Lulesamisk: Forskjell mellom sideversjoner
(+ litt i Arjeplog) |
(→Alfabet: æ ofte diftong: eæ) |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
:''ie, oa, uo'' | :''ie, oa, uo'' | ||
Vokalen ''æ'' blir òg uttala som diftong av mange: ''eæ''. Andre uttalar han som ein lang ''æ''-lyd. | |||
Ein del konsonantlydar blir skrivne med to bokstavar: | Ein del konsonantlydar blir skrivne med to bokstavar: |
Sideversjonen fra 31. jul. 2009 kl. 11:22
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språkleg mellom nordsamisk i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særleg Sørfold, Hamarøy og Tysfjord kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlege Gällivare, Jokkmokk og delar av Arjeplog kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen.
Alfabet
Det moderne lulesamiske alfabetet er, med eldre former i parentes:
- Aa Áá Bb Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Ŋŋ (= Ńń, Ññ) Oo Pp Rr Ss Tt Uu Vv (= Ww) Ææ=Ää Åå
I tillegg kjem diftongane:
- ie, oa, uo
Vokalen æ blir òg uttala som diftong av mange: eæ. Andre uttalar han som ein lang æ-lyd.
Ein del konsonantlydar blir skrivne med to bokstavar:
- dj, nj, sj, tj, ts
I tillegg blir desse bokstavane bruka i lånord:
- Cc, Qq, Xx, Yy, Zz, Øø=Öö