Lensadel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. jan. 2012 kl. 12:53 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lensadel''' tyder generelt adelsmenn som har gods og ymse særrettar i forlening frå kongen mot truskap og tenester. Det germanske ordet ''len'' har etymologisk same rot som vårt n...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lensadel tyder generelt adelsmenn som har gods og ymse særrettar i forlening frå kongen mot truskap og tenester. Det germanske ordet len har etymologisk same rot som vårt norske lån, og tilsvara det latinske feudum (brukt om lensgods) og beneficium (kongeleg gunst for øvrig).

Meir spesifikt vart lensadel brukt som nemning på den nye, høgadelege standen av grevar og friherrar (baronar) som kong Christian 5 instituerte i Danmark og Noreg i 1671, med det føremålet å styrke det nye einevaldsregimet i høve til den gamle høgadelen. Grevskapa og baronia vart tillagde kongelege godssamlingar av ein viss minstestorleik i arveleg forlening. I Noreg vart det oppretta to grevskap (Larvik og Jarlsberg) og eitt baroni (Rosendal baroni|Rosendal). Med greve- og friherretitlane følgde i tillegg til lensgodset også ei rekkje privileg som inkluderte og femnde vidare enn dei privilega som alle av adel til kvar tid hadde. Spesifikt lensadelege rettar inkluderte patronatssrett og birkerett.

Den nye standen, som i stor mon bestod av nyadla personar, skulle reknast som den mest fornemme av adel i riket. Grevane og baronane vart plasserte høgt i rangen, til dels nest under den kongelege familie, og generelt framom den gamle adelen. På sine våpenskjold kunne dei nyadla setje høvesvis greve- og friherrekrone, alternativt hjelm med elleve traller for grevar, sju for friherrar. Grevane skulle titulerast «høy- og velbårne», friherrane «høyedle og velbårne». Grevane sine yngre døtre og søner skulle ha friherretitlar, og ei grevedotter kunne til og med tiltalast som «frøken», noko som til da berre hadde vore brukt om kongsdøtre.