Krundalen skule: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 10: Linje 10:


==Arkiv==
==Arkiv==
*[http://www.arkivportalen.no/arkivportalen-web/side/aktor/detaljer?aktorId=no-SFF_arkiv000000014799 Jostedal kommune. Krundalen skule] (1877-1967)(Arkivportalen)
*[http://www.arkivportalen.no/arkivportalen-web/side/aktor/detaljer?aktorId=no-SFF_arkiv000000014799 Jostedal kommune. Krundalen skule] (1877-1967) (Arkivportalen)


==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==

Sideversjonen fra 4. okt. 2010 kl. 05:38

Krundalen skule er ein nedlagd folkeskule i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. På 1700-talet var Jostedal prestegjeld delt i to skulekrinsar, og i 1860-åra vart dei delte opp i fem krinsar. Ein av dei var Krundalen krins, som femnde om matrikkelgardane Bergset, Grov, Snøtun, Kruna, Hellegård og Haugen, dermed òg Gjerde i hovuddalføret, som i dag er bygdesentrum i Jostedalen.

Krundalen var den siste av skulekrinsane i Jostedalen som fekk fastskule. Ei tid var omgangsskulen i krinsen delt i to, i ’heimste’ og ’fremste’ delen av dalen der skiljet gjekk mellom Kruna og Øygarden. Men med utvida skuletid vart det stadig vanskelegare å få leigd høveleg husrom til skulen gjennom vinteren.

I april 1897 vart kommunestyret i Jostedalen og forstandarskapet i den nyskipa Jostedal sparebank samde om at kommunen fekk overta bygningen i Jostedal prestegard som hadde høyrt til det nedlagde Jostedal bygdemagasin. Magasinbygningen vart så flytt til garden Snøtun i Krundalen og bygt om til skulehus i 1898.

Hausten 1959 vart eit nytt skulehus for krinsen teke i bruk på Snøtun, eit par hundre meter aust for det gamle. Men skulehuset fekk eit kort liv som folkeskule. I desember 1962 vedtok Jostedal kommunestyre etter lang strid å samle alle dei fem krinsane i ein ny sentralskule, og den nye Jostedal skule stod ferdig på Bjørk i Krekane i 1968. Skulebygningen i Krundalen var nokre år nytta til leirskule og har frå 1990 vore hovudkvarter og kurssenter for bedrifta Jostedalen breførarlag.

Då den nye skulen i Krundalen stod ferdig i 1959, vende Jostedal historielag seg til kommunen for å få overta den gamle skulebygningen, og i 1963 fekk laget gratis overta skulehuset med innbu. Historielaget fekk kjøpt ei tomt til skulehuset ved Jostedal prestegard, opphavleg med tanke på å byggje opp eit bygdetun. I 1989 var så skulehuset oppsett på tomta der det no står som eit lite skulemuseum i Jostedalen, berre eit steinkast frå der bygningen før stod som magasin.

Arkiv

Kjelder og litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Møtebøker for Jostedal formannskap, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane