Møre infanteriregiment nr 11 under andre verdenskrig: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 12: Linje 12:


===Utgruppering av bn II på Dombås 13. april===
===Utgruppering av bn II på Dombås 13. april===
Bn II hadde vore inne til nøytralitetsvakt på [[Madla]] ved [[Stavanger]] i ca 2 månader og vart dimittert 1. april. Ved innleveringa vart delar av utrustninga merkt med namnet til dei soldatane som hadde brukt ho slik at ny utleverings skulle kunne skje raskt. M.a. av den grunn var bn II meldt stridsklar allereie 13. april og vart kl 1930 av [[Hærens Overkommando]] beordra til Dombås. Bataljonen lasta opp på [[Raumabanen]] og var framme på Dombås kl 2300.
Bn II hadde vore inne til nøytralitetsvakt på [[Madla]] ved [[Stavanger]] i ca 2 månader og vart dimittert 1. april. Ved innleveringa vart delar av utrustninga merkt med namnet til dei soldatane som hadde brukt ho slik at ny utleverings skulle kunne skje raskt. Mellom anna av den grunn var bn II meldt stridsklar allereie 13. april og vart kl 1930 av [[Hærens Overkommando]] beordra til Dombås. Bataljonen lasta opp på [[Raumabanen]] og var framme på Dombås kl 2300.


Grunnen til at bataljonen vart sendt til Dombås var ikkje at HOK venta tysk fallskjermangrep, men at bn skulle sikre kommunikasjonsknutepunktet mot sabotasje og flybombing, og seinare delta i eit alliert forsøk på å ta att Trondheim.
Grunnen til at bataljonen vart sendt til Dombås var ikkje at HOK venta tysk fallskjermangrep, men at bn skulle sikre kommunikasjonsknutepunktet mot sabotasje og flybombing, og seinare delta i eit alliert forsøk på å ta att Trondheim.

Sideversjonen fra 1. jul. 2010 kl. 21:07

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Møre infanteriregiment nr 11 kunne som det einaste i Sør-Noreg[1] mobilisere tilnærma normalt i dagane etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940. Regimentet skulle ved mobilisering sette opp desse avdelingane på Setnesmoen ved Åndalsnes:

  • Feltbataljon I med stabskompani, 3 geværkompani (kp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (kp 4), sjef kaptein Gunnar Juel
  • Feltbataljon II med stabskompani, 3 geværkompani (kp 5, 6 og 7) og 1 mitraljøsekompani (kp 8), sjef kaptein Ivar Navelsaker
  • Landvernbataljon med stabskompani, 3 landvernkompani (Landvkp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (Mitrkp), sjef major Einvald Uri

I tillegg fekk regimentet snart tilført ei avdeling som 9. april var oppsett i Trondheim, den såkalla magasinvakta. Seinare under felttoget sette regimentet opp ein bataljon til av tilleggsmannskap frå IR 11 og Sør-Trøndelag infanteriregiment nr 12 (IR 12) med 3 geværkompani og 2 mitraljøsetropper og major Alf Kjøs fra Oppland infanteriregiment nr 5 (IR 5) som sjef. Denne er seinare omskrive som feltbataljon III/IR 11.

Operasjonane regimentet var involvert i

Landvernbataljonen: vakthald i Romsdalen og sikring av engelske styrkar

Landvernbataljonen vart i første del av felttoget utgruppert på Åndalsnes, Veblungsnes og Hen i Isfjorden med to kompani (begge forsterka med mitr.tropp) for vakthald og forsvar mot sjøen. Resten av bataljonen vart forlagt til vakthald oppover Romsdalen.

Utgruppering av bn II på Dombås 13. april

Bn II hadde vore inne til nøytralitetsvakt på Madla ved Stavanger i ca 2 månader og vart dimittert 1. april. Ved innleveringa vart delar av utrustninga merkt med namnet til dei soldatane som hadde brukt ho slik at ny utleverings skulle kunne skje raskt. Mellom anna av den grunn var bn II meldt stridsklar allereie 13. april og vart kl 1930 av Hærens Overkommando beordra til Dombås. Bataljonen lasta opp på Raumabanen og var framme på Dombås kl 2300.

Grunnen til at bataljonen vart sendt til Dombås var ikkje at HOK venta tysk fallskjermangrep, men at bn skulle sikre kommunikasjonsknutepunktet mot sabotasje og flybombing, og seinare delta i eit alliert forsøk på å ta att Trondheim.

Bataljonen vart gruppert ut slik:

  • Kp 5 (kapt Olav Sandnes) sør for Dombås stasjon med front nedover dalen
  • Kp 6 (kapt Olav Kavli) og kp 7 (lt Olaf Rypdal) nord og nordvest for stasjonen
  • Kp 8 (lt Mathias Berstad) med 3 mitraljøsetroppar ved stasjonen

Kamp mot dei tyske fallskjermjegrane på Dombås 14. - 19. april

Søndag 14. april kl 1100 fekk øvstkommanderande for dei tyske invasjonsstyrkane i Oslo ordre direkte frå Der Führer i Berlin om å sette seg fast på Dombås ved hjelp av fallskjermsoldatar. Hensikten var å sperre jernbanen for engelske styrkar tyskarane feilaktig trudde hadde gått i land på Åndalsnes dagen før.

Kl 1700 tok så mellom 12 og 15 tyske transportfly av frå Fornebu med eit kompani på ca 180 mann (Kp 1 av I/Fallschirmjägerregiment 1) med løytnant Herbert Schmidt som sjef. Veret var vanskeleg, flya vart spreidde og fallskjermjegrane sleppte over eit stort område. Berre 7 fly kom attende til Fornebu; resten måtte naudlande eller vart skotne ned av norske styrkar.

Hovudstyrken av tyskarane, 63 mann, samla seg sør for Dombås, kjempa hardnakka og sperra Gudbrandsdalen for nesten all trafikk i nesten fem døgn før dei vart nedkjempa av norske styrkar frå IR 11 og IR 5.

Samanstøyt med Kp 5 ved Li 14. april

Lt Schmidt med ein del av hovudstyrken sette straks i mars mot Dombås i ein drosje som dei rekvirerte frå sjåføren, medan bn II om kvelden 14. april sendte ut patruljar i fleire retningar for å fange fallskjermjegrane. To lastebilar med mannskap frå Kp 5 og magasinvakta frå Trondheim køyrde sørover Dombåsbakkane til Li der dei støytte saman med ein del av tyskarane som var på veg mot Dombås og kom i kamp. Dei norske opna eld først, men tyskarane angreip attende med automatvåpen og handgranatar. Her vart den tyske sjefen hard såra.

Nordmennene trakk seg så attende til Dombås, medan tyskarane trakk seg om lag 2 km sørover til Rausandhaugen, eit område med bratte sandmelar ovanfor tunet på Hågåvollen der dei etablere forsvarsstilling.[2] Samstundes sendte dei sprengningsfolk opp på jernbanelina som kl 2300 vart sprengd på tre stader.

Kp 5 angriper tyskarane ved Rausandhaugen 15. april

Styrke frå IR 5 under kaptein Austlid blir nedkjema ved Rausandhaugen 15. april

Kaptein Eiliv Austlid vart ved mobiliseringa av Oppland infanteriregiment nr 5Terningmoen ved Elverum sjef for Kp 4, eit mitraljøsekompani oppsett med 4 små troppar a 2 mitraljøselag. Kompaniet var 14. april beordra til Hamar for sikring av byen, men da Hærens overkommando fekk melding om angrepet på Dombås vart Austlid med halvparten av kompaniet beordra til å dra til Dombås med tog.

Styrken gjekk av toget ved Brennhaug stasjon 15. april kl 0700, lasta over på bilar og rykka nordover mot Dovre sentrum og Dombås. På same tid var store delar av regjeringa på Brennhaug og dei følgde etter soldatane. På Dovre vart det pause der kaptein Austlid hadde telefonsamband med bnsjef Navelsaker på Dombås og vart orientert om samanstøytet med Kp 5 tidlegare på dagen. Men Navelsaker visste på det tidspunktet ikkje at tyskarane hadde ei stilling med front sørover ved Hågåvollen, knapt ein km sør for Ulekleivstillinga.

Kaptein Austlids bilkolonne køyrde rett inn i tyskarane sine skotfelt ved Hågåvollen og vart tekne under eld. Austlid gjekk til motangrep og fall saman med 6 andre soldatar frå kompaniet. Resten, 28 mann, vart tekne til fange av tyskarane. Tidlegare skildringar av hendingane har framstilt Austlid framrykking frå Dovre som «uaktsom» og «feilaktig situasjonsbedømmelse»[3], men nyare forsking har påvist at Austlid vart utsett for utilbørleg press frå sentrale regjeringsmedlemer og han vart i 2009 tildelt Noregs høgste militære dekorasjon, Krigskorset med sverd, post morten for innsatsen.[4].

Nytt framstøt mot stillinga ved Rausandhaugen nordfra 15. april

Nytt angrep frå Kp 5, tyskarane rømmer Ulekleivstillinga 16. april

Avsluttande angrep på tyskarane på Lindsø 18.-19. april

Bn I i kamp ved Fåvang og Ringebu 24. april

Den delen av bn I som deltok ved Dombås - Lindsø returnerte til hovudstyrken om kvelden 19. april. Bataljonen heldt frma vaktteneste øvst i Romsdalen og bortover Lesja. Bataljonen fekk rett nok ved midnatt 19. april ordre om snarast å laste opp på tog for avmarsj til Gudbrandsdalen, men transporten vart ikkje gjennomført før 23. april. Bataljonen vart da sendt til Fåvang og underlagt 2. divisjon. Divisjonen beordra ei forsvarsstilling langs elva Tromsa ved Fåvang med ein kombinert styrke under leiing av major Torkildsen.

Forsvarskamp ved Vinstra 25. april

(meir tekst kjem)

Bn III i kamp ved Innset og i Folldalen 26. april -

(meir tekst kjem)

Retrett og demobilisering 25. april - 2. mai

(meir tekst kjem)

Kjelder og litteratur

  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Rapport fra Møre infanteriregiment nr 11. Krigen i Romsdal og Nordre Gudbrandsdal i tiden 11/4 - 2/5 1940. Stensilert kopi ved biblioteket Høgskulen i Volda

Referanser

  1. Løseth, Arnljot 1996: Likskap og lagdeling. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal III 1920-1972 s. 255.
  2. Årflot s. 54 påpeiker at dette området i litteratur om desse kampane er kalla Ulekleiv, men at dei gardane ligg litt lengen nord
  3. M.a. Munthe-Kaas 1955 s. 36.
  4. Krigskorset utdeles for første gang på 60 år på Regjeringen.no