Kompassrose: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
'''Ei kompassrose''' som kulturminne er ein kompassfigur rissa inn på ei bergflate. Kompassroser finst ei rekkje stader langs norskekysten, særleg i tilknytning til gamle hamner. Dei fleste ser ut til å skriva seg frå 1600- og 1700-talet, men det blei også laga kompassroser både før og etter denne perioden. [[Olaus Magnus]] nemner såleis ei kompassrose på ei øy i Nordishavet i sitt historieverk om dei nordiske folka frå [[1555]]. Han daterer denne kompassrosa til slutten av 1400-talet.  

Kva funksjon hadde kompassrosene? Den funksjonelle forklaringa går ut på at kompassroser på utkikkspukt vart nytta til å peila inn retningen mot skip til havs. Det dreidde seg om fartøy som enno ikkja var synlege sett frå havnivå. Særleg for losar ville dette vera nyttig. Hard konkurranse om losoppdraga medførte at det var viktig å få auga på skip som nærma seg kysten så tidleg som mogeleg. Andre som kan ha hatt nytte av kompassroser, er til dømes militære vakter og [[kaperar]].
Kvifor laga folk kompassroser? Den funksjonelle forklaringa går ut på at kompassroser på utkikkspukt vart nytta til å peila inn retningen mot skip til havs. Det dreidde seg om fartøy som enno ikkja var synlege sett frå havnivå. Særleg for losar ville dette vera nyttig. Hard konkurranse om losoppdraga medførte at det var viktig å få auga på skip som nærma seg kysten så tidleg som mogeleg. Andre som kan ha hatt nytte av kompassroser, er til dømes militære vakter og [[kaperar]].

Ei slik funksjonell forklaring gjeld likevel ikkje alle kompassrosene, sidan ein del finst på stader som ikkje kan ha vore utkikkspukt. Ei kompassrose på Holmen i [[Berrefjord]] i Vest-Agder skal i følgje lokal tradisjon ha blitt rissa inn av sjøfolk som forliste i nærleiken, medan ei kompassrose i Rasvåg på [[Hidra]] blir knytta til eit bryllaup. Det kan såleis sjå ut som kompassroser også vart til meir tilfeldig som tidsfordriv. Dette blir støtta av at ein somme stader finn andre innrissa figurar ved sida av kompassrosene. Det dreier seg til dømes om riss av fartøy, initialar og årstal.

Sideversjonen fra 30. mai 2008 kl. 08:04

Ei kompassrose som kulturminne er ein kompassfigur rissa inn på ei bergflate. Kompassroser finst ei rekkje stader langs norskekysten, særleg i tilknytning til gamle hamner. Dei fleste ser ut til å skriva seg frå 1600- og 1700-talet, men det blei også laga kompassroser både før og etter denne perioden. Olaus Magnus nemner såleis ei kompassrose på ei øy i Nordishavet i sitt historieverk om dei nordiske folka frå 1555. Han daterer denne kompassrosa til slutten av 1400-talet.

Kvifor laga folk kompassroser? Den funksjonelle forklaringa går ut på at kompassroser på utkikkspukt vart nytta til å peila inn retningen mot skip til havs. Det dreidde seg om fartøy som enno ikkja var synlege sett frå havnivå. Særleg for losar ville dette vera nyttig. Hard konkurranse om losoppdraga medførte at det var viktig å få auga på skip som nærma seg kysten så tidleg som mogeleg. Andre som kan ha hatt nytte av kompassroser, er til dømes militære vakter og kaperar.

Ei slik funksjonell forklaring gjeld likevel ikkje alle kompassrosene, sidan ein del finst på stader som ikkje kan ha vore utkikkspukt. Ei kompassrose på Holmen i Berrefjord i Vest-Agder skal i følgje lokal tradisjon ha blitt rissa inn av sjøfolk som forliste i nærleiken, medan ei kompassrose i Rasvåg på Hidra blir knytta til eit bryllaup. Det kan såleis sjå ut som kompassroser også vart til meir tilfeldig som tidsfordriv. Dette blir støtta av at ein somme stader finn andre innrissa figurar ved sida av kompassrosene. Det dreier seg til dømes om riss av fartøy, initialar og årstal.

Johan Anton Wikander har gjort ein stor innsats for å påvisa og granska kompassroser, og Vest-Agder fylkeskommune har gjennomført eit registreringsprosjekt i fylket.

Litteratur

Wikander, Johan Anton: Kompassroser ved uthavnene. I: Agder historielag. Årsskrift. Nr. 67. 1991

Wikander, Johan Anton: Kompassrosene på Dernes og i Einarsviga. I: Dengang - på våre kanter. Årsskrift (Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand). 1992

Wikander, Johan Anton: Kompassrosen på Nautøy i Bakkarsund. I: Sjøfartshistorisk årbok. 1997 (trykt 1998)

Wikander, Johan Anton: Kulturminner i kystlandskapet. I: Agder historielag. Årsskrift. Nr 74. 1998

Wikander, Johan Anton: Kompassrosen på Høgestølen ved Foldrøyhamn. I: Sjøfartshistorisk årbok. 2002 (trykt 2004)

Wikander, Johan Anton: Solur eller kompassrose på Halten? I: Årbok for Fosen. 2003

Wikander, Johan Anton: Solur eller kompassrose ved uthavnen Kråkvåg? I: Årbok for Fosen. 2005