Kjetil Fjellheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. mai 2017 kl. 07:47 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetil på ein NSU 100ccm ca 1940. Biletet er teken nedanfor Vestre Tovslid.

Kjetil Fjellheim var son av Aslak Fjellheim og Bergit Kvipt. Han var fødd og oppvaksen på Fjellheim i Birtedalen 27 Juli 1915. Han vart utdanna møbelsnikkar ved skulen til Gro Kvipt, og rundt 1935 byrja han å jobbe på Skreosen Høvleri L/L saman med kameraten Sigmund Tovslid, som og gjekk i lære hjå Gro. I 1940 var han eit år i Setesdal og jobba på eit sagbruk, for så deretter i 1944 flytta han heim til Birtedalen der han tok over Kvipt. Han byrja sagbruk, Kvipt Sagbruk som låg i Laugkilen nedanfor Nigard Kile. Han hogde og tømmer og dreiv gard. Han gifta seg i 1944 saman med Anna Therese Storbekkli frå Gjøvdal, og fekk tre gutar i lag, Aslak Fjellheim f.1944, Åsmund Kvipt f. 1950 og Kjell Fjellheim f. 1956. I 1964 bygde dei nytt hus i sentrum av Fyresdal, og budde der til han døyde, 16 august 1976.