Lesja historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. sep. 2021 kl. 08:13 av Kallrustad (samtale | bidrag) (grovredigering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Verkenstugu på Filling 2007.
Foto: Arnfinn Kjelland

Lesja historielag vart starta 22. mai 1981 og hadde i første driftsåret 25 familie- og 57 enkeltpersonar som medlemer. Laget har til føremål «å vekkje interesse og skapa forståing for bygdehistorie i Lesja. Det vil arbeide for å gjera folk kjent med kulturarven vår, og verne kulturminne av alle slag i bygda».

Frå og med 1983 har laget gjeve ut årsskrift kvart år utanom 1988, da laget var medutgjevar av boka Setrane i Lesja. I tillegg har laget organisert draktopptog, jonsokfeiringar, turar, informasjonsinnsamling om stadnamn, matklokker, kverner, rosemåling m.m., rekonstruert VerkensstuguFilling og Lorkverna m.m.

I 2019 hadde laget 160 medlemer. Medlemstalet varierer noko frå år til år, og har lege mellom 130 og 180. Dei fleste er passive medlemer.

Leiarar

  • Ola Jo Botheim 1981-1985
  • Andreas Morken 1986-1990
  • Sigmund Sæther 1991-1995
  • Hans Avdem 1996
  • Odd Reidar Hole 1997-2004
  • Kai Ove Riise 2005
  • Odd Reidar Hole 2006
  • Ola Utgaard 2007-2009
  • Bengt Flagestad 2009-2010
  • Oddvar Romundset 2011- d.d.

Andre sentrale personar

Øystein Mølmen. Intiativtakar til stiftinga. Sentral i styret dei første åra. Æresmedlem. Audun Einbu. Mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka. Æresmedlem Arnfinn Kjelland. Redaktør av årboka. Støttespelar gjennom mange år. Tor Einbu. Mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka. Æresmedlem Otto Kornkveen. Mangeårig dugnadsinnsats m.v. Æresmedlem

Aktivitetar

Årboka Restaurering og drift av Lorkverna - industrihistorisk museum og sosial møteplass med drift av anlegg, turstig, rasteplassar, skiløype m.v. Kulturelle arrangement med lokalhistorisk vinkling Registrering og tilrettelegging av kulturminne Markdagar - ekskursjonar til kulturminne m.v. 2019 Kommunen eig digital bildesamling, historielaget er aktiv brukar Historielaget har heimeside og face-book-side som begge er i aktiv bruk Aktiviteten i laget har vore jamt aukande i mange år. Tusenårsskiftet var eit merkeår da historielaget gjekk i gang med restaureringa og oppbygginga av Lorkvern-området

Publikasjonar

  • Boka "Setrane i Lesja" 1988
  • Boka "Kakejern" 2016
  • Boka "Rosemåling i Lesja"


Kjelder og litteratur