Klokkargarden (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mai 2011 kl. 08:18 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: Klokkargarden Gnr. 36/1. Fnr. 1 under Moland prestegard.thumb|Klokkargarden 2007 (Olav Momrak-Haugan) På 1700talet var Besjord klokkargard, men frå 1777 vart...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Klokkargarden Gnr. 36/1. Fnr. 1 under Moland prestegard.

Klokkargarden 2007 (Olav Momrak-Haugan)

På 1700talet var Besjord klokkargard, men frå 1777 vart ei slette bortunder Klokkarhamaren tilvist klokkaren og dette vart ein husmannsplass under Prestegarden.

Den fyrste klokkaren var ved sidan av å vere kyrkjesongar i dei tre soknekyrkjene og skulemeister. Her på Klokkargarden vart den fyrste skulen i Fyresdal kommune halden. I 1869 vart så skulehuset Meinstad bygd som kombinera skulehus og bustad for klokkaren som og framleis var skulemeister.

I 1915 fekk professor Alexander Bugge feste for 99 år mot ei årleg festeavgift på kr. 120. Dette festet tok landhandlaren Tjostov Jonson Kiland over i 1917. Han dreiv Klokkargarden og fekk i 1923 meir jord frå Prestegarden. Klokkargarden er i 2011 i privat eige.


Kjelder:

  • Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.