Kyrkjevegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. des. 2020 kl. 02:57 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjevegen sett nordøstover mot sentrum.
Foto: Roy Olsen (2016).
Kyrkjevegen sett nordøstover mot sentrum.
Foto: Roy Olsen (2020).
Kyrkjevegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2020).
Kyrkjevegen sett sørover ved Nerbø.
Foto: Roy Olsen (2016).

Kyrkjevegen i i Midt-Telemark kommune går vest- og sørover frå Gullbringvegen i sentrum til Skyttarvegen ved Klokkarstugo.

Vegen har namn etter kyrkjene på Bøhaugen og er omlag 2 km lang. I starten av vegen ligg det einebustader, men etter kvart blir det meir jordbrukslandskap og vegen passerer fleire gardar. I 1988 blei det gjort eit offisielt namnevedtak, og «vegen Frøyatun–Veirud» fekk stadfesta namnet Kyrkjevegen.

I 1957–58 blei det anlagt veg frå Bøgata ved Frøyatun og opp til Grauteknapp til erstatning for den tidlegare bratte bakken opp frå Presteevju ved Frivoll (dagens gangveg mot Prestegarden). Året etter blei vegen vidare frå Grauteknapp forbi Lund og fram til kyrkjene utvida til fem meters breidde. Vegen Prestebrua–Grauteknapp blei vedtatt nedlagt frå 1960.

Fram til 1996 heitte det Kyrkjevegen heilt til Lundevegen. I samband med at Tandrevegen da fekk endra namn til Skyttarvegen og dei siste 200 m av Kyrkjevegen lagt til denne.

Frå sommaren 2016 til våren 2017 gjennomgjekk ein stor del av vegen fram til kyrkjene ei større oppgradering for å betre forholda for fotgjengarar.

Eigedomar i Kyrkjevegen

Nr. Bilde Om eigedomen
6
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/40, «Helland»

Eigedomen heitte Kyrkjekåsine, men fekk endra namnet til Midt-Bø ved frådeling i 1822. Garden fekk gnr. 55/2 i matrikkelen frå 1886. I 1880 kjøpte kjøpmann Godtfred Lund eigedomen og dreiv garden nokre år. I 1884 blei plassen Bøhegna, der Lund budde skild ut og fekk etter kvart bnr. 3. Ved skylddelingsforretning i 1899 heldt Lund att ein liten del av garden som i matrikkelen beheldt namnet Midt-Bø og bnr. 2. Det er denne saman med Bøhegna og bustadhuset der ein gjerne kallar «Lund» (Kyrkjevegen 25). Storparten av garden blei seld til felemakar Gunnar O. Helland. Garden fekk bnr. 11 og han gav den namnet Helland. I 1939 er garden ført opp med 55 da jord.

Bø kommune kjøpte garden Helland (gnr. 55/11) i 1990. Tunet blei skild ut som bnr. 40 og selt i 1991 til Telemarksforskning, eller Hellandtunet forsknings- og næringssenter som det heiter i dag (2020). Dei reiv den gamle låven og sette opp ny «kontorlåve». Denne blei påbygd i 2020.

7
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/324.

Tomt 62 på 1 450 m² blei skild frå prestegarden i 1955, og leigaren, Tjostolv Kiland, sette opp huset i 1959. Kiland blei tilsett som heradsagronom i Bø i 1951.
Eigarar pr. 2020, Tom Arnesen og Britt Haugland.

9
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/295.

Tomt 72 på 1 082 m² blei i 1977 skild ut som festetomt frå tomt 66 under prestegarden til Jan Tore Øygarden. Gitt bnr. 295 i 2009.

10
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/1/58, festetomt u. Prestegarden.
11
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/231.

Tomt 66 av Grauteknapp blei i 1957 skild ut som festetomt frå prestegarden til Jørgen Gunnarson Kåsa.
Eigarar frå 2009, Anne-Brita Tobro og Jørgen Kåsa.

13
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/244.

Tomt 65 av Grauteknapp på 1 631 m² blei i 1957 skild ut som festetomt frå prestegarden til Jørgen Larson Bakkemoen som bygde huset same året.
Eigarar frå 2014, Jan Anders Haugland og Ruth Draganchuk Haugland.

14 Gnr. 53/1/76, festetomt u. Prestegarden.
15
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/180.

Tomt 64 av Grauteknapp på 3 826 m² blei i 1957 skild ut som festetomt frå prestegarden til Knut Knutsen som bygde huset i 1965. Knut var g. 1920 m. Mari Norheim frå Lunde.
Eigarar frå 1975, deira born, Andrea Gogstad, Marit Rock Heisholt og Olav Knutsen.

16-28
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/1/82, festetomt u. Prestegarden, «Grauteknapp».

Her låg den fyrste faste skulen i Bø, i eit gamalt hus som blei flytt fra Fossheim. Bygningen var skral, men blei reparert og inneheldt både skulestove og lærarbustad. Skulen fekk namnet «Luthers Minde» og starta opp i 1823 og heldt fram til den nye skulen på Skogshaugen sto ferdig i 1880-åra. Sidan, og fram til 1927 blei blei huset brukt til heradstyremøter og ellers av kommunale styrer og nemnder. Seinare heldt m.a. Forsyningsnemnda og Landbrukskontoret til her. Huset blei rive i 1960. I 1939 bygde kommunen ny lærarbustad her. Storparten av den 24 da store eigedomen Grauteknapp blei lagd ut til leigetomter under prestegarden på midten av 1950-talet. Lærarbustaden blei rive i samband med at det skulle byggjast HVPU-bustader på tomta.

19
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/232.
23
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 53/236.
25
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/2, «Bøhegna»/«Midt-Bø» (Lund).

Opphaveleg husmannsplassen Bøhegna under Kyrkjekåsine (sidan Midt-Bø). I 1880 kjøpte kjøpmann Godtfred Lund garden Midt-Bø, gnr. 2, og dreiv han nokre år. I 1884 blei plassen Bøhegna, der Lund budde skild ut og fekk etter kvart bnr. 3. Ved skylddelingsforretning i 1899 heldt Lund att ein liten del av garden som i matrikkelen beheldt namnet Midt-Bø og bnr. 2. Det er denne saman med Bøhegna og bustadhuset der ein gjerne kallar «Lund». Storparten av garden blei seld til felemakar Gunnar O. Helland. I Bøhegna budde hardingfelespelaren og folkedansaren Kristiane Lund (1889–1976).

27
Foto: Roy Olsen (2020)
Same eigedom som nr. 25.
62
Foto: Roy Olsen (2020)

Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/30, Bø kyrkjegard med dei to kyrkjene.

Gamlekyrkja blei sett opp i siste havdel av 1100-talet. Den nye kyrkja blei sett opp fyrst på 1870-talet etter teikningar av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan og innvigd i 1875.

63
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/1, Bø (Midt-Bø).
75
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/10, Bø.
78
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/30 (Bø kyrkjegard).

Driftsbygning for kyrkjegarden, bygd i 2020.

80 Gnr. 56/1, Bø,

Nytt bustadhus sett opp på 1980-talet 100 m nordvest for gardstunet.

82, 84 Gnr. 56/1, Bø,

Tunet på garden. Nr. 82 er framhuset og nr. 84 er eldhuset. Låven blei rive kring 2012.

129
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/15, Rydvang.
131
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/23, «Nykås».
133
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/32, «Nyheim».
135
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/12, Nistås.
137 Gnr. 55/44, ubebygd tomt pr. 2020.
139
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/18, «Silju».

Hytte på Niståsberga.

150, 152
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 56/4, Bø (Nerbø)
Mathias Andreas Rye kjøpte garden i 1796. Folk kalla han «Majoren på Nerbø», og garden blei heitande «Majorbø».
159
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/41.
161 Gnr. 55/42. Ubebygd tomt pr. 2020.
163, 164
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/4, Åsheim.

Nytt framhus sett opp i 2016.

165
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/47, Kåsa (utskild tun, tidl. gnr. 55/5).
167
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/46.
169
Foto: Roy Olsen (2020)
Gnr. 55/11, Smedstad.

Kjelder


Koordinater: 59.41381° N 9.06002° Ø