Lo (Nord-Fron gnr. 246/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lo (Nord-Fron)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Lo
Lo bryllaup.jpg
Frå bryllaupet til Rønnaug Lo og Ole Chr. Hvattum (1910).
Sted: Sorperoa
Fylke: Innlandet
Kommune: Nord-Fron
Gnr.: 246
Bnr: 1

Lo er ein gard i Sorperoa i Nord-Fron kommune (gnr. 246/1). Gardsnamnet, som finst fleire stader i Noreg, tyder «lågtliggande engeslette». Lo har om lag 420 mål dyrka jord, 1700 mål skog og 2000 mål anna areal. I 1998 var det 30 mjølkekuer her. Lo har sæter på Hattdalen, før Lisæter (Høgsætra). Garden har på 1900-talet vore rekna som ein av dei mest moderne i Nord-Fron, men har allikevel fleire gamle, ærverdige bygningar, mellom anna våningshus frå 1734 og eldhus med drengestugu frå 1754. I 1865 var det heile ti husmannsplassar under Lo, som då fødde sju hestar og 44 kuer.

Frå Lo stammar mellom anna det praktfulle drikkehornet på Maihaugen, «Osjukahornet». På garden kan det òg ha lege ein forhistorisk steinkrins, noko det framleis er fleire av i nabobygda Sør-Fron. I Hiorthøys topografiske skildring av Gudbrandsdalen (1775) fortel han at det ved «Lo er mange Kiempegrave og stensatte Kredse».

Garden vart sterkt skadd av Storofsen i 1789. Elva Møgla tok nytt far mot jordet og husa på Lo. Av åkeren, som då var på 70 mål, vart 20 mål øydelagt av elva. Mykje av enga på 30 mælingar vart nedøyra av stein og grus. To av husmannsplassane vart heilt øydelagde. Plassen Storodden, som seinare vart sjølveigarbruk, var ein av desse. Nye hus vart bygd opp att på ei anna tomt.[1]

Veterinæren Amund Lo (1864-1941) vaks opp på Lo, som son av Lodver Iversen og Rønnaug Hansdotter Lo (sjå eigarlista nedanfor).

Modernisering

«Osjukahornet» frå Lo var ein av dei fyrste gjenstandane Anders Sandvig kjøpte inn til samlinga på Maihaugen. Hornet kan vere gjort på 1400-talet. Namnet Osjukahornet kjem truleg av at den som drikk av hornet, ikkje blir sjuk.
Foto: Maihaugen/Digitalt Museum

Iver Lo (fødd 1911) tok over Lo i 1934, berre 23 år gammal. Faren Ole Chr. Hvattum døydde i 1918, i Spanskesjuka, og mora Rønnaug dreiv garden vidare med hjelp av forpaktarar. Iver Lo tok over ein gard som var mellom dei mest moderne i Fron, og i hans eiga tid heldt det fram med mekanisering og effektivisering på Lo. I åra før krigen bygde han og kona Margit nytt fjøs og vatningsanlegg, dei kjøpte traktor (ein av dei fyrste i bygda) og ny sjølvbindar, og inne fekk dei lagt inn oppvaskkum i kjøkkenet og montert varmtvasstank og bad.

I krigsåra dreiv Iver Lo våronn med traktoren over heile bygda, og på hausten treska han på mange gardar. I 1949 overtok han den fyrste skurtreskaren i bygda, som Ener Søberg på garden Bø hadde kjøpt. Kyrne hadde blitt mjølka med maskin sidan 1930-åra, og i 1951 kom det mjølkemaskin på sætra òg. I 1960 kjøpte han fôrhaustar, og i 1971 kom det mjølketank.

Maskinene gjorde etter kvart arbeidsfolka på garden overflødige, men prosessen tok tid. I 1934 var det fire faste gardskarar på Lo, attåt innejente og to budeier på sætra. I 1953 var det framleis sveiser og to karar, og husmannen på Lohaugen høyrde framleis til garden. Han løyste ikkje ut plassen før i 1965.

Sonen Amund (1942-) tok over i 1974 og fortsette moderniseringa, mellom anna med vatningsanlegg med vogner og rundballepressing av graset. Han heldt òg fram med nydyrkinga som faren hadde byrja med.[2]

Eigarar

Garden har lenge vore i same slekt, truleg sidan 1660-talet, men brukarane her var leiglendingar til 1836. Etter at Lo vart sjølveigande gard, har staden hatt desse eigarane:

  • Lodver Iversen (1836-1885)
  • Iver Lodversen (1885-1908)
  • Rønnaug Iversdotter Lo, gift med Ole Chr. Hvattum (1908-36)
  • Iver Olsen Lo (1936-74)
  • Amund Lo (1974-)

Husmannsplassar

Ungane til Rønnaug Lo og Ole Chr. Hvattum.
Foto: Hans H. Lie (1918)
  • Lohaugen
  • Lostugu (Bergset)
  • Nedre Lostugu
  • Øvre Lostugu
  • Øvre Odden (Kolodden), fråskilt i 1946 (bnr. 25)
  • Ytre Odden
  • Vetl-Odden (Myrvoll), fråskilt i 1931 (bnr. 6)
  • Storodden, fråskilt i 1847 (bnr. 2)
  • Lomoen
  • Grinda
  • Steinbakken, nedlagt
  • Salmakarstugu
  • Johimen
  • Martinmoen
  • Dokkastugu
  • Giverhaugen
  • Rustad

Referansar

  1. Hovdhaugen 1974, s. 120-121.
  2. Øvrelid 1991, s. 169-172.

Kjelder og litteratur