L.P. Riksheim Treindustri AS: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Kjelder: lenker til NB Digital)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 17: Linje 17:


[[Kategori:Trevarefabrikker]]
[[Kategori:Trevarefabrikker]]
[[Kategori:Næringsliv]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Etableringer i 1939]]
[[Kategori:Etableringer i 1939]]

Sideversjonen fra 24. jun. 2013 kl. 08:44

L.P. Riksheim Treindustri AS er ein trevareprodusent i Sykkylven, starta av Lars P. Riksheim (1919-96). Riksheim kjøpte første dreiebenken sin i 1939 og byrja med dreiing i kjellaren på bustadhuset sitt.

I 1945 sette han opp ei fabrikkbygning på 100 m2. Verksemda har vore utvida fleire gonger, siste gongen i 1975, slik at firmaet i 2013 disponerer om lag 1500 m2 produksjonslokale. Hovedproduksjonen har vore delleveransar til møbelindustrien, særleg stolbein.

For å gjere drifta meir allsidig har dei også produsert trimveggar. Dessutan rekkverk for trapper og altanar på bustadhus.

I dag er selskapet hovudleverandør av bjørk limtreplater til norsk møbelindustri. Spesialitet er bearbeiding av laminerte og heiltre komponentar til sittemøblar, kjøkken, stue og bad. I tillegg produserer dei plastdetaljar for reguleringsmekanismar og glidesystem.

L.P. Riksheim har eigarinteresser i sagbruk og fabrikk i Litauen. Bedrifta kjøper skog av den litauiske staten og har langsiktige leveringsavtalar. Dei mest tidkrevjande operasjonane, som saging, tørking, sortering og pussing, vert tekne i Litauen. Så blir treverket frakta til Sykkylven for datastyrt fresing, boring, sammensetting, lakkering og dermed kvalitetssikring av heile prosessen.

Frå sine lokale på Riksheim i Sykkylven leverer dagleg leiar Asbjørn Riksheim og hans medarbeidarar produkt til møbelindustri og innreiingsføremål. Ved hjelp av ordrestyrt produksjon og Kanban-systemet er det berre fem dagars leveringstid. For bedrifta er det ein styrke å ha hand om heile produksjonskjeda, frå stokk til produkt.


Kjelder