Loveleen Rihel Brenna: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:
* 2001 – ''Djulaha! : om å forstå annerledeshet'' (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001 – ISBN 82-7634-438-0)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=010817794&kid=biblio BIBSYS]</ref>
* 2001 – ''Djulaha! : om å forstå annerledeshet'' (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001 – ISBN 82-7634-438-0)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=010817794&kid=biblio BIBSYS]</ref>
* 2004 – ''Sangam! : integrering og inkludering'' (Bergen: Fagbokforlaget, 2004 – ISBN 82-7674-937-2)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=030291232&kid=biblio BIBSYS]</ref>
* 2004 – ''Sangam! : integrering og inkludering'' (Bergen: Fagbokforlaget, 2004 – ISBN 82-7674-937-2)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=030291232&kid=biblio BIBSYS]</ref>
* 2007 – ''Marasim'' (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2007 – ISBN 978-82-7634-630-5)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=060318643&kid=biblio BIBSYS]</ref>
* 2007 – [https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014070905079 ''Marasim'' (Kristiansand: Høyskoleforlaget], 2007 – ISBN 978-82-7634-630-5)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=060318643&kid=biblio BIBSYS]</ref>
* 2008 – [https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018052548123 ''Manzil : mangfoldig ledelse og utvikling''] (Oslo: Cappelen akademisk, 2008 – ISBN 978-82-04-13592-6)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=080595782&kid=biblio BIBSYS]</ref>
* 2008 – [https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018052548123 ''Manzil : mangfoldig ledelse og utvikling''] (Oslo: Cappelen akademisk, 2008 – ISBN 978-82-04-13592-6)<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=080595782&kid=biblio BIBSYS]</ref>



Sideversjonen fra 5. apr. 2019 kl. 08:01

Loveleen Rihel Brenna (fødd 6. oktober 1967 i India) er ein forfattar frå Agder. Faren hennes var sikh og mora var hindu. Ho kom til Kristiansand i 1972 saman med foreldra sine.

Loveleen Rihel Brenna er utdana i pedagogikk, psykologi og sosialpedagogikk med vidareutdaning i migrasjon og fleirkulturell forståing, og ho driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv òg foredrags- og kursverksamheit kring dette. Tidlegare har ho blant anna arbeidd ved innvandrarkontoret og barnevernstenesta i Kristiansand kommune og vore prosjektleiar for frukostseminar i samband med Groruddalssatsinga til Husbanken.

Loveleen Rihel Brenna har vore rådsmedlem i Verdikommisjonen, ho har fått Ole Vig-prisen for brubyggjarinnsats (1997), og i 2000 fikk ho Integreringsprisen for innsatsen sin for å skapa betre forhold for integrering.

Frå januar 2004 har Loveleen Rihel Brenna vore leiar for Foreldreutvalet for grunnskulen, først for perioden fram til 2007, og deretter attutnemnt for fire år til. Ho sitt òg i styret for Universitetet i Agder og Norges Røde Kors. Tidlegare har ho vore fagrådsmedlem i Norsk Filminstitutt og sete i styret for VOX-instituttet.

Bibliografi

Sakprosa

  • 1997 – Mulighetenes barn : å vokse opp med to kulturer. (Oslo: Cappelen, 1997 – ISBN 82-02-16180-0)[1]
  • 2001 – Djulaha! : om å forstå annerledeshet (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001 – ISBN 82-7634-438-0)[2]
  • 2004 – Sangam! : integrering og inkludering (Bergen: Fagbokforlaget, 2004 – ISBN 82-7674-937-2)[3]
  • 2007 – Marasim (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2007 – ISBN 978-82-7634-630-5)[4]
  • 2008 – Manzil : mangfoldig ledelse og utvikling (Oslo: Cappelen akademisk, 2008 – ISBN 978-82-04-13592-6)[5]

Kjelder

Fotnotar

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Loveleen Rihel Brenna» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.