Lesja historielag: Forskjell mellom sideversjoner
Linje 25: | Linje 25: | ||
*Audun Einbu: mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka, æresmedlem. | *Audun Einbu: mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka, æresmedlem. | ||
*[[Arnfinn Kjelland]]: redaktør av årboka, støttespelar gjennom mange år. | *[[Arnfinn Kjelland]]: redaktør av årboka, støttespelar gjennom mange år. | ||
*[[ | *[[Tor Einbu]]: mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka, æresmedlem. | ||
*Otto Kornkveen: mangeårig dugnadsinnsats m.v., æresmedlem. | *Otto Kornkveen: mangeårig dugnadsinnsats m.v., æresmedlem. | ||
Sideversjonen fra 6. sep. 2021 kl. 08:19
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Lesja historielag vart starta 22. mai 1981 og hadde i første driftsåret 25 familie- og 57 enkeltpersonar som medlemer. Laget har til føremål «å vekkje interesse og skapa forståing for bygdehistorie i Lesja. Det vil arbeide for å gjera folk kjent med kulturarven vår, og verne kulturminne av alle slag i bygda».
Frå og med 1983 har laget gjeve ut årsskrift kvart år utanom 1988, da laget var medutgjevar av boka Setrane i Lesja. I tillegg har laget organisert draktopptog, jonsokfeiringar, turar, informasjonsinnsamling om stadnamn, matklokker, kverner, rosemåling m.m., rekonstruert Verkensstugu på Filling og Lorkverna m.m.
I 2019 hadde laget 160 medlemer. Medlemstalet varierer noko frå år til år, og har lege mellom 130 og 180. Dei fleste er passive medlemer.
Leiarar
- Ola Jo Botheim 1981-1985
- Andreas Morken 1986-1990
- Sigmund Sæther 1991-1995
- Hans Avdem 1996
- Odd Reidar Hole 1997-2004
- Kai Ove Riise 2005
- Odd Reidar Hole 2006
- Ola Utgaard 2007-2009
- Bengt Flagestad 2009-2010
- Oddvar Romundset 2011- d.d.
Andre sentrale personar
- Øystein Mølmen: intiativtakar til stiftinga, sentral i styret dei første åra, æresmedlem.
- Audun Einbu: mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka, æresmedlem.
- Arnfinn Kjelland: redaktør av årboka, støttespelar gjennom mange år.
- Tor Einbu: mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka, æresmedlem.
- Otto Kornkveen: mangeårig dugnadsinnsats m.v., æresmedlem.
Aktivitetar
Årboka Restaurering og drift av Lorkverna - industrihistorisk museum og sosial møteplass med drift av anlegg, turstig, rasteplassar, skiløype m.v. Kulturelle arrangement med lokalhistorisk vinkling Registrering og tilrettelegging av kulturminne Markdagar - ekskursjonar til kulturminne m.v. 2019 Kommunen eig digital bildesamling, historielaget er aktiv brukar Historielaget har heimeside og face-book-side som begge er i aktiv bruk Aktiviteten i laget har vore jamt aukande i mange år. Tusenårsskiftet var eit merkeår da historielaget gjekk i gang med restaureringa og oppbygginga av Lorkvern-området
Publikasjonar
- Boka "Setrane i Lesja" 1988
- Boka "Kakejern" 2016
- Boka "Rosemåling i Lesja"
Kjelder og litteratur
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Lesja historielag på Digitalt museum.
- Lesja historielag på KulturNav
- Årsmeldingar i Årsskrift for Lesja historielag 1983-
- Heimeside