Lunnøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg ein gravhaug der frå yngre jernalder og klebersteinsbrot fleire stader på øya. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya. I 2014 er det to fastbuande att. Fleire fritidsbustader har blitt bygd der dei siste tiåra.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Når ein ser øya frå nord, skrår ho austover. Dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag.[1]

Gravhaug og klebersteinsbrot

På ein av dei høgaste haugane, Grefta, ligg ein gravhaug frå yngre jernalder. Gravhaugen er ikkje utgravd, men vart tidfesta av ein arkeolog i 1950-åra.

Det er fleire merke etter klebersteinsuttak på øya. I Naustvika og på Grøneviksnakkane er det gryteemne som ein ikkje har greidd å løysa frå berget. Det er funne ei klebersteinsgryte her. I Gjermundsvika tok ein ut fiskesøkke og stein til garn og nøter fram til omkring 1900. Det er funne ei spesiell borvinne som truleg vart brukt til å bora hol i fiskesøkka og notsteinane.

Busetjing

Lars Eriksen (1584-1669) rydda Lunnøy i 1630-åra. Sidan han er nemnd som øydegardsmann, var øya busett før, men låg øyde fordi menneska truleg døydde ut under Svartedauden. Lars Eriksen har difor gjenrydda Lunnøy. Fram til 1667 var øya krongods, dvs. at det var kongen som eigde jorda og som fekk bygsel- og skatteinntektene. Frå 1667 eigde Peder Andersen bruket, og frå 1684 til 1834 var Enkjefattighuset i Bergen eigar av dei to bruka.

Lars Eriksen hadde i 1669 10 kyr, hest, geiter, sauer og grisar., og han avla 15 åttingar korn [2]. Storleiken på skatt, skyld, avling og buskap viser at Lønnøy-bruket var større enn gjennomsnittsbruka i Austevoll. Under bruket var det ein husmannsplass der Størch Lundøen var husmann i 1673. Lars Eriksen hadde fiskebruk og jekt, og han gjorde gode turar på fiske, særleg etter sild og brisling. Han leverte fangsten salta i tunner til oppkjøparar i Bergen og Stavanger.

Lars Eriksen var gift med Christi Gundersdotter, og dei hadde seks barn, tre søner og tre døtre.[3] Den tredje eldste sonen, Niels (1629-1708), overtok garden og sjøbruket i 1669, og i manntalet frå 1701 er han oppført som fattig bonde. Omkring 30 år etter at han overtok bruket, har det av ein eller annan grunn gått dårleg økonomisk for Lunnøy-mannen. Husmannen er også borte. Matrikkelførebuinga frå 1723[4] fortel at det var to brukarar på øya, og dei to bøndene er oppførte som fattige. Det er framleis to brukarar ifølgje folketeljinga frå 1801 [5] Folketeljinga frå 1865[6]fortel at det var tre bruk her, og alle var leilendingar og fiskarar. I 1900 var det tre bruk og fire sjølveigande brukarar, [7] og i 1910 var det fire bruk på øya [8].

Folketalet på Lunnøy

Manntalet frå 1664-1666 fortel at det budde fire vaksne menn på Lunnøy, og dei hadde til saman fem søner som var i byrjinga av 20-åra [9]. Kvinnene vart ikkje talde. Tala i tabellen byggjer på folketeljingane desse åra.

Folketalet 1801-2014:

År Folketal
1801 12
1865 21
1891 25
1900 27
1910 27
1940 40
1960 32
1980 4
1990 2
2014 2


Skule

Før Lunnøy fekk eige skulehus i 1936, fekk ungane undervisning i søre stova i eit av bustadhusa. Læraren kom til øya og underviste ungane to veker om gongen. Det var tidvis vanskeleg å oppretthalda skulen, og i slike år henta dei ungar frå andre øyar som i dei to vekene budde hos slektningar.

Veg og kai

Etter utskiftinga i 1932 begynte mennene og gutungane å byggja veg som pliktarbeid frå heimehusa til sjøen. Kvar husstand måtte arbeida eit visst tal dagar i året. Arbeidet vart gjort med handemakt mellom onnene og fiskesesongane, og den 300 meter lange vegen sto ferdig i 1962. Det vart løyvd pengar til sprengstoff og skytebas, og først i 1950-åra fekk dei arbeidsløn. Samtidig fekk dei handboremaskin, og fram til denne tid minte dei med bor og feisel.

I 1954 vart det bygd ein 10 meter lang kai, og innbyggjarane søkte om rutebåtstopp, men fekk avslag. Dei måtte halda fram med å borda båten, men ofte la likevel rutebåten til kaien. Seinare fekk øya stjernestopp, og snøggbåten har i 2014 dagleg stopp for dei to pendlarane.

Telefon og straum

Like etter krigen vart det løyvd pengar til telefon. Øyfolket meinte det var viktigare å få vegen ferdig, og difor gjekk pengane til vegarbeidet. I 1954 kom telefonen. Folket var med og sette ned telefonstolpane, og for det fekk dei eit par kroner timen som vart trekt frå tilknytningsavgifta.

Elektrisiteten kom i 1956 gjennom sjøkabel frå Stolmen.

Hamnearbeid

I 1965 begynte eit omfattande og lenge etterlengta hamnearbeid med mudring og annan utbetring av Vågen. Det tok 30 år frå første søknaden vart sendt til arbeidet var i gong. Grunnen var at styresmaktene var uvillige til å bruka store summar på ei hamn der det budde så lite folk. Hamna var ferdig i 1967, og etter den tid har fastbuande og hytteigarar bygd mange bryggjer og naust i Vågen.

Referansar

  1. Rygh 1910 s. 248 og Tufteland 1976 s. 134
  2. Tufteland 1978 s. 139
  3. Tufteland 1978 s. 139
  4. Matrikkelforarbeidet 1723
  5. Folketeljinga 1801
  6. Folketeljinga 1865
  7. Folketeljinga 1900
  8. Folketeljinga 1910
  9. Manntalet 1664-1666

Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder

  • Anders Grasdal (1917-2001)
  • Lars Lunnøy (1899-1984)
  • Marta Våge (1915-1999)

Skriftlege kjelder

Koordinater: 60.0236652° N 5.1377635° Ø