Krundalen skule: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Krundalen skule''' er ein nedlagd folkeskule i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]]. På 1700-talet var Jostedal prestegjeld delt i to skulekrinsar, og i 1860-åra vart dei delte opp i fem krinsar. Ein av dei var [[Krundalen]] krins, som femnde om [[matrikkelgård|matrikkelgardane]] [[Bergset (Jostedalen)|Bergset]], [[Grov (Jostedalen)|Grov]], [[Snøtun (Jostedalen)|Snøtun]], [[Kruna (Jostedalen)|Kruna]], [[Hellegård (Jostedalen)|Hellegård]] og [[Haugen (Jostedalen)|Haugen]], dermed òg [[Gjerde (Jostedalen)|Gjerde]] i hovuddalføret, som i dag er bygdesentrum i Jostedalen. | '''Krundalen skule''' er ein nedlagd skulekrins og folkeskule i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]]. På 1700-talet var Jostedal prestegjeld delt i to skulekrinsar, og i 1860-åra vart dei delte opp i fem krinsar. Ein av dei var [[Krundalen]] krins, som femnde om [[matrikkelgård|matrikkelgardane]] [[Bergset (Jostedalen)|Bergset]], [[Grov (Jostedalen)|Grov]], [[Snøtun (Jostedalen)|Snøtun]], [[Kruna (Jostedalen)|Kruna]], [[Hellegård (Jostedalen)|Hellegård]] og [[Haugen (Jostedalen)|Haugen]], dermed òg [[Gjerde (Jostedalen)|Gjerde]] i hovuddalføret, som i dag er bygdesentrum i Jostedalen. | ||
Krundalen var den siste av skulekrinsane i Jostedalen som fekk fastskule. Ei tid var omgangsskulen i krinsen delt i to, i ’heimste’ og ’fremste’ delen av dalen der skiljet gjekk mellom Kruna og Øygarden. Men med utvida skuletid vart det stadig vanskelegare å få leigd høveleg husrom til skulen gjennom vinteren. | Krundalen var den siste av skulekrinsane i Jostedalen som fekk fastskule. Ei tid var omgangsskulen i krinsen delt i to, i ’heimste’ og ’fremste’ delen av dalen der skiljet gjekk mellom Kruna og Øygarden. Men med utvida skuletid vart det stadig vanskelegare å få leigd høveleg husrom til skulen gjennom vinteren. | ||
Linje 13: | Linje 13: | ||
==Kjelder og litteratur== | ==Kjelder og litteratur== | ||
*Øvregard, Kåre. (1996). ''Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane.'' Gaupne: Luster kommune. | *Øvregard, Kåre. (1996). ''Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane.'' Gaupne: Luster kommune, s. 316 og 323-325. | ||
*Møtebøker for Jostedal formannskap, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane | *Møtebøker for Jostedal formannskap, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane | ||
*Møtebøker for Jostedal historielag | *Møtebøker for Jostedal historielag | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] |
Sideversjonen fra 6. okt. 2010 kl. 07:37
Krundalen skule er ein nedlagd skulekrins og folkeskule i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. På 1700-talet var Jostedal prestegjeld delt i to skulekrinsar, og i 1860-åra vart dei delte opp i fem krinsar. Ein av dei var Krundalen krins, som femnde om matrikkelgardane Bergset, Grov, Snøtun, Kruna, Hellegård og Haugen, dermed òg Gjerde i hovuddalføret, som i dag er bygdesentrum i Jostedalen.
Krundalen var den siste av skulekrinsane i Jostedalen som fekk fastskule. Ei tid var omgangsskulen i krinsen delt i to, i ’heimste’ og ’fremste’ delen av dalen der skiljet gjekk mellom Kruna og Øygarden. Men med utvida skuletid vart det stadig vanskelegare å få leigd høveleg husrom til skulen gjennom vinteren.
I april 1897 vart kommunestyret i Jostedalen og forstandarskapet i den nyskipa Jostedal sparebank samde om at kommunen fekk overta bygningen i Jostedal prestegard som hadde høyrt til det nedlagde Jostedal bygdemagasin. Magasinbygningen vart så flytt til garden Snøtun i Krundalen og bygt om til skulehus i 1898.
Hausten 1959 vart eit nytt skulehus for krinsen teke i bruk på Snøtun, eit par hundre meter aust for det gamle. Men skulehuset fekk eit kort liv som folkeskule. I desember 1962 vedtok Jostedal kommunestyre etter lang strid å samle alle dei fem krinsane i ein ny sentralskule, og den nye Jostedal skule stod ferdig på Bjørk i Krekane i 1968. Skulebygningen i Krundalen var nokre år nytta til leirskule og har frå 1990 vore hovudkvarter og kurssenter for bedrifta Jostedalen breførarlag.
Då den nye skulen i Krundalen stod ferdig i 1959, vende Jostedal historielag seg til kommunen for å få overta den gamle skulebygningen, og i 1963 fekk laget gratis overta skulehuset med innbu. Historielaget fekk kjøpt ei tomt til skulehuset ved Jostedal prestegard, opphavleg med tanke på å byggje opp eit bygdetun. Skulehuset vart teke ned i 1978 og lagra. I 1989 var det så oppsett på tomta der det no står som eit lite skulemuseum i Jostedalen, berre eit steinkast frå der bygningen før stod som magasin.
Arkiv
- Jostedal kommune. Krundalen skule (1877-1967) (Arkivportalen)
Kjelder og litteratur
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 316 og 323-325.
- Møtebøker for Jostedal formannskap, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Møtebøker for Jostedal historielag