Kvinnherad sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. nov. 2021 kl. 08:10 av Kallrustad (samtale | bidrag) (redigering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Kvinnherad sogelag i Kvinnherad kommune vart skipa i 1983. Laget skal Vekkja interesse og forståing for lokalsoge og folkeminne. b. Hjelpa til med å samla inn, ordna og gjera tilgjengeleg alt som kan kasta ljos over livskåra til folk i farne tider, materielt og åndeleg, alt typisk museumsarbeid unnateke. Laget gjev ut skriftet Kvinnhers-minne annakvart år.

I 2019 hadde laget 227 medlemmer, nokre av dei er familiemedlemskap. I 2010-åra har det vore ein god auke i talet på medlemmer.

Leiarar

1983. 16. april Ingemar Presthus, 1983 - 1988 Otto Vikane, 1988 - 1995 Sigvald Eik, 1995 - 1999 Arnfinn Otterå, 1999 - 2002 Halvor Medhus, 2002 - 2014 Anny Nygård Mehl 2014 - 2019 Audun Eik, 2019 -

Aktivitetar

Vi har og bidrege med å ta vare på kulturminne og gjera desse kjent. Her kan nemnast Postvegen. Årsmøta våre har vore på forskjellige stader i kommunen og har då vanlegvis ei vandring på kulturhistorisk grunn på plassen. Vi har og engasjert oss i Stadnamn og vore pådrivarar for utgjeving av andre historiebøker.

Laget har vore med og arrangert kulturminnedagar og bidrege aktivt der.

Publikasjonar

Dei første bøkene vart gjeven ut ilag med Husnes Mållag. Ein del av bøkene har hatt eit gjennomgangstema, medan dei første og siste åra har bøkene hatt mange forskjellige historiar frå farne tider. Kvinnhersminne bok nr 1-6 var skildringar frå kvardagslivet og hadde heller ikkje tittel. Bok nr7 Stølsdrift i Kvinnherad. Bok nr.8 Utvandringa til Amerika. Bok nr.9 Fjorden som ferdaveg Bok nr.10 Språkstrid, Jul og Vaage. Bok nr 11 Helse i Kvinnherad. Bok nr 12 1905 i Kvinnherad. Bok nr 13 Arbeid og kvardagsliv i Kvinnherad. Bok nr 14 Det frivillige ungdomsarbeidet. Bok nr 15 Tjue bedehus og ein baptistmenighet. Bok nr 16 Husmorlaga i Kvinnherad. Bok nr 17 Førstereis. Bok nr 18 I utanrikstjeneste, å feira bryllaup, Islandsfiske. Bok nr 19 I leik og alvor

Årbøkene som ikkje det er fleire att av er digitaliserte og skal liggja på heimesida til sogelaget.

Skriftstyret for årbøkene har vore heile styret, og leiarane har vore: Anskar Bjelland, Leiv Døssland, Ivar Våge, Aasmund Taarn Sande, Jorun Torskedal, Halvor Medhus og Lars Jostein Rørvik.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer

Nettsidene til sogelaget LIGG NEDE?