Lokalhistoriewiki:Hovedside
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ukas artikkelDen norske Industri- og Kunstudstilling i Christiania var en landsutstilling som ble avholdt 16. juni til 21. oktober 1883. Utstillingens formål var å presentere norske produkter og produktutvikling over et bredt spekter. Publikumsbesøket var imidlertid ikke helt som forventet, da det denne sommeren var et spesielt dårlig vær. Hovedbygningen for industriutstillingen fylte hele Tullinløkka hvor også Kristian IVs gate og Frederiks gate inngikk i utstillingsområdet, mens kunstavdelingen var på Nisseberget i Slottsparken. Her var også et himmelobservatorium med en stjernekikkert som en av attraksjonene. Les mer...Smakebiter fra artiklene
Elsa Laula Renberg (f. 29. november 1877 i Vilhelmina eller Susendalen, d. 22. juli 1931 i Brønnøy) var ein sørsamisk politisk aktivist. Ho er særlig kjent som forfattaren til skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena (1901) og som hovudarrangør av det aller første samiske landsmøtet, som vart heldt i Trondheim den 6.–9. februar 1917. Elsa Kristina Larsdotter Laula vart fødd den 29. november 1877 på Gardfjäll ved grensa mellom Vilhelmina kommun og Storumans kommun av mora Kristina Josefina Larsdotter (1847–1912) og faren Lars Thomasson Laula (1846–1899, frå Susendalen i Hattfjelldal). Ho voks opp i Suofo (Såafoe) ved Dikanäs i Vilhelmina kommun. Av Folkräkningen 1890 går det fram at Elsa Stina hadde ein eldre bror (Tomas Leonard, f. 1874) og fire yngre søsken (Jonas Petter Ture (f. 1880), Maria Katarina (f. 1882), Klemet Eugénius (f. 1886) og Kristofer Damanius (f. 1887)). Som heimstad er oppgjeve Lappska allmogen. I 1891 fikk ho ein bror til, Mattias Larsson Laula. Mattias og faren drukna i 1899. Elsa begynte på jordmorutdaninga ved Södra barnbördshuset i Stockholm, men fullførte av ukjente grunnar aldri den utdaninga. Derimot vart ho kjent for foredraga sine i Stockholm. Les mer … Live Moen (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstuen etter ein plass under Lyngve i Vårdalen (Garmo sokn), der familien budde ei tid medan Live var barn. Ho flytta til Skjåk da ho gifta seg, og vart buande der livet ut. Live Moen var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928. Les mer …
Ragna Viken Nyhus (fødd i Skjåk 15. juni 1900, død same stad 12. april 1967) var husmor og vevar. Ho var engasjert i politikk og kvinnesak, mellom anna som aktiv i Skjåk arbeidarkvinnelag. Ho stod som kandidat på ei rein, tverrpolitisk kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.Ragna Nyhus var dotter til Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Ragna var den sjuande i ein syskenflokk på ni. Den sist fødde av syskena døydde som spedbarn, og tre døydde i ung alder. Da Ragna var fødd, var foreldra plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad. Les mer …
Torø Hørven (Hyrve) (fødd i Skjåk 5. desember 1893, død 2. august 1968 same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar, leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928 .Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Arbeiderdemokratane, der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare, stod sentralt, saman med Ola O. Aanstad og sonen Kristen Aanstad. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener. Les mer …
|
Ukas bilde
Aktuelt
Om lokalhistoriewiki.nolokalhistoriewiki.no drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), men artikler skrives og bilder lastes opp av frivillige med interesse og kompetanse innen områdene den dekker, og både faghistorikere og amatører er velkomne som bidragsytere. Wikien har nå 77 315 artikler og 217 763 bilder, og om du vil bidra kreves det kun at du registrerer deg. Via forsideoversikten eller røde lenker i artiklene kan du se om noen allerede har begynt å arbeide innenfor ditt interessefelt, og via sidene om wikien og redigeringshjelp får du starthjelp. |