Lunnøy: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Tillegg)
Linje 54: Linje 54:
== Skule ==
== Skule ==


Før Lunnøy fekk eige skulehus i 1936, fekk ungane undervisning i søre stova i eit av bustadhusa. Læraren kom til øya og underviste ungane to veker om gongen. Det var tidvis vanskeleg å oppretthalda skulen, og i slike år henta dei ungar frå andre øyar som i dei to vekene budde hos slektningar. Skulen ble nedlagt i 1959. Kommunen selde huset som blei ombygd til fritidsbustad.
Før Lunnøy fekk eige skulehus i 1936, fekk ungane undervisning i stova i eit av bustadhusa. Læraren kom til øya og underviste ungane to veker om gongen. Det var tidvis vanskeleg å oppretthalda skulen, og i slike år henta dei ungar frå andre øyar som i dei to vekene budde hos slektningar. Skulen ble nedlagt i 1959. Kommunen selde huset som blei ombygd til fritidsbustad.
 
Lunnøy var ein av dei første av 15 skulekrinsar i kommunen som i 1920 førte inn [[Språkskiftet til nynorsk i Austevoll|nynorsk som opplæringsmål]]. Lærebøker som kunne skaffast på nynorsk, vart straks kjøpte inn i motsetning til i dei fleste andre skulekrinsane. Ved ein bispevisitas i 1928 i kyrkja på Stolmen var ei 13 år gamal jente frå Lunnøy den einaste som brukte nynorsk når ho sa fram tekstar frå salmeboka, katekisma og forklaringa. Dette  vart grundig kommentert av den ihuga nynorskmannen biskop [[Peter Hognestad]] som stod for visitasen. 


== Veg og kai ==
== Veg og kai ==

Sideversjonen fra 16. okt. 2015 kl. 05:44

Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg ein gravhaug der frå yngre jernalder og klebersteinsbrot fleire stader på øya. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet [1]. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og brukarane var fiskarbønder. I 2014 er det to fastbuande att. Fleire fritidsbustader har blitt bygd der dei siste tiåra.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Når ein ser øya frå nord, skrår ho austover. Dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag.[2]

Gravhaug og klebersteinsbrot

På ein av dei høgaste haugane, Grefta, ligg ein gravhaug frå yngre jernalder. Gravhaugen er ikkje utgravd, men vart tidfesta av ein arkeolog i 1950-åra.[3]

Det er fleire merke etter klebersteinsuttak på øya. I Naustvika og på Grøneviksnakkane er det gryteemne som ein ikkje har greidd å løysa frå berget. Det er funne ei klebersteinsgryte her. I Gjermundsvika tok ein ut fiskesøkke og stein til garn og nøter fram til omkring 1900. Det er funne ei spesiell borvinne som truleg vart brukt til å bora hol i fiskesøkka og notsteinane.[4]

Busetjing

Lars Eriksen (1584-1669) rydda Lunnøy i 1630-åra. Sidan han er nemnd som øydegardsmann, var øya busett før, men låg øyde fordi menneska truleg døydde ut under Svartedauden. Lars Eriksen har difor gjenrydda Lunnøy. Fram til 1667 var øya krongods, dvs. at det var kongen som eigde jorda og som fekk bygsel- og skatteinntektene. Frå 1667 eigde Peder Andersen bruket, og frå 1684 til 1834 var Enkjefattighuset i Bergen eigar av dei to bruka.

I 1669 hadde Lars Eriksen 10 kyr, hest, geiter, sauer og grisar., og han avla 15 åttingar korn [5]. Storleiken på skatt, skyld, avling og buskap viser at Lønnøy-bruket var større enn gjennomsnittsbruka i Austevoll. Under bruket var det ein husmannsplass der Størch Lundøen var husmann i 1673. Lars Eriksen hadde fiskebruk og jekt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg etter sild og brisling. Han leverte fangsten salta i tønner til oppkjøparar i Bergen og Stavanger.

Lars Eriksen var gift med Christi Gundersdotter, og dei hadde seks barn, tre søner og tre døtre.[6] Den tredje eldste sonen, Niels (1629-1708), overtok garden og sjøbruket i 1669, og i manntalet frå 1701 er han oppført som fattig bonde. Grunnen til fattigdommen er mest sannsynleg dei dårlege sildefiskeria dei siste tiåra på 1600-talet.[7] Samtidig kan dei klimatisk kalde tidene hatt negative verknader på jordbruket. Husmannen er også borte.

Matrikkelførebuinga frå 1723 fortel at det var to brukarar på øya, og dei er oppførte som fattige [8]. Det er framleis to brukarar ifølgje folketeljinga frå 1801 [9] Folketeljinga frå 1865[10]fortel at det var tre bruk her, og alle var leilendingar og fiskarar. I 1900 var det tre bruk og fire sjølveigande brukarar [11], og i 1910 var det fire bruk på øya [12].

Folketalet på Lunnøy

Manntalet frå 1664-1666 fortel at det budde fire vaksne menn på Lunnøy, og dei hadde til saman fem søner som var i byrjinga av 20-åra [13]. Kvinnene vart ikkje talde. Tala i tabellen byggjer på folketeljingane.

Folketalet 1801-2014:

År Folketal
1801 12
1865 21
1891 25
1900 27
1910 27
1940 40
1960 32
1980 4
1990 2
2014 2


Skule

Før Lunnøy fekk eige skulehus i 1936, fekk ungane undervisning i stova i eit av bustadhusa. Læraren kom til øya og underviste ungane to veker om gongen. Det var tidvis vanskeleg å oppretthalda skulen, og i slike år henta dei ungar frå andre øyar som i dei to vekene budde hos slektningar. Skulen ble nedlagt i 1959. Kommunen selde huset som blei ombygd til fritidsbustad.

Lunnøy var ein av dei første av 15 skulekrinsar i kommunen som i 1920 førte inn nynorsk som opplæringsmål. Lærebøker som kunne skaffast på nynorsk, vart straks kjøpte inn i motsetning til i dei fleste andre skulekrinsane. Ved ein bispevisitas i 1928 i kyrkja på Stolmen var ei 13 år gamal jente frå Lunnøy den einaste som brukte nynorsk når ho sa fram tekstar frå salmeboka, katekisma og forklaringa. Dette vart grundig kommentert av den ihuga nynorskmannen biskop Peter Hognestad som stod for visitasen.

Veg og kai

Etter utskiftinga i 1932 begynte mennene og gutungane å byggja veg som pliktarbeid frå heimehusa til sjøen. Kvar husstand måtte arbeida eit visst tal dagar i året. Arbeidet vart gjort med handemakt mellom onnene og fiskesesongane, og den 300 meter lange vegen sto ferdig i 1962. Det vart løyvd pengar til sprengstoff og skytebas, og først i 1950-åra fekk dei arbeidsløn. Samtidig fekk dei handboremaskin, og fram til denne tid minte dei med bor og feisel.

I 1954 vart det bygd ein 10 meter lang kai, og innbyggjarane søkte om rutebåtstopp, men fekk avslag. Dei måtte halda fram med å borda båten, men ofte la likevel rutebåten til kaien. Seinare fekk øya stjernestopp, og snøggbåten har i 2014 dagleg stopp for dei to pendlarane.

Straum, telefon og post

Like etter krigen vart det løyvd pengar til telefon. Øyfolket meinte det var viktigare å få vegen ferdig, og difor gjekk pengane til vegarbeidet. I 1954 kom telefonen. Folket var med og sette ned telefonstolpane, og for det fekk dei eit par kroner timen som vart trekt frå tilknytningsavgifta.

Elektrisiteten kom i 1956 gjennom sjøkabel frå Stolmen.

Post og aviser kom til posthuset på Rabben på Selbjørn, og den som reiste og handla matvarer og anna, henta posten til alle på øya.

Hamnearbeid

I 1965 begynte eit omfattande og lenge etterlengta hamnearbeid med mudring og anna utbetring av Vågen. Det tok 30 år frå første søknaden vart sendt til arbeidet var i gong. Grunnen var at styresmaktene var uvillige til å bruka store summar på ei hamn der det budde så lite folk. Hamna var ferdig i 1967, og etter den tid har fastbuande og hytteigarar bygd mange bryggjer og naust i Vågen.

Den nødvendige båten

For ei øy som var avhengig av båt, var det naturleg at det fanst båttypar til gjeremål som var viktige for drifta på sjøen. Båten var einaste mulegheit å koma til og frå øya, og med båten skaffa Lunnøy-folket seg nødvendige pengeinntekter. Difor har folket alltid hatt gode båtar. Det var færing, seksæring, storbåt, jekt, spelbåt, motorbåt (sjekter), gavlbåt, skøyte og slupp.

Nokre av båtane

Lars Eriksen hadde på 1600-talet fiskebruk og jekt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg silde- og brislingfisket. Han segla sjølv til Bergen og Stavanger og leverte fangsten salta i tønner til oppkjøparar.

Spelbåten Sam frå før 1900 blei rodd og segla, og denne båttypen vart brukt til ulike føremål, særleg landnotfiske og fiske på havet med liner og snøre. Skulle større og tunge varer fraktast til øya, til dømes materialar til våningshus, låvar og andre uthus, blei denne båten brukt.

Ole Ottesen Lunnøy (1880-1961) kjøpte ein 60 fots slupp og seglkutter frå England like etter 1900. Båten fekk namnet Hardangeren, og blei brukt til makrelldorging i Nordsjøen og drivgarnsfiske ved Island. På Nordsjø-fisket hadde Hardangeren eit mannskap på 7-8, og i gode sesongar dei første 20 åra av 1900-talet kunne gje kvar mann ein lut på 400 kroner. På drivgarnsfisket ved Island hadde Hardangeren med 200 tønner der silda blei salta ned. Ole slutta brått med fiskeria. På ein fiskarheim på Island kom han i kontakt med tilreisande norske emissærar, og vart omvend. Vel heime i Norge selde han båt og bruk og vart omreisande emissær.

Den 55 fots store skøyta Lundø med einsylindra 25 hk Rubb-motor vart kjøpt til øya som nybygg i 1917. Skøyta vart brukt til brislingfiske om somrane og drivgarnsfiske etter sild om vintrane. På stor- og vårsildfisket vart skøyta også brukt til hjelping, eller boms som denne funksjonen var kalla. Mellom sesongfiskeria låg skøyta sjeldan roleg, og då vart ho brukt til fraktfart. For øyfolket var skøyta svært nødvendig når det skulle fraktast større og tunge varer til for eksempel husbygging. Når eit brudepar skulle fraktast til kyrkja eller nokon skulle gravleggjast, var skøyta framkomstmiddelet. Lundø vart kondemnert og søkkt i 1965.

Etter at Lundø var kondemnert, kjøpte eigaren, Anders Grasdal, seg gavlbåt. Med den trålte han etter reke i Møksterfjorden og Selbjørnsfjorden, i Bekkjarviksundet og Stolmasundet.

Olav Lunnøy (1901-1967) kjøpte i 1936 ein 32 fots motorbåt med styrehus bak og ein liten lugar framme. Båten fekk namnet Korkjen, og hadde ein 11 hestekrefters Rapp-motor. Båten vart mellom anna brukt til forfangstsildfiske, landnotfiske og havfiske vest for øyane med line og snøre.

Opne motorbåtar mellom 20 og 25 fot, sjekter som dei blir kalla, kom til øya etter krigen, og no var det slutt på seglinga. Den første var ein ombygd seksæring med ein 4 1/2 hestekrefters Sleipner-motor. Den vanlege motoren var Sabb semidisel, og frå 1960-åra kom Sabb-diselen.

Fiskarbonden

Frå vi møter den første oppsitjaren på Lunnøy på 1600-talet og fram til den siste i 1980-åra, var lunnnøyfolket fiskarbønder som kombinerte landbruk og fiske. Nokre skaffa seg tilleggsinntekter, f. eks. garnbinding, notbøting, å laga hummar- og krabbeteiner og i mellomkrigstida og seinare nokre vekers hyre på eit fraktefartøy. [14]

I mellomkrigstida og fram til 1980-åra hadde mennene inntekter av ulikt fiske. Om vintrane reiste mannfolka på stor- og vårsildfiske, og om våren dreiv dei ulike slag garnfiske. Om sommaren hyrte mennene og dei konfirmerte sønene seg med større båtar som dreiv drivgarnsfiske ved Island fram til det tok slutt omkring 1960, og om vintrane med snurparar som dreiv fiske etter stor- og vårsild. På ettersommaren sette dei makrellgarn på faste plassar på øya. Makrellen vart salta i tunner og seld til oppkjøparar i Bergen. Den største og feitaste makrellen blei røykt, og for denne var prisen høg. I tillegg dreiv dei garnfiske med djupnegarn, trollgarn, flyndregarn og line- og snørefiske vest for øyane i kommunen og i Møksterfjorden. Større fisk som lange og brosme, vart seld til oppkjøparar eller tørka under upsene for å vera mat til kone og ungar når mennene og dei konfirmerte gutane var på vintersildfiske. Hummar- og krabbefiske om haustane, vanlegvis frå 1. oktober, gav god inntekt. Oppkjøparar reiste med skøyter til øyane i kommunen og kjøpte levande hummar og krabbe.

Det er ikkje utan grunn at ein gjev denne ufullstendige definisjonen på ein fiskarbonde: Fiskarbonden er ein mann som driv fiske og ei kvinne som driv garden. Det var kvinnene saman med dei yngste barna som tok seg av det meste på gardsarbeidet. Slik var det også på Lunnøy fordi fiskeria krevde at mannen og dei eldste sønene var bortreist i lange periodar. Den vanlege arbeidsfordelinga var at alt arbeid med husdyra fall på kvinnene og barna, men mannfolka var heime i våronna når ein skulle spa åkrane, og i slåttonna når høyet skulle i hus. Det var likevel ofte slik at nokre av mennene ikkje var til stades i slåtten. Då var dei på drivgarnsfiske ved Island.

Årssyklus

Referansar

  1. Skattelister frå 1600-talet (1647, 1657, 1664, 1657, 1668)
  2. Rygh 1910 s. 248 og Tufteland 1976 s. 134
  3. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  4. Opplyst av Lars Lunnøy 10. juli 1979
  5. Tufteland 1978 s. 139
  6. Tufteland 1978 s. 139
  7. Norges kyst- og fiskerihistorie 2014, bind 1 s.
  8. Matrikkelforarbeidet 1723
  9. Folketeljinga 1801
  10. Folketeljinga 1865
  11. Folketeljinga 1900
  12. Folketeljinga 1910
  13. Manntalet 1664-1666
  14. Folketeljingane 1801-1910 og Anders Grasdal juli 1999

Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder

  • Anders Grasdal (1917-2001)
  • Lars Lunnøy (1899-1984)
  • Marta Våge (1915-1999)

Skriftlege kjelder

Koordinater: 60.0236652° N 5.1377635° Ø