Lensadel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyre Lensadel tyder generelt adelsmenn som har gods og ymse særrettar i forlening frå kongen mot truskap og tenester. Det germanske ordet len har etymologisk same rot som vårt norske lån, og tilsvara det latinske feudum (brukt om lensgods) og beneficium (kongeleg gunst for øvrig).

Meir spesifikt vart lensadel brukt som nemning på den nye, høgadelege standen av grevar og friherrar (baronar) som kong Christian 5 instituerte i Danmark og Noreg i 1671, med det føremålet å styrke det nye einevaldsregimet i høve til den gamle høgadelen. Grevskapa og baronia vart tillagde kongelege godssamlingar av ein viss minstestorleik i arveleg forlening. I Noreg vart det oppretta to grevskap (Larvik og Jarlsberg) og eitt baroni (Rosendal baroni|Rosendal). Med greve- og friherretitlane følgde i tillegg til lensgodset også ei rekkje privileg som inkluderte og femnde vidare enn dei privilega som alle av adel til kvar tid hadde. Spesifikt lensadelege rettar inkluderte patronatssrett og birkerett.

Den nye standen, som i stor mon bestod av nyadla personar, skulle reknast som den mest fornemme av adel i riket. Grevane og baronane vart plasserte høgt i rangen, til dels nest under den kongelege familie, og generelt framom den gamle adelen. På sine våpenskjold kunne dei nyadla setje høvesvis greve- og friherrekrone, alternativt hjelm med elleve traller («sprinklar» i visiret på den stiliserte turnérhjelmen, sjå illustrasjon) for grevar, sju for friherrar. Grevane skulle titulerast «høy- og velbårne», friherrane «høyedle og velbårne». Grevane sine yngre døtre og søner skulle ha friherretitlar, og ei grevedotter kunne til og med tiltalast som «frøken», noko som til da berre hadde vore brukt om kongsdøtre.


Opprettinga 1671

Lensadelen vart innstifta ved to kongelege forordningar, «Grevernis Privilegier» og «Fri-Herrernis Privilegier», båe daterte 25. juni 1671. Friherre blir i Norden brukt synonymt med baron. Saman med den fyrste rangforordninga som var utferda same dagen, og innføringa av rangadelen i 1679, gjorde etableringa av lensadelen sitt til å omforme adelskapet for å få det til å passe betre med eineveldets ideologi og styringssystem. Det var ei politisk rådgjerd som skulle motverke eventuelle forsøk frå den gamle adelen si side for å vinne att dei rettane og den makta som hadde vorte fråteke dei i og med innføringa av eineveldet. Med historikaren Knut Myklands ord var føremålet frå kongens side «dels å skape en stand som skulle kaste glans over kongen og var avhengig av kongen, dels å degradere den gamle adelen ved at grevene og baronene ble stilt foran dem i rang.»[1] Og Mykland påpeikar i samband med dette at i berre eitt av dei åtte nye grevskapa (i Danmark og Noreg) var greven ein representant for den gamle adelen.

Ein av dei viktigaste nye tids menn, kongens kammersekretær (m.m.m.) Peder Schumacher, stod sentralt i utforminga av systemet med rangorden og lensadel. Han vart sjølv adla under namnet Griffenfeld same året som lensadelen vart instituert, og opphøgd til greve to år seinare, den 26. november 1673. Med grevetittelen følgde det tidlegare Tønsberg amt i forlening som nytt grevskap.


Referansar

  1. Mykland, K. 1977:140

Kjelder og litteratur