Leisterud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leisterud
Alt. namn: Resterud (1595), Ristrud, Lesterud (1616), Listerud (1667 og 1723), Leisterud (NG), Leistrud
Fyrst nemnd: 1595 (NG 4, 224f.)]
Stad: Vestre Bagn
Sokn: Reinli
Fylke: Oppland
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 22
Postnummer: 2390

Leisterud (alt. navneform Leistrud) er ein matrikkelgard i Vestre Bagn i Sør-Aurdal. Han grensar mot Vøll og Begna i aust, Austegarde og Framgarde i vest og Torsrud og Brattrud i sør.

Navnet

Det fyrste leddet kan kome frå mannsnamnet Reistr[1], medan andre ledd er ruð, «rydning». Ein annen rydningsgard like ved, Smedsrud, vart lagt under Leisterud som øydegard.

Historie

Dei gamle hovedbøla låg på ein avsats i dalsida, på omkring 350 moh. Det vart rydda fleire garder kalla Lie der, og Liagardane er i følgje lokal tradisjon plassar som vart delt ut til seks døtrer av Leisterudbonden. Rydningen skal ha skjedd før Svartedauen. I seinmellomalderen låg garden øyde, og på 1500-talet vart han nyrydda. Skattemessig var garden opphavleg rekna som ein halvgard.

Både Leisterud og Smedsrud var kyrkjegods, tilhørande Reinli kyrkje. Ifølge jordebokea til Stavanger stift eigde kyrkja i 1626 1/2 hud i Leisterud og eit kalveskinn i Smedsrud. Begge gardar vart i 1724 kjøpt frå Sjugurd Alvsson Leistrud av prost Andreas Morland. Smedsrud vart lagt under same matrikkelnummer som Leisterud.

To bygningar var skylt bort under Ofsen i 1789. 1/2 mål åker var øydelagt i eit år, og 1/2 mæling eng i eit til to år. Skadane vart takserte til 120 riksdalar. På Smedsrud var skadane større, då det gikk to skred der som øydela fem mål åker og seks mælinger eng; skaden ble der taksert til 320 riksdalar.

Gsrdsvegen gjekk opphavleg ned Eldebakkin til Bagn, og fyrst seinare er han lagt over Leistrudgrende. Dei øvre gardane fikk bilveg så seint som i 1982.

Bruk

Delinga av garden byrja i 1743, og sidan har ei rekkje bruk vorte utskilt. De to bruka som vart oppretta ved delinga i 1743 var:

Det gamle hovudbølet på Smedsrud vart etter kvart til Nørdre Smedsrud, bnr. 1.

I tillegg kom Smedsrud

Frå Nørdre Leisterud bnr. 4
  • Smedsrudlie, seinare kalla Nørdre Lie, bnr. 15, fråseld i 1760.
    • Marilie, seinare kalla Øvre Lie, bnr. 18, fråseld frå Semdsrudlie i 1789.
  • Nedre Lie, bnr. 13, fråseld i 1761.
  • Eldebakkatn, bnr. 6, utskilt i 1885.
  • Saudalen, bnr. 5, utskilt i 1887.
  • Lafton, bnr. 43, utskilt i 1914.
  • Nymoen, bnr. 44, utskilt i 1914.
Frå Midtre Leisterud bnr. 8
  • Plassen, også kalla Lie, overtok bnr. 8, utskilt i 1838.
  • Søre Leisterud, bnr. 19, utskilt i 1888.
    • Berglund, bnr. 23, utskilt frå Søre Leisterud i 1897.
  • Grønengdalen, seinare kalla Fossnær, bnr. 20, utskilt 1888.
Frå Smedsrud bnr. 1
Andre bruk
  • Leisterudbakkin, bnr. 10, var opphavleg husmannsplass under Leisterud, men var tidleg på 1700-talet sjølveigarbruk.
    • Knutssonlie, bnr. 12, skyldsett frå Leisterudbakkin i 1823.

Frå matriklar og pantebøker

Matrikkel 1647
Gammel matrikkel MN 148 med skyld 1 hud 10 skinn
Matrikkel 1838 MN 19 med skyld 11 dalar 4 ort 19 skilling
Matrikkel 1888 Gnr. 22 med skyld 23 mark 74 øyre
Areal og antall bruk 2009

Referanser

Kjelder

Koordinater: 60.821944° N 9.538056° Ø