kom heim, let han slåtten uppatt.
«De va ein ta dei rèttè Stranda-låtto, dette,» legg forteljaren til, «men han hadde sjølvsagt drøymt alt i hop.»
''<br />
Ofte slo Ola Strond seg saman med Trond Eltun på Øye og for rundt og heldt konsertar. Då let dei og «byspel» etter notar. Når dei let åt storfolket i Aurdal, hadde dei vanleg ein dalar kvar for kvelden. Det er sagt at Ola Strond hadde store haugar med notar. Ola hadde lært notar i «byen». Han skulde ha lagt ut fleire mark timen for læra.<br />
I dei yngre åri var Ola til kvar vår ei spelferd til Sogn. Når det her skulde vera eit grust brudlaup, laut dei ha Strond'n til å spela. Serleg sette dei han høgt i Årdal. Mange sogningar, soleis Sjur Eldegard og andre sognaspelemenn, for over fjellet til Vang og fekk upplæring i felespell av Strond'n.
Det seier seg sjø1v at han og vart mykje nytta til spelemann i Nord-Valdres, og ikke fåe Valdres-spelemenner var hjå han og lærde.
Mang ei soga går det um dugleiken hans i felespel. Sume er visseleg meir eller mindre tilstasa. Det er soleis sagt at Stronden kunde den kunsti å late med fela på ryggen. — Han skulde og kunne late godt med grepevottar på seg. — Ein gong på Øyremarknaden på Lærdal sette han strenger på ei turrfiskstrind, og let likso godt på den som andre på ei fele. — I eit brudlaup på Brekke i Dale sette «morogauken» felestrenger på ein fjø1estubb og gjekk føre brudferdi då ho skulde til kyrkje, og let so det svara i haugane. — At han let so han fekk eit brennevinsglass til å gå fra ein ende av bordet til hin, det var ei kunst som han kunde tilliks med so mang ein spelemann. —
''Ein gong var Stronden i Luster i eit gjævt brudlaup. Da han kom åt brudlaupsgarden var han dugeleg frosen og lite upplagd til spela. Lustringane vart da — som ventande kunde vera — harme på at dei hadde fått ein slig dårleg spelemann. Og sneiord vanka. Men Stronden tok det med ro. Da humøret var som lægst, sette Stronden i med ein slått som tok lustringane med storm. Og so fylgde slått på slått med same høge kunstspel. Stronden vart reint forguda av lustringane frå den dag. —
I Årdal sette dei Stronden ikkje mindre høgt. I eit brudlaup i Årdal sat han ein gong i ein raunekall og let. Midt i ein slått slepte han ned bogen. Men Ola visste råd. Han treiv ein raunekvist og let slåtten til endes. —
Ein annan gong han var i Årdal, skulde han og ein sognaspelemann låta tvibeitslåttar (Tvibeitslått = ein slått som er leten av tvo på ein gong). Båe sat på ein lang bordkrakk, og sogningen sat ytst på enden. Dette såg Stronden, og so for skøyaren i han. Smått um senn drog han seg lenger inn på krakken, og so — reiste han seg bråt upp. Og sognespelemannen i golvet med eit brak. Men då sette Stronden i til låte slik at alle som høyrde han, gløymde alt anna og berre nilydde. —
I Årdal skulde dette og ha hendt: Ola Strond pa Søyne var beden til låte i eit brudlaup. Han kom; men han såg ikkje ut til å vera upplagd. Fela si tok han upp or skrinet og stillte ho, og klunka litt på ho med; men so la han ho bratt ned i feleskrinet att. Nedi skrinet hjå fela hadde han ein speldåse som han stal seg til å dra upp. So sette han skrinet upp på hylla. Og dermed tok det til låte i skrinet. Årdølene som aldri hadde høyrt slike speldåsar før, fekk mindre fine tankar um Stronden og spelet hans.
I Øvre Vang er det mange som er ætta frå Årdal. Ein gong det var brudlaup i Årdal, hadde årdølene bede skyldfolket sitt i Valdres ta med seg ein gild spelemann. Dei fekk med seg Stronden. Fyrste dagen han skulde spela, vart det berre ringlelæte. Då sa årdø1ene til valdrissane: «Å, hadde de kji berre spelemann ta me dikka, so kunde de ha lete han vore atte i Valdris! No lyt me freista ein tao vaore! Dei so gjorde. Men spelet var til a gråte over.
Det vart morgon andre dagen. Den morgon vart det spel! Stronden slepte seg laus som sjeldan før. Heile brudlaupslaget vart reint vilt av spelet. Folk gjorde alt Stronden bad dei anten det vart vilt eller vitugt. Han hugvende heile folkehopen, so han kunde visst spelt dei på Årdalsvatnet. Det var ikkje undrast på um ein og annan ymta um at Stronden «kunde noko».''<br />
Ola Strond var mest alltid i godlag. Ofte satt han og tala og spøkte med han let; men spelet leid ikkje noko ved det. Av og til midt i spelet, smikka han for moro eldsnogt til dei som sveiv framum. Men so rapp var han at slåtten gjekk sin gong likevel. — Var det ikkje moro i laget der Stronden spelte, so sytte han snart for at låtten stod i taket. Stundom kunde han drivet spoken i fullt langt; men han var eit slikt godmenne at folk vart mest ikkje sinte på han lel.
Det vert soleis fortalt at han stundom sette pa seg «briskjebrillor», «blinde= brillor» av brisk, for at han skulde sja morosam ut.
<br />
Ola Strond for og med å dikta småstev som han sette slåttar til. Ein slik slått kalla han «Ostebutten».
''Det går eit par sogor um korleis denne slåtten vart til. Ei lyder so: Han Nils i Brøta tente hjå presten i V. Slidre. Denne Nils-en var ein spissbur (Spissbur = skøyar, luring som fer med fantestykke.) av verste slag. Når han var på stølen for presten, var han minst dobbelt so lenge burte som han skulde vera. Ein dag laga presten seg til å fylgje han. No vilde han sjå um Nils trong so lang tid som han brukte. Nils «lukta lunta» og gjekk med presten alle dei krokvegar han kunde hitte på. Og preisten sveitta og gjekk og krabba og sveitta. Langt um lenge stod dei på Olberg. Da var presten so utmedd at Nils laut stoda han. Men no bar Nils på ein ostebutt. Denne laut han setja frå seg; men med det same kanta ostebutten ut over Olberg. — Denne hendingi fekk Stronden høyre, og so dikta han slåtten Ostebutten.''
<br />
Ein systerslatt kalla han «Brimflaska».
''Denne gjekk um ein gut som hadde slept ei brimflaske utover (Stranda —?) bergi. I slåtten høyrde du korleis flaska bykste fra klant til klant, korleis gjurdene spratt, og mysa skvatt, og guten hiksta og gret. —''<br />
Ein gong i Sogn hadde han på leven fått nokre til draga båten åt ein full mann inn i setohuset hans og kvelvt han uppa betane (Betane — tvo tverrstokkar som i dei gamle raustestogor gjekk frå ein langvegg og burti hin. Den over langbordet heitte i Valdres stundom rand (Aurdal)  eller kruna).  Det vart te ein slått med stevstubb til, som tek til so:
''«Kofør ha du stelt de so at båt'n e komin på betin?»
''
Ein annan slått som han skal ha laga ord og musikk til, lyder so:
''«Kari, Kari ko ha du vøre, du e so bosut på rygge di? Du ha vøre på Skørislåva
o støle drøse i pøsin din!»
''''Kursiv tekst''<br />
Stronden skal og ha laga fleire springslåttar som ein no ikkje veit serskilde namn på.
Ola Strond vilde gjerne at borni sine skulde dyrka musikken. Han laga soleis sjø1v vakre langhorpor åt alle døttene sine. Mest musikkalsk var kanskje den eldste, ho Kari. Ho let fele, fløyte, langhorpe og dragspel like godt.
''Ei jol ho hadde klædt seg ut til kar og teke med seg fele, trudde alle det var Søynin sjølv, når ho spelte. Men so kom jolebukkane inn på ein gard der det var jolegjestebod, og der Søynin sjølv var gjest. Då er det sagt at Søynin gjekk stad tok fela tå dotter si og sa:
«E får vel syne de at e e far din, då!» Men då skulde Søynin ha låte slik at det endå går gjetord av det.
''
Den musikalske givnad i ætti til Ola Strond er ikkje burte endå. Mange av borneborni har fin songrøyst, og sume læt eit eller anna instrument.
/ Knut Hermundstad

Sideversjonen fra 31. okt. 2012 kl. 11:35

Denne artikkelen er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1934. Olav Moe har skrivi eit stykke om spelemannen Ola Strond frå Vang i Valdres. Lenger ut i tidsskriftet har Knut Hermundstad skrive utfyllande om same spelemann.

GAMLE SPELMENN:
OLA STROND

Da hardingfela — den norske fela — i det 17de hundradåret fekk form og utstyr som norsk nasjonalinstrument med understrenger og sers tilmata overstrenger og felestille med klangfarge for dei ymse tonestykke, var Valdres av del bygdelag som fyrst eigna til seg det sermerkte instrumentet. Folketonane, som fyrr var tolka ved stut, lur, fløyte og ymse harpeformer, fekk ved hardingfela meir fullkomen utforming. Valdres hadde ogso av dei beste spelemenner heilt fra fyrst av — sers øvre Valdres. Stor framgang fekk folkemusikken med Jørn Hilme fra Solabu (Ulnes), som gav slættane finare form og rikare innhald.

Ein av dei fremste spelemenner i Valdres var Ola Strond frå Vang — Søynin dei kalla han, etter at han vart bonde pa Søyne. Han var av lærlingane til Krøsshaugen, som hadde slåttane etter Jørn Hilme. Ola Strond var av dei spelemenner som skapte eigen, personleg form i spelet sitt og ikkje gav seg med berre å spela «grammofon» etter andre.

Klart, sterkt og godt markert, med utifra stød, kraftig bogeføring, verka spelet breidt og fulltonande. Småkrotingi som Krøsshaugen var slik kar til å laga og nytta seg av, brydde Stronden seg mindre um. Det var den raude tråd, grunntonen, han vilde hava klart fram. Og det makta han til fullnads — ofte betre enn som godt var. Han hadde lært notespel, og det er farleg for ein hardingfelespelemann.

Som so mange av dei hadde ogso Stronden lett for a ofra særdåmen og ornamentikken i spelet til bate for stil og «skule». Men kom han fyrst i rett lune, so song samspelet greidt og ekte. Han var ein heilstøypt person og ekte musikkar. Difor verka han kanskje noko anleis enn ein var van med i samanlikning me slike som Krøsshaugen, Teigstolen og Knut Ringestad; dei hadde meir av Hilmedæmen over spelet sitt.

Personleg fekk eg ikkje høyre Stronden fyrr han var gamal og nedfor. Det var eit stort folkemøte i Vang i 90-åri. Saman med mange andre slidringar var ogso eg der. Ein god kjenning, som ogso var spelmann, Jens Ringestadbergene, tente den tid pa Søyne og fortalde meg um Stronden og spelet hans. Og med gode ord og lempor vart det ordna so at nokre av oss fekk koma til Søyne kvelden etter stemna. Gamlen var gjengen tilsengs da me kom. Men so snart han merka det var kome utanbygds spelmann tilgards, og tilmed høyrde feleom i huset, var det ikkje lenge fyrr han var på føtene att. Og ved eit par drammar, godprat og spel tok han snart sjø1v fela. Ein kunde rett nok merke at åri tyngde på bogen, kasti vart stivare og den tendande dam kom ikkje so godt fram; men det var ikkje vondt a skyna at den karen hadde havt makt i spelet sitt og makt over folket som høyrde han. For meg vart det ei minnerik natt.

Av slåttar, eg lærde av han den natti, var Gridhamaren, St. Tomasklokkeslåtten og Hulebakken, klagesongen då eventyrguten i Hydale vart fanga og avstraffa med livet som innsats. Det som sterkast verka på meg, og som eg alltid hev freista å halda fast på i spelet mitt, var den store, runde tonen med den breide klangen, og det at sjø1ve melodien måtte haldast høgt upp over harmonitonane jamvel i dubbeltgrip og andre små utstafferingar i spelet.

I det synte Ola Strond ny veg i folkemusikken.

/ Olav Moe.


UM SPELEMANNEN Tekst av Knut Hermundstad i tidskrift for Valdres historielag 1934.

Ola Strond, har Olav Moe skrive ei gild utgreiding. Me skal leggja til dette: Gamle Boye Kattevold på Skeie som skynar seg framifra på musikk, sa: «De ha kji vøre nokon so drevin spelemann her i bygd'n so Søynin.»

Hjå Nils Svegji og Knut Nordland lærde han Ola seg særleg gamalt bondelæte. Spelemannen Trond Eltun på Øye skulde elles ha vore overmannen hans i slikt spel. Men elles fyllte desse tvo spelemennene kvarandre ut på ein merkeleg måte. Knut Nordland som hadde havt båe i lære hjå seg, skal ha sagt: «Strønd'n e kji so go i fingo; men han har ein skamfull boge». Ein annan gong skulde han ha sagt: «Å,'n skulde ha Trond-Eltun-finga o Ola-Strønd-bøge»

Ola Strond var elles hjå mange gjæve spelemenn både i Slidre og Aurdal og «stal» kunst. Henrik Kvam fortel soleis at den makelause bogeføringi hadde Ola Strond lært noko attved hjå Nils Hilme (Jør'ns-Nils), sonen til den landskjende Jørn Hilme.

Sume fortel at han Ola og Iærde å spela av dei usynlege: Ein haust var Stronden i reinsfjellet att. Han hadde teke inn i ei steinbu. Det var kvelden, og han låg på sengehjellen, medan elden spraka på åren. Då får han høyre so fint eit felelæte. Best lydde det nær han la hovudet ned på steinhjellen. Stronden spratt upp og ut. Men ingen ting korkje høyrde eller såg han. Da la han øyra ned pa galden. (Galden =jordbakken, jordyta, marki) No høyrde han vel same spelet. At det var dei usynlege som spelte for han, var han Ola sjølv viss på. Men forteljaren trudde det var song frå ein bekk som fossa ned på ei steinhelle, Stronden hadde høyrt. Men slåtten han høyrde, spelte Ola ofte seinare —. Ein annan gong lag og Ola i ei reinsbu åleine. Da kjem det bratt inn tvo framande karar til han. Dei sa: «De e eit bryllaup nemme ve her. Me vil gjedne ha de te spela åt uss. Fele ha me.» Dei gav seg ikkje før Stronden vart med dei. Og snart stod dei i brudlaupshuset. Der var det fullt med folk som kvirvla i kring so rovone slatt. På ein krakk sat tvo spelemenn, og Stronden fekk plass i millom dei. Stundom spelte båe dei underjordiske spelemennene. Men av og til rak den eine fela si burt i nevane til Stronden, og so laut han spela. Da det leid på, vart det spelt ein slått so hugtakande ven at Stronden vart rent maktstolen der han sat. Utpå natti fylgde dei tvo karane Stronden utatt. Og straks var han i steinbui. Den slåtten hugste han so vel um morgonen, og då han kom heim, let han slåtten uppatt. «De va ein ta dei rèttè Stranda-låtto, dette,» legg forteljaren til, «men han hadde sjølvsagt drøymt alt i hop.»
Ofte slo Ola Strond seg saman med Trond Eltun på Øye og for rundt og heldt konsertar. Då let dei og «byspel» etter notar. Når dei let åt storfolket i Aurdal, hadde dei vanleg ein dalar kvar for kvelden. Det er sagt at Ola Strond hadde store haugar med notar. Ola hadde lært notar i «byen». Han skulde ha lagt ut fleire mark timen for læra.
I dei yngre åri var Ola til kvar vår ei spelferd til Sogn. Når det her skulde vera eit grust brudlaup, laut dei ha Strond'n til å spela. Serleg sette dei han høgt i Årdal. Mange sogningar, soleis Sjur Eldegard og andre sognaspelemenn, for over fjellet til Vang og fekk upplæring i felespell av Strond'n. Det seier seg sjø1v at han og vart mykje nytta til spelemann i Nord-Valdres, og ikke fåe Valdres-spelemenner var hjå han og lærde. Mang ei soga går det um dugleiken hans i felespel. Sume er visseleg meir eller mindre tilstasa. Det er soleis sagt at Stronden kunde den kunsti å late med fela på ryggen. — Han skulde og kunne late godt med grepevottar på seg. — Ein gong på Øyremarknaden på Lærdal sette han strenger på ei turrfiskstrind, og let likso godt på den som andre på ei fele. — I eit brudlaup på Brekke i Dale sette «morogauken» felestrenger på ein fjø1estubb og gjekk føre brudferdi då ho skulde til kyrkje, og let so det svara i haugane. — At han let so han fekk eit brennevinsglass til å gå fra ein ende av bordet til hin, det var ei kunst som han kunde tilliks med so mang ein spelemann. —


Ein gong var Stronden i Luster i eit gjævt brudlaup. Da han kom åt brudlaupsgarden var han dugeleg frosen og lite upplagd til spela. Lustringane vart da — som ventande kunde vera — harme på at dei hadde fått ein slig dårleg spelemann. Og sneiord vanka. Men Stronden tok det med ro. Da humøret var som lægst, sette Stronden i med ein slått som tok lustringane med storm. Og so fylgde slått på slått med same høge kunstspel. Stronden vart reint forguda av lustringane frå den dag. — I Årdal sette dei Stronden ikkje mindre høgt. I eit brudlaup i Årdal sat han ein gong i ein raunekall og let. Midt i ein slått slepte han ned bogen. Men Ola visste råd. Han treiv ein raunekvist og let slåtten til endes. — Ein annan gong han var i Årdal, skulde han og ein sognaspelemann låta tvibeitslåttar (Tvibeitslått = ein slått som er leten av tvo på ein gong). Båe sat på ein lang bordkrakk, og sogningen sat ytst på enden. Dette såg Stronden, og so for skøyaren i han. Smått um senn drog han seg lenger inn på krakken, og so — reiste han seg bråt upp. Og sognespelemannen i golvet med eit brak. Men då sette Stronden i til låte slik at alle som høyrde han, gløymde alt anna og berre nilydde. — I Årdal skulde dette og ha hendt: Ola Strond pa Søyne var beden til låte i eit brudlaup. Han kom; men han såg ikkje ut til å vera upplagd. Fela si tok han upp or skrinet og stillte ho, og klunka litt på ho med; men so la han ho bratt ned i feleskrinet att. Nedi skrinet hjå fela hadde han ein speldåse som han stal seg til å dra upp. So sette han skrinet upp på hylla. Og dermed tok det til låte i skrinet. Årdølene som aldri hadde høyrt slike speldåsar før, fekk mindre fine tankar um Stronden og spelet hans. I Øvre Vang er det mange som er ætta frå Årdal. Ein gong det var brudlaup i Årdal, hadde årdølene bede skyldfolket sitt i Valdres ta med seg ein gild spelemann. Dei fekk med seg Stronden. Fyrste dagen han skulde spela, vart det berre ringlelæte. Då sa årdø1ene til valdrissane: «Å, hadde de kji berre spelemann ta me dikka, so kunde de ha lete han vore atte i Valdris! No lyt me freista ein tao vaore! Dei so gjorde. Men spelet var til a gråte over. Det vart morgon andre dagen. Den morgon vart det spel! Stronden slepte seg laus som sjeldan før. Heile brudlaupslaget vart reint vilt av spelet. Folk gjorde alt Stronden bad dei anten det vart vilt eller vitugt. Han hugvende heile folkehopen, so han kunde visst spelt dei på Årdalsvatnet. Det var ikkje undrast på um ein og annan ymta um at Stronden «kunde noko».

Ola Strond var mest alltid i godlag. Ofte satt han og tala og spøkte med han let; men spelet leid ikkje noko ved det. Av og til midt i spelet, smikka han for moro eldsnogt til dei som sveiv framum. Men so rapp var han at slåtten gjekk sin gong likevel. — Var det ikkje moro i laget der Stronden spelte, so sytte han snart for at låtten stod i taket. Stundom kunde han drivet spoken i fullt langt; men han var eit slikt godmenne at folk vart mest ikkje sinte på han lel. Det vert soleis fortalt at han stundom sette pa seg «briskjebrillor», «blinde= brillor» av brisk, for at han skulde sja morosam ut.
Ola Strond for og med å dikta småstev som han sette slåttar til. Ein slik slått kalla han «Ostebutten». Det går eit par sogor um korleis denne slåtten vart til. Ei lyder so: Han Nils i Brøta tente hjå presten i V. Slidre. Denne Nils-en var ein spissbur (Spissbur = skøyar, luring som fer med fantestykke.) av verste slag. Når han var på stølen for presten, var han minst dobbelt so lenge burte som han skulde vera. Ein dag laga presten seg til å fylgje han. No vilde han sjå um Nils trong so lang tid som han brukte. Nils «lukta lunta» og gjekk med presten alle dei krokvegar han kunde hitte på. Og preisten sveitta og gjekk og krabba og sveitta. Langt um lenge stod dei på Olberg. Da var presten so utmedd at Nils laut stoda han. Men no bar Nils på ein ostebutt. Denne laut han setja frå seg; men med det same kanta ostebutten ut over Olberg. — Denne hendingi fekk Stronden høyre, og so dikta han slåtten Ostebutten.
Ein systerslatt kalla han «Brimflaska». Denne gjekk um ein gut som hadde slept ei brimflaske utover (Stranda —?) bergi. I slåtten høyrde du korleis flaska bykste fra klant til klant, korleis gjurdene spratt, og mysa skvatt, og guten hiksta og gret. —

Ein gong i Sogn hadde han på leven fått nokre til draga båten åt ein full mann inn i setohuset hans og kvelvt han uppa betane (Betane — tvo tverrstokkar som i dei gamle raustestogor gjekk frå ein langvegg og burti hin. Den over langbordet heitte i Valdres stundom rand (Aurdal) eller kruna). Det vart te ein slått med stevstubb til, som tek til so: «Kofør ha du stelt de so at båt'n e komin på betin?» Ein annan slått som han skal ha laga ord og musikk til, lyder so: «Kari, Kari ko ha du vøre, du e so bosut på rygge di? Du ha vøre på Skørislåva o støle drøse i pøsin din!» ''Kursiv tekst
Stronden skal og ha laga fleire springslåttar som ein no ikkje veit serskilde namn på. Ola Strond vilde gjerne at borni sine skulde dyrka musikken. Han laga soleis sjø1v vakre langhorpor åt alle døttene sine. Mest musikkalsk var kanskje den eldste, ho Kari. Ho let fele, fløyte, langhorpe og dragspel like godt. Ei jol ho hadde klædt seg ut til kar og teke med seg fele, trudde alle det var Søynin sjølv, når ho spelte. Men so kom jolebukkane inn på ein gard der det var jolegjestebod, og der Søynin sjølv var gjest. Då er det sagt at Søynin gjekk stad tok fela tå dotter si og sa: «E får vel syne de at e e far din, då!» Men då skulde Søynin ha låte slik at det endå går gjetord av det. Den musikalske givnad i ætti til Ola Strond er ikkje burte endå. Mange av borneborni har fin songrøyst, og sume læt eit eller anna instrument.

/ Knut Hermundstad