Krundalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
[[Bilde:Johannes_flintoe_krundalen_1834.jpg|thumb|Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum]]'''Krundalen''' er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare skulekrins i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]].  
[[Bilde:Johannes_flintoe_krundalen_1834.jpg|thumb|Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum]]'''Krundalen''' er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare [[Krundalen skule|skulekrins]] i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]].  


==Dalføret==
==Dalføret==

Sideversjonen fra 2. okt. 2010 kl. 19:07

Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum

Krundalen er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane.

Dalføret

Krundalen er ein sidedal til Jostedalen. Det er ein flat U-dal 3-400 m.o.h. omkransa av høge fjell som går aust-vest frå bygdesentrumet Gjerde i hovuddalføret og etter knapt 10 km endar i den bratte Bergsetbreen. Strekninga frå den siste garden i Krundalen, Bergset, og fram til breen, vert kalla Bergsetdalen.

Gjennom dalen renn elva Krundøla, som går saman med Jostedøla ved Gjerdekvile i hovuddalføret. Sidedalar til Krundalen er i sør stølsdalen Røykjadalen, Tverradalen og Vetlestølsdalen, og på nordsida Tufteskardet som fører til Tuftebreen. Fjella som omkransar Krundalen, er i sør Dugurdskulen, Tverranibba og Høgenibba, og i nord Kråfjellet og Haugafjellet med Haugavarden.

Busetnaden

Busetnaden i Krundalen ligg langs fylkesvegen som tek av frå fylkesvegen gjennom Jostedalen på Gjerde. Når ein har køyrt ca 1 km opp Haugabakkane, ser ein innover Krundalen mot Bergsetbreen. Gardane som høyrer til Krundalen er (frå aust) namnegardane Haugen med bruka Hjellhaug og Baggetun, Hellegård med bruket Helletun, Kruna med bruka Kvam og Øygarden, Snøtun med bruka Reina (Røysi) og Bakkane, Grov med bruka Leitehaugen og Nyørk, og Bergset med bruket Myrebø og Myrehaugen. Bruka Flatejordi og Gjerde i houvddalføret ligg òg under matrikkelgardane Haugen og Hellegård. Desse bruka rommar i dag rommar bygdesentrumet i Jostedalen med hotell, butikk, campingplass og byggjefelt. Heile dette området høyrde til den nedlagde Krundalen skulekrins.

Mellomalderbusetnaden

Ein veit ikkje sikkert når det vart fast busetnad i Krundalen, men garden Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19. Arkeologiske registreringar på Kruna 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet.[1]

Nybyggjarane på 1500-talet

Ein reknar med at heile Jostedalen, også Krundalen, vart liggjande øyde ein periode i seinmellomalderen. I det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, ei presteskatteliste som er datert til 1596, finn ein minst seks gardbrukarar i Krundalen.[2] Det var to på "Kronen" (Kruna) og fire i "Kronnedal". Dette var truleg brukarar på gardane Haugen, Snøtun, Hellegård, Grov og Bergset, noko som tyder på at dei gardsnamna er yngre. Det er ein godt etablert teori at nybyggjarane i fremre del av Jostedalen kom frå Nordfjord medan nedre del vart busett frå Sogn. Den sterkaste indikasjonen er dialekten i Jostedalen, som er eit blandingsprodukt av sognamål og fjordamål. Nybyggjarane i Krundalen var truleg frå Nordfjord, og ein indikasjon er gardsnamna Bergset og Grov attåt plassnamnet Myrehaugen, som alle kan vera import frå Nordfjord. Fjellnamnet -nibba (Høgenibba, Tverranibba) peikar òg mot Nordfjord - namnet er mest ikkje brukt i Sogn, men vanleg frå Sunnfjord og nordover.

Det viktigaste kulturminnet i Krundalen i dag er stovehuset på Kruna, bygt kring 1810. Her var det ei tid både overnattingstilbod for reisande og landhandel.

Den vesle istida

Krundalen vart hardt råka under den vesle istida. I 1684 hadde Bergsetbreen og sidebreane Tuftebreen og breen i Vetlestølsdalen) gått så mykje fram at støls- og beiteområda i Bergsetdalen var øydelagde.[3] Dette er den fyrste dokumentasjonen i historiske dokument i Noreg på at veksande brear valda økonomisk skade under den vesle istida.[4] Ei avtaksforretning frå 1742 dokumenterer at Tuftebreen (tidl. "Tverrbreen") då hadde kome heilt ned i Bergsetdalen og berre låg eit par hundre meter frå gardstunet i Bergset.[5] Dette er grunnen til at gardane Grov og Bergset i dag har stølar i Sandhaugedalen i Fåberg. Dei andre gardane har stølar i fjella kring Krundalen: Bruka under Snøtun og Kruna i Røykjadalen, og bruka under Hellegård og Haugen på Haugafjellstølen.

Notar

  1. Sivertsen 2006
  2. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  3. Tingbok for Indre Sogn, 1684 (Jostedal historielag)
  4. Nesje 2009
  5. Tingbok for Indre Sogn, 1742 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
  • Sivertsen, Ann Katrine. (2006). Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna. Masteroppgåve i arkeologi. Universitetet i Bergen.
  • Nesje, Atle. (2009). Historisk skattereduksjon som indikasjon på klimaendringar. Klima (nr. 4), 32-34.